Lyonel Feininger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lyonel Feininger

Pseudonym Feininger, Lyonel Charles Adrian, Feininger, Charles Léonell
Statsborgarskap USA
Fødd 17. juli 1871
New York by
Død

13. januar 1956, 31. juli 1956 (84 år)
New York by

Yrke kunstmålar, kunstnar, fotograf, illustratør, teikneserieteiknar, lærar, grafikar, teiknar
Medlem av American Academy of Arts and Letters, De fire blå, Der Blaue Reiter, American Abstract Artists, Berlin-secesjonen
Ektefelle Julia Feininger
Born Lore Feininger, Laurence Feininger, Theodore Lux Feininger, Andreas Feininger
Lyonel Feininger på Commons

Lyonel Feininger (17. juli 187113. januar 1956) var ein tysk-amerikansk målar og grafikar, som var både fødd og døydde i New York i USA.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Der Dom in Halle, 1931
Die Blauen Vier, med Galka Scheyer til venstre

Foreldra til Feininger hadde innvandra frå Tyskland til New York. Dei mange inntrykka i storbyen formidla Feininger biletleg; både av musikk, tog, båtar, bruer, skyskraparar og framstillinga av leiketøy. Han reiste til Berlin, der han studerte musikk. Etter ei tid byrja han å teikne for moroblad, fyrst for tyske, seinare også for franske og amerikanske tidsskrift.

I Paris kom Feininger i kontakt med Robert Delaunay og han vart kjend med kubistane sine verk. Frå 1913 budde han fast i Tyskland. Han hadde eit nært tilhøve til medlemane i Der Blaue Reiter. Seinare underviste han ved Bauhaus i Weimar og i Dessau. Saman med Vasilij Kandinskij, Paul Klee og Aleksej von Jawlensky danna han i 1924 gruppa Die Blaue Vier.

Feininger var ein av dei målarane som Hitler-regimet fann å vere degenerert, og dermed måtte sjå dei utstilt på Entartete Kunst i 1937, ei utstilling til skrekk og åtvaring. Feininger vende då tilbake til USA. Gjennom arbeidet som kunstlærar, sin forfattarskap og nye akvarellar spela han ei viktig rolle for framveksten av den abstrakte ekspresjonismen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]