Alba i Italia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Alba (fleirtyding).
Alba i Italia
Horisonten til Alba i Italia
Styresmakter
Region
Provins
Piemonte
Cueno
Geografi
Flatevidd 54 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2007)
   - folketettleik

35645
  568/km²
Koordinatar 44°43′0″N 8°5′0″EKoordinatar: 44°43′0″N 8°5′0″E
Høgd over havet 172 m
Diverse anna
Postnummer 12051
Nettstad: www.comune.alba.cn.it

Alba er ein bykommune i Piemonte i Italia med om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Tanaro, 50 km søraust for Torino.

Alba er rekna som hovudstaden i Langhe-området. Han er ein handelsby med næringsmiddel- og tekstilindustri. Sjokolade- og konfektverksemda Ferrero har hovudkontor her. Byen er kjend for sin kvite trøffel, fersken og vin. Særleg kjend er raudvinen Barbera d'Alba.

Frå domkyrkja i Alba.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I antikken heitte byen Alba Pompeia. Den kortlivde romerske keisaren Pertinax var fødd her.

Etter at Vestromarriket fall blei byen plyndra fleire gonger av burgundarar, lombardar og frankarar. På 1000-talet blei han ein bystat med medlemskap i Det lombardiske forbundet.

26. april 1796 blei Republikken Alba erklært her då franske revolusjonære styrker tok byen. Denne handlinga fann gjenklang under andre verdskrigen, då partisanar i nokre veker i oktober 1944 hadde ein sjølvstendig republikk i Alba.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alba i Italia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Italia å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.