Alcalá de Henares

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alcalá de Henares
Flagget til Alcalá de Henares Byvåpenet til Alcalá de Henares
Flagget til Alcalá de Henares Byvåpenet til Alcalá de Henares


Plassering
Alcalá de Henares is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Madrid
Provins Madrid
Borgarmeister Bartolomé González Jiménez
Geografi
Flatevidd
 - By

87,72 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

203 645
  2 321,5 /km²
Koordinatar 40°29′″N 3°22′″WKoordinatar: 40°29′″N 3°22′″W
Høgd over havet 588 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 28.801-28.807
Nettstad: www.ayto-alcaladehenares.es

Alcalá de Henares, som tyder Citadellen ved elva Henares, er ein by i Spania. Det historiske sentrumet i byen er ein del av verdsarva til UNESCO og eit av dei første bispedøma i Spania vart grunnlagd her. Han ligg i den autonome regionen Madrid, 35 km nordaust for byen Madrid, 588 meter over havet. Han har i overkant av 200 000 innbyggjarar og er den nest største byen i regionen etter den spanske hovudstaden. Byen vert ofte berre kalla Alcalá, medan «de Henares» vert nytta for å skilje han frå fleire andre byar med same namn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen har vore busett sidan koparalderen. Romarane erobra området på første hundreåret fvt. og bygde byen Complutum nær den tidlegare keltiberiske busetnaden Iplacea. Dermed var han den einaste romarbyen i regionen rundt Madrid. Med 10 000 innbyggjarar nådde han status som Municipium og hadde fleire institusjonar. Etter at Romarriket fall, kom byen under vestgotarane. Han vart mindre viktig, men ein del pilegrimar kom hit for å vitje St. Justo og Pastor.

Tårnet på den gamle borga Alcalá La Vieja.

Maurarane erobra den vestgotiske byen i 711, og grunnla ein ny busetnad. Dei bygde ein al-qal'a, som tyder «citadell» på arabisk, på ein nærliggande ås, i dag kjend som Alcalá la Vieja (Gamle Alcalá). Den 3. mai 1118 vart han erobra attende av erkebiskopen av Toledo Bernardo de Sedirac for Castilla. Dei kristne kalla han Burgo de Santiuste og busette seg i den opphavlege romerske byen, medan den arabiske vart forlaten. Byen vart avstått til bispedømet i Toledo. Fram til slutten av reconquistaen hadde den kristne byen både ein jødisk og ein maurisk bydel, samt kjende marknadsplassar. Den sentrale plasseringa gjorde at kongane av Castilla ofte vitja byen når dei var på reiser.

Ein gong i 1480-åra hadde Kristoffer Columbus det første møtet med kong Ferdinand og Isabella, som finansierte reisa hans til Amerika.

Byen vart hardt råka under den spanske borgarkrigen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alcalá de Henares

Kjelder[endre | endre wikiteksten]