Alexander Archipenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kvinne kjemmer håret, 1914

Alexander Archipenko, (ukrainsk: Oleksandr Porfyrovitsj Arkhipenko),(30. mai 188725. februar 1964) var ein ukrainsk-amerikansk skulptør.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Archipenko var fødd i Kiev i Ukraina, den gongen i Tsar-Russland. Han byrja måle i den impresjonistiske stilen, og utvikla seg vidare gjennom stilartar som kubismen og konstruktivismen. Han kom i 1908 til Paris, der han slutta seg til krinsen kring Pablo Picasso, og var ein tidleg talsmann for moderne, framfor alt den kubistiske, skulpturen.

På 1920-talet høyrde Archipenko med mellom dei mest radikale og dristige i utviklinga av skulptur. I verk frå denne tida er naturformene knapt til stades. Store utstillingar av verka hans fann stad i Berlin i 1922 og New York i 1924. Samstundes busette han seg i USA. Seinare vende han tilbake til ei meir røyndomsnær oppfatning av former. Dei vanlegaste materiala i skulpturane hans er stein eller metall.

I 1937 vart verk av Archipenko tek med på nazistane si utstilling i München av det dei kalla Entartete Kunst.

Han døydde i New York.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alexander Archipenko

Kjelder[endre | endre wikiteksten]