Aberlady

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Aberlady

Kyrkja i Aberlady
Kyrkja i Aberlady
Plassering
Aberlady is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region East Lothian
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

873
Koordinatar 56°1′″N 2°52′″WKoordinatar: 56°1′″N 2°52′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer EH32 xxx
Telefon-retningsnummer 0 1875
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aberlady

Aberlady (skotsk-gælisk Obar Lìobhaite) er ein landsby i regionen East Lothian i Skottland. Han har kring 900 innbyggjarar.

Aberlady ligg på austkysten av Skottland sør for Firth of Forth. Han ligg om lag åtte kilometer nordvest for Haddington og 30 km austom Edinburgh.

I mellomalderen var Aberlady ein viktig hamneby på austkysten, og vart omtalt som the Port of Haddington (Haddingtons hamn). I dag er landsbyen først og fremst kjent for verneområda i Aberlady Bay. Aberlady vart det første verneområdet med status som Local Nature Reserve i 1952, sidan har det fått vernestatus som Site of Special Scientific Interest, Special Protection Area og Ramsarområde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]