Aleksej von Jawlensky

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksej von Jawlensky

Verkeleg namn Алексей Георгиевич Явленский, Aleksej Georgijevitsj Javlenskij
Statsborgarskap Det russiske imperiet, Weimarrepublikken, Tyskland, Sovjetunionen
Fødd 13. mars 1864
Torzjok, Tyskland
Død

15. mars 1941 (77 år)
Wiesbaden

Yrke kunstmålar, teiknar, grafikar, kunstsamlar
Språk russisk, tysk
Medlem av De fire blå, Der Blaue Reiter
Religion Ortodoks kristendom
Ektefelle Helene Nesnakomoff
Partnar Marianne von Werefkin
Nettstad http://www.jawlensky.ch/index.php
Aleksej von Jawlensky på Commons

Aleksej von Jawlensky (25. mars 186415. mars 1941) var ein russisk ekpresjonistisk målar som var aktiv i Tyskland. Han var sentral i kunstnargruppa Der Blaue Reiter frå 1911 til 1914. I 1924 var han med på å skipa kunstnergruppa Der Blaue Reiter med Vasilij Kandinskij, Paul Klee og Lyonel Feininger.[1]

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Jawlensky var av adelsætt, fødd i Torzjok i Tver-guvernementet i Russland. Familien flytta til Moskva då Aleksej var ti år. I hovudstaden gjorde han seinare teneste i tsarens garde som offiser, ettersom målet var eit liv i det militære. Han vart interessert i kunst og byrja tidleg på 1880-talet å studere ved kunstakademiet i St. Petersburg. Til lærar fekk han mellom andre Ilja Repin.

Ung jente med blomehatt, 1910

Jawlensky flytta i 1896 til München og gjekk i lære hos Anton Ažbe. I byen møtte han landsmannen Vasilij Kandinskij. Over fleire år prøvde Jawlensky ut ulike stiltypar. Fyrst kring 1908 kom han fram til det som vart hans stil, ein type ekspresjonisme inspirert av fargebruken i fransk ekspresjonisme. Denne stilen varte ved til fyrste verdskrigen, men han vart enklare i form og meir åndeleg ettersom han utvikla seg.

I 1909 var Jawlensky med på å stifte München nye kunstnarforeining, saman med mellom andre Vasilij Kandinskij, Adolf Erbslöh, Gabriele Münter og Marianne von Werefkin. Denne gruppa vart ein forløpar til Blaue Reiter som han var nært knytt til. I lag med Blaue Reiter stilte han ut måleri i 1912 i eit galleri i München.

Under fyrste verdskrigen, 1914, flytta Jawlensky til Sveits og budde i Saint-Prex ved Genfersjøen til 1918. For å pleie dei svake lungene sine reiste han då til Ascona. Under opphaldet i Sveits byrja han å arbeide i seriar, den fyrste serien kalla han Variasjonar over eit landskapstema.

I 1921 flytta Jawlensky til Wiesbaden i Tyskland, og der budde resten av livet. I Wiesbaden vart han kjend med kunstsamlaren og mesénen Heinrich Kirchhoff, som både kjøpte verk og elles ytte økonomisk stønad. Saman med Vasilij Kandinskij, Paul Klee og Lyonel Feininger stifta Jawlensky kunstnargruppa Die Blauen Vier i 1924. Dei stilte ut saman i Tyskland og i USA.

I 1936 vart Jawlensky medlem av det tyske Rikskulturkammeret. Året etter vart 72 av verka hans i Tyskland erklært for entartet kunst. Han fekk forbod mot å måle, eit forbod utan større verknad. Han hadde fått polyartritt, og denne var så kraftig han seinare i livet var nærast lam.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fagernes, Trond (24. november 2014), «Alexej Von Jawlensky», Store norske leksikon, henta 18. august 2016