Aktobe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aktobe
Moskeen Nurdaulet og eit kjøpesenter
Moskeen Nurdaulet og eit kjøpesenter
Styresmakter
Land
Oblast
Flag of Kazakhstan.svg Kasakhstan
Aktobe oblast
Akim Serik Nokin
Geografi
Innbyggjarar
 - By

320 000
Koordinatar 50°17′″N 57°10′″EKoordinatar: 50°17′″N 57°10′″E
Diverse anna
Postnummer 030001
Telefon-retningsnummer +7 7132
Plassering
Plasseringa i Kasakhstan
Plasseringa i Kasakhstan

Aktobe (kasakhisk Ақтөбе, Aktobe eller Aktöbe, russisk Актюбинск,, Aktybinsk) er ein by i Kasakhstan ved elva Ilek. Han har om lag 320 000 innbyggjarar og er hovdustad i Aktobe oblast. Aktobe består av fleire etniske folkegrupper som kaskhstanarar, russarar, ukrainarar, tatarar, uighurar, tsjetsjenarar, armenarar, jødar og grekarar. Før perestrojka var det òg mange volgatyskarar her.

Namnet Aktobe kjem frå det kasakhstanske ақ («kvit») og төбе (ås) og namnet refererer til høgdene der byen opphavleg låg på 1800-talet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mausoleumeumet til den kasakhstanske hærføraren Eset Batyr, utanfor Aktobe
Aktobe sitt våpenskjold på eit vegskilt
Togstasjonen i Aktobe

Mange kulturar og rike har sett dagens lys og falle igjen i området som utgjer Aktobe oblast. Regionen har hovudsakleg vore dominert av den kasakhstanske «litle horden» (kas. Кіші Жуз, rus. Младший Жуз). Den kasakhstanske hærføraren Eset Batyr hadde base her under felttoga sine mot dzjungarane. Mausoleumet hans ligg 35 km sør for Akotbe. Abulkhair Khan (1693 - 1748) hadde òg base i området.

I mars 1869 vart det bygd eit russisk millitærfort med ein garnison på 300 soldatar der elvane Kargala renn ut i Ilek. Dette var langs handelsruta mellom Orenburg og Kazalinsk. På denne tida byrja slavarar å slå seg ned som bønder i landsbygda rundt og snart voks det fram ein landsby rundt fortet. I 1874 vart fortet utvida og i 1891 fekk busetnaden offisielt status som by.

Den transk-aralske jernbanen vart lagt til byen i 1901 og i åra fram til den første verdskrigen vart industrien og økonomien i byen utvikla.

Byen vart påverka av den russiske revolusjonen i 1905 og det var både streik og opprør i byen mellom 1905 og 1907.

I 1932 vart Aktobe hovudstad i Aktobe oblast og byen utvikla seg vidare fram mot den andre verdskrigen. Fleire fabrikkar vart bygd og arbeidarar flytta hit frå Ukraina og Moskva. I tillegg vart det starta gruvedrift etter krom. I 1960 utvida sovjetiske styresmakter byen kraftig.

Sidan Kaskahstan fekk sjølvstende i 1991 har det vore store samfunnsmessige og økonomiske endringar i byen. Den gamle tungindustrien har vore i tilbakegang og er erstatta av ein energisektoren. Byen har halde fram med å vekse og mange kasakhstanarar har flytta hit frå den omliggande landsbygda.

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Kargala renn ut i Ilek i utkanten av Aktobe

Aktobe oblast ligg vest i Kasakhstan og er det nest største oblastet ut frå areal i Kasakhstan. Byen Aktobe ligg der elvane Kargala og Ilek møter kvarandre. Han ligg nord i oblastet og den russiske byen Orenburg ligg 200 km mot nordvest, medan ein annan russisk by, Orsk, ligg 150 km mot nordaust. Rundt byen er det stort sett flate stepper, medan låge åsryggar stig opp i nordaust. Andre elvar som Emba og Uralelva renn gjennom oblastet, som grensar til Aralsjøen i sør.

Aktobe har kontinentalklima med store årstidsvariasjonar i temperaturen. Om vinteren kan temperaturen kome ned i -30 °C og har eit gjennomsnitt på -18 °C. Om sommaren kan det verte 30 °C med ein normal døgntemperatur på 25 °C. Vêret om våren og hausten kan endre seg raskt, særleg på vindfulle dagar i mars, som lokalt vert kalla Бес Қонақ, eller «Dei fem gjestene». Nedbøren kjem hovudsaleg tidleg på våren eller seint på hausten og tidleg om vinteren. Elles på året er det berre sporadisk nedbør og totalt kjem det berre rundt 300 mm i Aktobe.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Aktobe» frå Wikipedia på engelsk, den 18. januar 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: Aktobe - Gorod Slavnoi Istorii. Komitet po upravleniyu zemel'nimi resursami ministyerstva cel'skogo khozyaistva Pespubliki Kazakhstana (Комземресурсы). Astana, Kazakhstan 1999. (russisk)

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bies, Lammert Map of Kazakhstan: Yearly Rainfall and Evaporation, Wild Natures, 2003