Aleksandr Glazunov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aleksandr Konstantinovitsj Glazunov

Aleksandr Konstantinovitsj Glazunov (russisk Алекса́ндр Константи́нович Глазуно́в}}(10. august 186521. mars 1936) var ein russisk komponist.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Aleksandr Glazunov stamma frå ein velhavande familie og starta tidleg med musikk. Milij Balakirev oppmoda han i 1880 om å studere privat hos Nikolaj Rimskij-Korsakov som blei imponert over det store talentet til eleven sin. Glazunov fekk i 1882 eit gjennombrot med den første symfonien sin. I 1899 fekk han eit professorat i instrumentering ved konservatoriet i Petersburg og i 1905 overtok han leiinga av institusjonen, og beheldt posisjonen til 1930. På grunn av arbeidsbelastninga blei det mindre tid til å komponere. Han oppdaga ei rekke store talent og arbeidde utrøytteleg for studentane. I 1928 reiste Glazunov til Wien for å sitte i juryen under ei Franz Schubert-tevling. Helsa var så dårleg at han ikkje kom seg tilbake, men slo seg ned i Paris og blei der til han døydde.

Stil[endre | endre wikiteksten]

Glazunov sameina nasjonale russiske trekk med trekk henta Pjotr Tsjajkovskij sin musikk. Ein kan finne tendens til tydelege folkesongliknande tema, orientalsk harmonikk og fri metrikk. Tvert imot Dei Fem sitt program er musikken til Glazunov prega av eit meisterleg musikkhandverk og ein suverén komposisjonsteknikk: han var ein briljant orkestrator, ein finslipa kontrapunktikar og ein meister innan formgjeving. Samtidig syner Glazunov i musikken sin ein særs positiv grunnstemning med hang til patos og heroiske gestar.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]