Amilcare Ponchielli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Amilcare Ponchielli

Amilcare Ponchielli (31. august 183416. januar 1886), var ein italiensk komponist.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Amilcare Ponchielli vart fødd i småbyen Paderno Fasolaro i provinsen Cremona i Lombardia i Italia. Han synte tidleg musikalsk talent, og ni år gamal vann han eit stipend for å studera ved konservatoriet i Milano. Her skreiv han sin fyrste symfoni berre ti år gamal. To år etter at han forlét konservatoriet, skreiv han sin fyrste opera, I promessi sposi basert på romanen Dei trulovade av Alessandro Manzoni. Det er som operakomponist at Ponchielli er mest kjend i dag.

Den tidlege karrieren hans var nedslåande. Han vann ei lærarstilling ved konservatoriet i 1883, og tok elles små jobbar rundt om medan han komponerte operaer på fritida. Diverre fekk ingen av dei større suksess i byrjinga. Likevel fekk han mykje erfaring som leiar for musikkorpsa i Piacenza og Cremona, og arrangerte eller komponerte over 200 verk for blåseorkester. Blant desse finn ein den aller fyrste konserten skriven for eufonium. Gjennombrotet hans Ponchielli kom då han reviderte sin fyrste opera, I promessi sposi i 1872. No var han i ferd med å skapa seg eit namn, og balletten Le due gemelle frå 1873 hjelpte på framgangen hans.

I 1874 skreiv Ponchielli operaen I Lituani - «Litauarane», som fekk ei god mottaking og vart framført i St. Petersburg ti år seinare. Den best kjende verket hans i dag er operaen La Gioconda (1876), basert på skodespelet Angelo, tyran de Padoue av Victor Hugo. La Gioconca er i fire akter, og er særleg kjend for musikkstykket «Timenes dans». Operaen vart omarbeidd fleire gonger, og versjonen som er mest populær i dag, kom ut i 1880. I 1876 starta Ponchielli også på arbeidet med operaen I mori di Valenzia, som han sjølv aldri skulle bli ferdig med.

Ponchielli sitt neste store verk vart det bibelske dramaet Il figliuol prodigo frå 1880. Operaen Marion Delorme kom fem år seinare. Begge var baserte på skodespel av Victor Hugo. Trass i at dei var rike på musikalsk nytenkjing, vart dei ingen store suksessar i samtida. Likevel inspirerte dei den nye generasjonen italienske komponistar, som Giacomo Puccini, Pietro Mascagni og Umberto Giordano.

I 1881 vart Ponchielli utnemnt til kapellmeister i katedralen i Bergamo, og same året vart han professor i komposisjon ved konservatoriet i Milano. Her hadde han nemnte Puccini og Mascagni som elevar. Ponchielli døydde i Milano i 1 1886.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]