Feodosija

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kinotetater Krim i Feodosjija
Kart over Krim med Feodosija
Det genovesiske slottet i Feodosija, frå 1400-1500-talet

Feodosija (ukrainsk: Феодосія; russisk: Феодосия; krimtatarisk: Kefe), eldre Kaffa, er ein hamneby i det sørleg Ukraina, på Krimhalvøyas sørkyst mot Svartehavet. Folketalet i byen er på 108 571 (2001), majoriteten er russarar. Viktigaste språket er russisk, men også ukrainsk vert tala. Administrativt høyrer til byen og omlandet Feodosija kommune. Viktige næringar er turisme, fiske, bryggjing og konserveringsindustri.

[endre] Historie

Feodosija vart byggt på 500-talet f.Kr. av joniske greske kolonisatorar frå Milet under namnet Theodosia (Θεοδοσία), det slaviske bynamnet er ei forvansking av dette. Området vart kjent for sitt rike jordbruk, om som byen var avhengig av. Under antikken var området del av Bosporanske riket.

Theodosia vart mykje skadd av hunarar på 300-talet e.Kr. I dei fylgjande ni hundreåra var Theodosia ein mindre by, som vart kontrollert av høvesvis romarriket, gotarar, khazarar, Bysants, kiptjakar, frå 1204 til 1261 Venezia, og deretter av mongolar (gylne horda). Desse selde byen til republikken Genova år 1266. Frå 1296 til 1307 var Kaffa atter under Venezia, sidan igjen under Genova. Ein blomstrande handel oppstod i byen, som italienarane kalla for Caffa, og som i stort sett hadde monopol på handelen på Svartehavet og som tente som fremste hamn og administrativt sentrum for dei genovesiske koloniane rundt havet, styrd av ein konsul. Byen hyste ei tid ein av dei største slavmarknadene i Europa.

Truleg spreidde Svartedauden seg frå Asia via Kaffa år 1347 til resten av Europa. Ein smitteberande mongolsk hær under Janibeg kringsette byen mellom 1346 og 1347. Etter krigarane vart sjuke og døydde vart lika slengde inn i byen med katapultar, og smitta der bybuarane. Då dei genovesiske kjøpmennene flykta heim til Italia førde dei smitta med seg.

Då genovesarane byrja legge seg i den ottomanske vasallstaten Krimkhanatet erobra den ottomanske hærføraren Gedik Ahmet Pasha byen år 1475. Kaffa, på tyrkisk Kefe, vart ein av dei viktigaste ottomanske hamnene ved Svartehavet. Den ottomanske byen fall for Tsar-Russland saman med resten av Krim i 1783. Han bytte offisielt namn til Feodosija (Феодосия), ei slavifisering av det greske namnet i år 1802.

Under andre verdskrigen vart byen erobra to gonger av tyske troppar, som gjorde stor skade på byen.

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk