Anders Eide
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anders Eide (fødd 7. mars 1971) i Snåsa er ein norsk langrennsløpar som representerer Snåsa IL. I 1998 vart han noregsmeister både på 15 km og 50 km. Frå andre NM-renn har han tre sølvmedaljar og to bronsemedaljar.
Eide debuterte i verdscupen i mars 1992. Hans beste plassering i internasjonale meisterskap kom under Vinter-OL 1998 i Nagano då han vart nummer 11. på femmila. Eides største prestasjon internasjonalt er likevel sjetteplassen på 30 km i verdscupen i Lahti to år i førevegen.
Innhaldsliste |
[endre] Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og verdscuprenn
- 1994: Nr 13 på 50 km, Thunder Bay
- 1995: Nr 12 på 50 km under verdsmeisterskapen i Thunder Bay
- 1996: Nr 6 på 30 km, Lahti
- 1996/7: Nr 7 på 30 km, Oberstdorf
- 1997/8: Nr 11 på 50 km under dei olympiske leikane i Nagano. Nr 8 på 10 km, Beitostølen
- 1999: Nr 18 på 15 km, Nove Mesto
- 2000: Nr 8 på 50 km, Holmenkollen
[endre] Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
- 1992: Nr 9 på 50 km, Molde
- 1993: Bronsemedalje på 50 km, Dombås
- 1994: Nr 12 på 50 km, Stor-Elvdal
- 1995: Sølvmedalje på 50 km, Oslo
- 1996: Bronsemedalje på 15 km i Stryn
- 1997: Nr 12 på 10 km i Mo i Rana
- 1998: Gullmedalje både på 15 km og på 50 km, Alta
- 1999: Nr 5 på 30 km, Skrautvål
- 2000: Sølvmedalje på 10 km i Vang
- 2001: Nr 9 på 30 km, Steinkjer
- 2003: Nr 8 på 50 km i Molde
- 2004: Sølvmedalje på 50 km, Bardufoss
- 2005: Nr 11 både på 15 km og 50 km, Lillehammer
Eide deltek framleis, 2010, i nasjonale renn.
[endre] Lenke
[endre] Kjelde
- Sportsboken, aktuelle årgangar