Abu Kamal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Abu Kamal
البوكمال
by
Eufrat sett frå Abu Kamal
Land  Syria
Guvernement Deir ez-Zor guvernement
Distrikt Abu Kamal-distriktet
Høgd 175 moh.
Koordinatar 34°27′13″N 40°56′12″E / 34.45361°N 40.93667°E / 34.45361; 40.93667
Folketal 66 589  (2008)
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Abu Kamal
34°27′00″N 40°55′07″E / 34.45°N 40.918611111111°E / 34.45; 40.918611111111
Wikimedia Commons: Al-Bukamal

Abu Kamal eller al-Bukamal er ein by aust i Syria ved Eufrat nær grensa til Irak. Eufrat deler Abu Kamal i to område: Shamiyya (som høyrer til Levanten) og Jazira (som høyrer til Mesopotamia) Al-Jazira, eit sletteområde som består av det nordaustlege Syria og nordvestlege Irak, og som skil seg markant frå Den syriske ørkenen og den nedre, lågare delen av det sentrale Mesopotamia. Abu Kamal er eit økonomisk blømande jordbruksområde med kvegdrift, og dyrking av korn og bomull. Her ligg òg den historiske staden Dura-Europos og det gamle kongedømet Mari.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

I osmansk tid vart Abu Kamal kalla Kışla, som lokalt vart uttalt «qashla», som igjen er eit tyrkisk ord for 'militær forlegning'. Namnet «Qashla» er framleis kjend som eit anna namn på staden.[1] Namnet «Al-Bukamal» (arabisk البوكمال) tyder 'familien Kamal', og Kamal var eit folk som budde der, medan namnet Abu Kamal tyder 'faren til Kamal'.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

I romartida var Abu Kamal, som ein del av Mesopotamia, ein viktig handelsstasjon mellom Romarriket og India. Han vart erobra av Zenobia og vart ein del av kongedømet Palmyra.

Tidleg i islamsk tid vart styret av Jazira ofte delt med Armenia. Under Mu'awiyah (guvernøren av Syria som seinare grunnla Umayyade-kalifatet), vart styret av al-Jazira ein del av styret av Syria.

På 1600-talet var Abukamal eller Ebukemal setet for ein osmansk sanjak i Eyaletet Ar Ruha, som i dag er Sanliurfa. Det var eit kaza-senter i Zor Mutasarrıflığı (Distriktet Zor), som hadde senter i Deyrizor før det osmanske styret enda i 1918.[2]

Frankrike okkuperte Abu Kamal i lag med Dair Azzour i 1921 og sette ein stor garnison her. I 1946 vart han ein del av det sjølvstendige Syria. Stillinga til regionen ved grensa til Syria og Irak, særleg etter den amerikanske invasjonen av Irak, har gjort byen til eit viktig handels- og politisk senter.

Amerikansk åtak[endre | endre wikiteksten]

Måndag 27. oktober 2008 utførte fire USA-amerikanske helikopter eit raid mot landsbyen Sukkariyeh i Abu Kamal. Dette var det første kjende raidet til USA i Syria. Meldingar rapporterte om at minst sju menneske hadde mista livet, fire av dem barn.[3][4] Abu Kamal ligg nær Qaim, ein grenseovergang for irakiske opprørarar og åstad for Operasjon Steel Curtain i november 2005. Den syriske utanriksministeren Walid Muallem sa då at «Drap på sivile er i følgje folkeretten ei terroristhandling.»[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 20110506-Syria Toponymic factfile (PDF), pcgn - The Permanent Committe on Geographical Names, henta 8. august 2021 
  2. http://tarihvemedeniyet.org/ekutuphane107
  3. «'US helicopter raid' inside Syria» (på engelsk). 27. oktober 2008. 
  4. Al-Jazeera
  5. «Syria hits out at 'terrorist' US» (på engelsk). 28. oktober 2008. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]