Akrokorint

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portane til Akrokint

Akrokorint (gresk Ακροκόρινθος, Akrokórinthos), Korints akropolis, er ei monolittisk høgd over den antikke byen Korint. Den akhaiske akropolisen i byen som allereie var ei lett forsvart stilling på grunn av geomorfologien, vart ytterlegare tungt befesta under Austromarriket sidan han vart setet for strategosen av Themaen av Hellas. Seinare vart han ei festning for frankarane etter det fjerde krosstoget, venetianarane og osmanarane. Med den sikre vassforsyninga, vart festninga i Akrokorint brukt som siste forsvarslinje i det sørlege Hellas for å stå imot fiendar som freista å trenge seg inn på Peloponnes-halvøya. Tre ytre murar utgjorde dei menneskeskapte festningsverka på høgda. På den høgaste toppen på staden stod eit tempel til Afrodite som vart kristna som kyrkje før det seinare vart ein moské. Det amerikanske instituttet i Aten byrja utgravingar i 1929. For tida er Akrokorint ei av dei viktigaste mellomalderske borgene i Hellas.

Kart over restane av Akrokorint.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]