East Lothian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
East Lothian
Aest Lowden
Lodainn an Ear
ScotlandEastLothian.png
Geografi
Areal
679 km²
Administrasjonsstad
Haddington
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

96 100
141,5 /km²

East Lothian (låglandsskotsk Cooncil o Aest Lowden, skotsk-gælisk Siorrachd Lodainn an Ear) er ein av 32 regionar i Skottland og eit statthaldarskap. Han grensar til City of Edinburgh, Scottish Borders og Midlothian. Det administrative senteret er Haddington, men den største byen er Musselburgh.

Regionan vart oppretta i 1996 ut frå distriktet East Lothian som sidan 1975 hadde høyrt til regionen Lothian. I tillegg vart byen Musselburgh og Inveresk-området ein del av regionen. Desse hadde tidlegare vore ein del av grevskapet Midlothian.

Grevskapet East Lothian vart nedlagt i 1975 og grensa tidlegare til grevskapet Midlothian i vest og grevskapet Berwick i sør. Grevskapet heitte Haddingtonshire fram til 1921. På denne tida førte grenseendringar til at fleire landsbyar utanfor Edinburgh (t.d. Whitecraig) vart ein del av East Lothian.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 55°55′N 2°45′W