Anatolios av Konstantinopel
| Anatolios av Konstantinopel | |
Ikon av patriark Anatolios av Konstantinopel |
|
| Fødd | 300-talet i Alexandria i Egypt |
|---|---|
| Daud | 3. juli 458 i Konstantinopel (no Istanbul) i Austromarriket |
| Helgen i | Ortodoks kristendom, den katolske kyrkja |
| Symbol | Kledd som biskop med eit evangelium i hendene |
Den heilage Anatolios av Konstantinopel {død 3. juli 458) var ein patriark av Konstantinopel på 400-talet.
Anatolios var fødd i Alexandria på andre halvdel av 300-talet, på ei tid då medlemmar av mange adelege familiar i Austromarriket, utrusta med gresk filosofi og ny tru, valde å ta del i den kristne kyrkja.
Då han var ferdig med utdanninga si innan filosofi vart han ordinert som diakon av Kyrillos av Alexandria. Kyrillos deltok på det tredje økumenisk konsilet i Efesos i 431, der deltakarane fordømde læra til Nestorius, som ut frå ortodoks syn var kjettersk.
Anatolios vart verande diakon i Alexandria òg etter Kyrillos sin død i t444, då Dioskoros av Alexandria overtok setet som erkebiskop av Konstantinopel. Dioskoros fylgde læra til Eutyches, som hevda at Guds natur i Kristus har absorbert den menneskelege. Dette vart sett på som kjettersk av den ortodokse kyrkja, som meinte læra undergrov grunnlaget for Kyrkja si lære om frelse og bot for mennesket. I 449 heldt Dioskoros og tilhengarane hans eit kjettersk «rov-konsil», som derimot vart støtta av keisaren. Flavian, som var patriark i Konstantinopel, forfekta rettruskap i den ortodokse kyrkja, men vart avsett og frådømt kjole og krage.
Anatolios vart vald som den nye patriarken og byrja ivrig å gjenopprette klarskap i rettruskapen. På eit kyrkjemøte alt i 450 fordømde han den kjetterske læra til Eutyches og Dioskoros. Pave Leo I nekta først å godta ein biskop som var blitt utnemnd av ein kjettar, men etter at Anatolios hadde demonstrert rettrua si blei han akseptert.[1]
Keisar Theodosius hadde støtta eutychianismen. Då han døydde 28. juli 450 fekk landet Austromarriket nye leiarar som derimot såg på denne læra som kjettersk. Året etter, i 451, vart det fjerde økumeniske konsilet halde i Kalkedon med hjelp av patriark Anatolios. Deltakarane ved det kalkedonske konsilet stadfesta dogmet om å tilbe Kristus som «ein perfekt guddom og eit perfekt menneske, ein ekte Gud og eit ekte menneske».[1]
Kyrkja kjempa mot kjetteri i lang tid og Anatolios var i kontinuerleg kamp mot kjetterske lærer fram til sin død i 458. Sjølve dødsfallet har vore mistenkt for å vera eit drap utført av kjettarar.[2]
Innhaldsliste |
Minnefestdager for St. Anatolios [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
- Den hellige Anatolius av Konstantinopel ( -458) ved katolsk.no
- «St. Anatolius» i Catholic Encylopedia ved newadvent.org
Kjelder [endre]
Fotnotar [endre]
- ↑ 1,0 1,1 «Council of Chalcedon» i Catholic Encyclopaedia
- ↑ «Den hellige Anatolius av Konstantinopel ( -458)» ved katolsk.no