Aklavik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aklavik
busetnad
Land  Canada
Kart
Aklavik
68°13′13″N 135°00′43″W / 68.2203°N 135.012°W / 68.2203; -135.012
Wikimedia Commons: Aklavik

Aklavik (engelsk uttale /əˈklævɪk/, inuvialuktun Akłarvik, med tydinga 'grizzlybjørn-stad'[1]) er ein busetnad i Inuvik-regionen i Nordvestterritoria i Canada. Fram til 1961 var staden, med eit folketal på over 1500, regionalt administrasjonssenter for styresmaktene i territoriet.

På grunn av flaum fleire gonger i området bygde styresmaktene ut den nye busetnaden Inuvik 63 kilometer (39 mi) aust for Aklavik. Denne nye staden var meint å erstatta Aklavik fullstendig, men mange av innbyggjarane på staden valde å ikkje flytta, og heldt Aklavik i live som busetnad. I 2018 hadde han eit folketal på 623.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Busetnaden
Canada Post-konto i Aklavik

Aklavik byrja utvikla seg tidleg på 1900-talet etter at Hudson's Bay Company opna ein handelspost her i 1912. Den katolske kyrkja grunnla ein misjon her i 1926. Aklavik ligg ved Peel Channel, og blei eit transportsenter på Mackenzieelva. Busetnaden ligg òg i eit godt fangstområde.

Aklavik blei del av Northwest Territories and Yukon Radio System (NWT&Y) i 1925. NWT&Y var eit pionersystem som spelte ei kritisk rolle i kommunikasjonstilbodet i Nord-Canada. Det blei drive av Royal Canadian Corps of Signals (RC Sigs). NWT&Y-stasjonen i Aklavik hadde kallesignalet VEF.

I 1949 skipa den kanadiske marinen ein signaletterretningsstasjon i Aklavik. Han var i drift til 1961. Etter at han blei stengd blei operasjonen flytta til ein nybygd stasjon i Inuvik.

På 1950-talet hadde staden over 1600 innbyggjarar. Men Peel Channel var utsett for flaum, og elvebreiddene blei vaska vekk. Dei gjentekne flaumane førte til at styresmaktene vedtok å byggja ein ny busetnad i noverande Inuvik, og planla å avvikla Aklavik.[1]

På 1960-talet skipa rektoren ved skulen i Aklavik, A.J. (Moose) Kerr, ein komite for å redda busetnaden. Innsatsen verka, og Aklavik har halde fram som samfunn. Den lokale skulen er kalla opp etter han.[2]

Fortau i Aklavik

Staden har ein skule med rundt 150 elevar frå barnehagealder til 12. klasse (K-12).[3] Aurora College tilbyr vaksenundervising ved Community Learning Centre.[4]

Det er tre landhandlar på staden: Aklavik General Store, Stantons Northern Store, sistnemnde driven av The North West Company.[4] Det finst ein stasjon her for Royal Canadian Mounted Police med tre personar, eit helsesenter med fire sjukepleiarar, og eit kontor for Canada Post. Aklavik Lodge og Aklavik Inn (Bessie's Boarding House) har rom for besøkande. Det finst også to taxiselskap her.[4]

Som dei fleste busetnadane i nord har Aklavik eit samfunnshus og ein idrettshall knytt til skulen. Noko som er mindre vanleg er at det også er ein symjehall her.[2]

Ein kan berre nå staden luftvegen, via Aklavik/Freddie Carmichael Airport, og om vinteren på ein isveg direkte frå Inuvik over elvene i Mackenziedeltaet. Når elva er open, vanlegvis frå juni til september,[5] kan sjøfly nytta Aklavik Water Aerodrome.

Landkrav[endre | endre wikiteksten]

Aklavik er ein av dei få stadene i NVT som er del av landkrava til to ulike urfolksgrupper. Han er rekna med i både Inuvialuit Settlement Region og Gwich'in Settlement Region.[6][7]

Inuvialuitfolk, som fekk sitt krav Inuvialuit Final Agreement stadfesta i 1984,[8] er representerte gjennom Aklavik Community Corporation, som er del av Inuvialuit Regional Corporation.[9]

Gwich'infolk i Aklavik er dekka av Gwich'in Comprehensive Land Claim Agreement, som blei underskrive i 1992.[10] Dei er representerte gjennom Ehdiitat Gwich'in Council og av Aklavik First Nation.[11] Ehdiitat Gwich'in Council er igjen del av Gwich'in Tribal Council.[12]

Innfødde folk[endre | endre wikiteksten]

Inuvialuitfolk i Aklavik, ei inuittisk gruppe, er hovudsakleg uummarmiutar. Dei er etterkomarar etter nunamiutar, inupiatfolk som vandra hit frå Alaska tidleg på 1900-talet. Etter konfliktar med dei lokale siglitfolka i byrjinga, blei det etterkvart samkvem og giftarmål mellom dei to gruppene. Siglitfolk leid store dødstal som følgje av nyinnførte infeksjonssjukdommar.[13] Inuittane snakkar uummarmiutun, som er særs likt inupiaq, men er gruppert i lag med inuvialuktun.[14]

Gwich'infolk tilhøyrer First Nations, og er ei gruppe denefolk frå Arktis. Dei held til i delar av Alaska i USA, og Yukon og NVT i Canada. Språket deira er gwichʼin, som høyrer til dei athabaskiske språka.[15]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Aklavik har subarktisk klima (Dfc), typisk for Nord-Canada, med milde somrar og kalde vintrar som varer det meste av året. Makstemperaturer ligg ofter under nullpunktet. Det kan opptre frost til eikvar tid på året.

Vêrdata for Aklavik/Freddie Carmichael Airport
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgaste humidex 10,5 2 8,1 16,6 27,8 35,7 35,5 33,8 26,5 16,4 4,3 5,5 35,7
Høgast målte °C 6,7 9,4 11 14,2 25 31,8 33,9 31,9 27,6 17 6,7 10 33,9
Gjennomsnittleg maks °C −22,3 −21,7 −16,4 −6,7 4,6 16,5 18,4 15 7,6 −4,9 −17 −20,9 −4
Døgnmiddeltemperatur °C −26,3 −25,7 −21,7 −12,5 −0,1 11,4 13,9 10,9 4,4 −7,6 −20,7 −24,7 −8,2
Gjennomsnittleg min °C −30,2 −29,8 −27 −18,2 −4,8 6,2 9,4 6,8 1,2 −10,2 −24,2 −28,4 −12,4
Lågast målte °C −51 −52,2 −48,9 −42,2 −25,6 −6,7 −11,1 −3,9 −14 −35,1 −45,6 −47,8 −52,2
Lågaste vindavkjøling −59,8 −61,5 −52,8 −46 −31,5 −11,4 0 −6 −16,4 −41,1 −49,7 −56,4 −61,5
Gjennomsnittleg nedbør mm 15 11,9 13,8 8 14,8 19,4 40,6 41,7 30,6 32,6 22 15,6 265,8
Gjennomsnittleg regn mm 0 0 0 0,1 5,4 18,5 40,6 41,3 23,7 0,3 0 0 129,8
Gjennomsnittleg snø cm 15 11,9 13,8 8 9,5 0,9 0 0,4 6,9 32,3 22,2 15,6 136,3
Gns. nedbørsdagar (≥ 0.2 mm) 7,8 7,8 7,1 5,3 5,8 7,1 10,8 11,3 12,5 11,6 9,9 8,9 105,8
Gns. dagar med regn (≥ 0.2 mm) 0 0 0 0 2,1 6,7 10,8 11,3 10,4 0,5 0 0 41,9
Gns. snødagar (≥ 0.2 cm) 7,8 7,8 7,1 5,2 3,8 0,3 0 0,1 2,2 11,5 9,9 8,9 64,6
Gns. solskinstimar i månaden 13 94 177 277 297 401 276 206 95 72 22 0 1 930
Kjelde 1: Environment Canada Canadian Climate Normals 1981–2010[16]
Kjelde 2: Danish Meteorological Institute (sun, 1931–1960)[17]

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Busetnaden
Befolkningsutvikling
År Bef. ±%
1971 661
1976 781 +18,2 %
1981 721 −7,7 %
1986 763 +5,8 %
1991 801 +5,0 %
1996 727 −9,2 %
2001 632 −13,1 %
2006 594 −6,0 %
2011 633 +6,6 %
2016 590 −6,8 %
2021 536 −9,2 %

Ved folketeljinga i 2021 utført av Statistics Canada hadde Aklavik 536 innbyggjarar som budde i 216 av dei totalt 274 private bustadane på staden, ei endring på -9,2 % frå innbyggjartalet på 590 i 2016.[18]

Som med mange andre busetnadar i NWT er store delar av innbyggjarane, her 93,2 %, urfolk. Til skilnad frå mange andre stader har Aklavik urfolk frå ulike grupperingar: 53,4 % inuittar, 33,9 % First Nations4,2 % métis og 8,5 % som ikkje er urfolk.

Kjende folk frå Aklavik[endre | endre wikiteksten]

  • Frank Carmichael, fangstmann og folkevald for Mackenzie West and Mackenzie Delta
  • Nellie Cournoyea, Premier of the Northwest Territories
  • Glenna Hansen, Commissioner of the Northwest Territories
  • Robert C. McLeod, folkevald for Inuvik Twin Lakes
  • Abe Okpik, den fyrst inuitten som blei folkevald til Legislative Assembly of the Northwest Territories og var føregangsmann for Project Surname for å erstatta disc number-systemet
  • Rick Rivet, sahtu-métis ny-ekpresjonistisk målar
  • Vince Steen, forlkevald for Nunakput
  • Willie Thrasher, musikar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Northwest Territories Official Community Names and Pronunciation Guide». Prince of Wales Northern Heritage Centre. Yellowknife: Education, Culture and Employment, Government of the Northwest Territories. Arkivert frå originalen 13. januar 2016. Henta 13. januar 2016. 
  2. 2,0 2,1 Moose Kerr School at the Beaufort-Delta Education Council Arkivert 15. April 2008 ved Wayback Machine.
  3. «Moose Kerr School at Windows Around the World». Arkivert frå originalen 21 March 2014. Henta 20. februar 2008. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Northwestel phone directory
  5. Nav Canada's Water Aerodrome Supplement. Effective 0901Z 26 March 2020 to 0901Z 22 April 2021.
  6. «Inuvialuit Settlement Region». Arkivert frå originalen 22. juni 2015. Henta 20. mai 2010. 
  7. Gwich'in Settlement Region Arkivert 24. september 2010 ved Wayback Machine.
  8. Inuvialuit Land Claim, arkivert frå originalen 22. august 2016, henta 22. desember 2022 
  9. Corporate Structure Arkivert 29. januar 2010 ved Wayback Machine.
  10. Gwich'in Arbitration Panel Arkivert 6. juli 2011 ved Wayback Machine.
  11. «Ehdiitat Gwich'in Council». Arkivert frå originalen 18. januar 2011. Henta 20. mai 2010. 
  12. GTC Chart (Governance) Arkivert 18. mai 2011 ved Wayback Machine.
  13. People of Mackenzie River, arkivert frå originalen 8. august 2007, henta 22. desember 2022 
  14. Iñuvialuktun/Inuvialuktun/Inuinnaqtun / ᐃᓄᐃᓐᓇᖅᑐᓐ
  15. History
  16. «Aklavik A». Canadian Climate Normals 1981–2010. Environment Canada. Climate ID: 2200100. Arkivert frå originalen (CSV (3069 KB)) 13. mars 2020. Henta 9. januar 2014. 
  17. Cappelen, John; Jensen, Jens. «Canada - Aklavik, Mackenzie District» (PDF). Climate Data for Selected Stations (1931-1960) (på dansk). Danish Meteorological Institute. s. 45. Arkivert frå originalen (PDF) 27 April 2013. Henta March 14, 2016. 
  18. «Population and dwelling counts: Canada, provinces and territories, and census subdivisions (municipalities), Northwest Territories». Statistics Canada. 9. februar 2022. Henta 18. februar 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]