Helgenattributt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sankt Laurentius med jarnrista. Kalkmåleri i Hald kyrkje, Randers, Danmark.

Helgenattributt er det kjenneteiknet helgenar vert avbilda med, som oftast den reiskapen som vart nytta til å pine og drepe vedkomande helgen. Til dømes vert Sankt Laurentius avbilda med ein jarnrist i handa av di han leid martyrdøden ved å verte steikt på ein rist.

Etter same prinsipp vert den norske helgenkongen Sankt Olav avbilda med ei stridsøks i handa, ettersom han vart så skada av eit øksehogg i beinet under slaget på Stiklestad at han gav opp kampen og la seg forsvarslaus til mot ein stor stein, der han vart drepe av eit sverdkutt og eit spydstikk, slik Snorre Sturlason gjer greie for i soga si om Olav den heilage i Heimskringla.

Den norske helgenen Sunniva vert avbilda med ei klippeblokk i handa, då ho leid martyrdøden under eit steinras i ei hole på øya Selja i Nordfjord, ifylgje legendene om henne.