Albert Anker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Selbstbilbnis (Sjølvportrett), 1891
Rotkäppchen (Raudhette), 1883

Albert Samuel Anker (1. april 183116. juli 1910) var ein sveitsisk kunstmålar og illustratør som har vorte kalla for Sveits sin «nasjonalmålar», grunna hans vedvarande populære skildringar av det landsbylivet i Sveits i det 19. hundreåret.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Anker var fødd i Ins i kantonen Bern, og var son til ein veterinær. 1845-48 fekk han sin første leksjonar i teiking i Neuchâtel av Louis Wallinger. Frå 1849 gjekk han på gymnaset i Bern.

År 1851 begynte Anker å studere teologi i Bern. I september reiste han først til Paris, der han vart kjend med arbeida til Eustache Le Sueur og Nicolas Poussin, og som han kom til å sette pris på. Frå hausten 1852 til våren 1854 heldt Anker fram teoligistudiane ved Universitetet i Halle.

Sist i desember 1853 skreiv Anker til faren at han ville avslutte studiet, for så å verte målar. I 1854 fekk han løyve frå faren til å slutte studiane. Han reiste då til Paris, der han vart elev av den sveitsiske målaren Charles Gleyre. Mellom 1855 og 1860 studerte han ved École Nationale Supérieure des Beaux-Arts i Paris. Tida mellom 1859 og 1885 var han jamleg representert med bilete på salongane i Paris. Mellom 1856 og 1862 reiste han til stader som Bretagne, Schwarzwald og til Italia. I åra som følgde gjorde han fleire turar til Italia, Tyskland, Frankrike og Belgia.

Frå 1861 budde Anker i barndomsheimen i Ins, om vintrane budde han i Paris. I 1890 selde han husværet i Paris og flytta til Ins for godt.

Anker arbeidde frå 1866 til 1882 også som fajansemålar. Frå 1870 til 1874 var han medlem av Storrådet for kantonen Bern. Han var ein sterk pådrivar for bygginga av Berner Kunstmuseum, som vart opna i 1873.

I 1901 vart Anker råka av eit alvorleg hjerneslag, og høgrehanda hans vart lamma. Sidan han vanskeleg kunne arbeide med oljemåleri, gjekk han over til å måle akvarellar. Han skal ha måla framimot 600 akvarallar etter høgrehanda vart lamma.

Anker døydde sommaren 1910 i Ins.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Albert Anker