Aleksandar av Jugoslavia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aleksandar av Jugoslavia
HRH The Crown Prince of Serbia.jpg
Tronpretendent av Jugoslavia og Serbia
Fullt namn Aleksandar
Fødd 17. juli 1945, London i England i Storbritannia
Føregjengar Petar II av Jugoslavia
Ektefelle Maria da Gloria af Orléans-Braganza (1972–1985)
Katherine Clairy Batis (1985–)
Far Petar II av Jugoslavia
Mor Alexandra av Jugoslavia
Born Petar av Jugoslavia
Filip av Jugoslavia
Aleksandar av Jugoslavia

Aleksandar av Jugoslavia (fødd 17. juli 1945) er overhovud for huset Karađorđević og tronpretendent av Jugoslavia og Serbia.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Far til Aleksandar, kong Petar II av Jugoslavia, måtte gå i eksil i London i 1941. Her fann han den framtidige kona si, Alexandra av Jugoslavia, som også levde i eksil. Dei vart gift i 1944 og fekk sin einaste son, Aleksandar, året etter.

Aleksandar vart fødd 17. juli 1945 i suite 212 på hotellet Claridge's i London. I fylgje tradisjonen skal ein framtidig jugoslavisk konge vere fødd i Jugoslavia. Den britiske regjeringa gjorde difor suiten om til eit suverent jugoslavisk territorium i eit døgn. Dimed kunne han få tittelen kronprins av Jugoslavia. Fadrar ved dåpen var kong Georg VI av Storbritannia og noverande dronning Elizabeth II av Storbritannia.

Ekteskap og born[endre | endre wikiteksten]

1. juli 1972 vart han gift med Maria da Gloria af Orléans-Braganza i ei lita by ved Sevilla i Spania. Dei fekk tre søner:

Aleksandar og Maria da Gloria, hertuginne av Segorbe vart skilt i 1985 og Aleksandar gifta seg på ny med Katherine Clairy Batis 20. september 1985 i London.

Til Jugoslavia[endre | endre wikiteksten]

Han besøkte Jugoslavia for fyrste gong i 1991, men flytta der fyrst i 2000. Året etter, i 2001, fekk han jugoslavisk statsborgarskap og dei eigedomane familien hadde før dei hadde gått i eksil. I dag bur han på eit slott i Beograd i Serbia.

Gjennoppretting av monarkiet[endre | endre wikiteksten]

Aleksandar er ein sterk forkjempar for gjennoppretting av monarkiet i Serbia og meiner at han er den rettmessige kongen av landet. Den serbisk ortodokse kyrkja støttar han i kampen og den tidlegare statsministeren Zoran Đinđić vert ofte sett med kongefamilien, sjølv om han aldri offisielt har støtta kampen for monarkiet.

Aleksandar har offisielt uttalt at han aldri vil engasjere seg politisk nettopp for å byggje opp om tanken om eit konstitusjonelt monarki, slik ein mellom anna finn i dei skandinaviske landa. I staden nyttar han og kona mykje av tida si på humanitært arbeid.

Etter at Montenegro lausreiv seg frå Serbia i 2006 røysta dei serbiske innbyggjarane for at landet skulle verte republikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]