Amerikamanat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Amerikamanat

Status i verda: VU Sårbar

Amerikamanat
Amerikamanat

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Sirenia
Familie: Trichechidae
Slekt: Trichechus
Art: T. manatus
Underartar
Amerikamanat
Namn på andre språk
Svensk Lamantin
Engelsk West Indian Manatee, American Manatee
Tysk Karibik-Manati, Nagel-Manati
Fransk Lamantin des Caraïbes
Spansk Manatí de las Indias Occidentales
Russisk Amerikanskij lamantin (Американский ламантин)

Amerikamanat eller lamantin (Trichechus manatus) er ein sjøkuart i manatfamilien. Han vert om lag 3,7–4,6 m lang, har ei vekt på om lag 1 600 kg, og er ein fredeleg planteetar.

Amerikamanaten vert på engelsk kalla Caribbean eller West Indian manatee. I 1934 vart det gjort framlegg om at amerikamanaten hadde to underartar. At det faktisk er to underartar, vart slege fast av Domning og Hayek i 1986,[1] på grunnlag av skilnader i skjeletta, særleg skallane. Floridamanaten (T. m. latirostris) lever i Florida i USA, i tillegg sporadisk frå Texas til Virginia. Antillmanaten (T. m. manatus) lever frå nord på Atlanterhavskysten i Mexico til Bahia i Brasil, og på dei karibiske øyane. Floridastraumen mellom Florida og Cuba skil dei to underartane. Amerikamanatane er i fleire område truga av utrydding.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Domning, DP og LC Hayek. Interspecific and intraspecific morphological variation in manatees (Sirenia:Trichecus). Marine Mammal Science 2(2):87-144.