Marianne von Werefkin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, ca 1910

Marianne von Werefkin (russisk Марианна Владимировна Веревкина) ( 10. september 18606. februar 1938) fødd Marianna Vladimirovna Verevkina var ein russisk-sveitsisk kunstmålar, kjend for sine ekspresjonist-verk.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Marianne von Werefkin kom til verda i Tula i Russland, og voks opp som dotter av kommandanten for tsar-regimentet i Ekaterinaburg. I 1880 vart ho elev av Ilja Repin, den fremste av dei russiske realisme-målarane. Utviklinga som målar vart sett tilbake då ho i 1888 under jakt, ved eit uhell, skaut seg sjølv i høgrehanda. Handa som ho nytta til å måle med.

I 1892 møtte ho Aleksej von Jawlensky, som ynskte å gjere henne til sin protésjé. I 1896 reiste ho saman med Javlenskij og tenaren deira til München. Werefkin heldt opp å måle i nær ti år, for å gje rom for Javlenskijs målarutvikling.

Ho skapte sine fyrste ekspresjonistverk i 1907. I desse fylgde ho Paul Gauguins og Louis Anquetins målarstil med "overflatemåling", men trekk i bileta viste og påverknad frå Edvard Munch. I 1909 vart 'Neue Künstlervereinigung München' (Münchens Nye Kunstnarforeining) stifta. Denne vart eit forum for utstillingar og kunstdebatt.

Haust (skule), 1907

To år seinare, i 1911, vart gruppa Der Blaue Reiter danna. Gruppa gav ut ei bilet-almanakk over personar som hadde fått noko kalla opp etter seg, og Werefkin heldt si fyrste utstilling vinteren 1911/12. Werefkin og Javlenskij forlet 'Neue Künstlervereinigung' og vart i staden med i 'Der Blaue Reiter'.

Ved utbrotet av 1. verdskrigen immigrerte dei to til Sveits, og busette seg i nærleiken av Geneve. Seinare flytta dei til Zürich. I 1918 flytta Werefkin til Ascona ved Lago Maggiore, ho og Javlenskij hadde då skilt lag. Ho grunnla i 1924 kunstnargruppa Großer Bär (=Storebjørn).

I sine seinare åra måla Werefkin reklameplakatar. Figurane "Carmen" og "Diego Hagmann" sikra henne brød på bordet.

Ho vart gravlagt på den russiske gravlunden i Ascona.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Marianne von Werefkin