Aleksandr Grin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aleksandr Grin

Aleksandr Grin (eigentleg: Aleksandr Stepanovitsj Grinevskij), (23. august 18808. juli 1932) var ein russisk forfattar. Han er særleg kjend for sine romantiske romanar og noveller, som finn stad i eit fantasiland med eit slags europeisk eller latinamerikansk miljø. Dei fleste av tekstene hans handlar gjerne om havet, eventyret eller kjærleiken. Sjølv om han er populær i Russland, er han lite kjend utanlands.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Grinevskij var fødd i Slobodskoj, der far hans levde i eksil. Faren hadde delteke i det polske opprøret i 1863. Sjølv fullførte han i 1896 utdanninga si i Vjatka. Deretter gjekk han til Odessa og byrja eit liv som landstrykar. Han slo seg gjennom livet med ei rekke yrke, mellom anna som gullvaskar i Ural, soldat, sjømann og fiskar. Ofte var han utan arbeid og måtte gå og betle. Lite grann økonomisk hjelp fekk han av faren.

Etter at han hadde gått inn i den russiske hæren, melde han seg inn i det dåverande forbodne sosialrevolusjonære partiet. For aktiviteten som agitator hamna han i fengsel. Det var i dei dagar han byrja skrive dei fyrste novellene sine, i 1906 vart den fyrste prenta i ei avis. Same året vart han på ny hekta i St. Petersburg, og vart han dømt til fire års forvising til Tobolsk-regionen. Då det var nokså enkelt å rømme frå forvisingar, reiste Grin etter kort tid tilbake til St. Petersburg. Der levde han i skjul. Han vart arrestert på ny i 1910 og vart forvist til Arkhangelsk regjeringsdistrikt. Der budde han i landsbyen Kegostrov, der han også gifta seg. I 1912 vende han tilbake til St. Petersburg og vart skilt frå kona si. For det meste publiserte Grin noveller i dei åra.

Viktigaste delen av dei større verka til Grin vart skrivne etter oktoberrevolusjonen. I den fyrste halvdelen av 1920-åra var han ein populær forfattar i Sovjetunionen. Han gifta seg på ny i 1921, og frå 1924 budde ekteparet i Feodosija ved Svartehavet. Grunna innhaldet i ein av romanane sine kom han i konflikt med Sovjetunionens kommunistiske parti. Manuskripta han seinare sende til forlaga vart ikkje godkjende, og han og kona levde i armod. Samstundes var livet prega av alkoholisme og tuberkulose.

Skriftene hans er populære i dagens Russland. Litteraturen er fantastisk og magisk til det absurde, det siste er særleg framherskande i novellene hans. Slåande er dei mange velklingande og assosiative, fritt påhitta person- og stadnamna.

Grin slo seg i 1930 ned i Staryj Krym, døydde der to år seinare av magekreft.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]