Alfred Schnittke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alfred Schnittke i Moskva i 1989.

Alfred Schnittke (russisk:Alfred Garrijevitsj Schnittke) (24. november 19343. august 1998) var ein tysk-russisk komponist.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Alfred Schnittke vart fødd i Engels i Sovjetunionen. Faren stamma frå Frankfurt, medan mora var russisk og jobba som tysklærar i byen. Alfred Schnittke starta si musikalske utdanning i Wien i 1946, før han studerte vidare ved konservatoriet i Moskva frå 1953-1958. Frå 1961-1972 underviste han òg ved konservatoriet, men frå og med 1973 dreiv Schnittke utelukkande med komposisjon.

Etter å ha butt i Russland i over 40 år, flytte Schnittke til Hamburg i 1990 saman med familien sin. Her fekk han stilling som professor ved musikkhøgskulen i byen. I dei siste åra sine fekk han tre tilfelle av slag. Alfred Schnittke døydde i Hamburg i 1998 og er gravlagd på Novodevitsjijgravstaden i Moskva.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Schnittke gjorde forsøk med aleatorisk musikk og serialisme, men enda til slutt opp med ein fleirstilistisk komposisjonsteknikk, lik Charles Ives, Luciano Berio og Bernd Alois Zimmermann. Medan han leitte etter ein identitet som komponist, skreiv han også filmmusikk og teatermusikk.

Schnittke skreiv 8 symfoniar, 6 concerti grossi, fleire konsertar for ulike instrument og ballettar. Frå 1986-1988 skreiv han balletten Peer Gynt etter Ibsen-dramaet med same namn. I 1993 skreiv han orkesterverket Hommage à Grieg som vart urframført på Festspela i Bergen same året i høve 150-årsjubiléet for fødsla til Edvard Grieg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]