Andrés Nin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den spanske venstresosialisten Andres Nin, eller Andreu Nin, blei fødd 4. februar 1892 og forsvann 20. juni 1937.

Han kom frå ein fattig familie i Tarragona, der faren var skomakar og mora småbonde. Nin flytta til Barcelona, arbeidde som lærar og journalist, og slutta seg til Det spanske sosialistiske arbeidarpartiet PSOE i 1917. Han var blant grunnleggjarane av Det spanske kommunistpartiet PCE, og arbeidde sidan i Sovjetunionen, for både den Tredje Internasjonalen (Komintern) og den Raude Faglege Internasjonalen RFI (Profintern). Han blei kjend med Lev Trotskij, og slutta seg til den sovjetiske Venstreopposisjonen mot Josef Stalin og hans støttespelarar.

Da han kom tilbake til Spania var Nin med og grunnla Kommunistisk Venstre, som var tilknytta den internasjonale Venstreopposisjonen som den no heitte etter at mange av «trotskistane» måtte flykte eller blei utviste frå Sovjetunionen. Nin respekterte Trotskij, men var usamd med han om enkelte ting, mellom anna var Trotskij imot samanslåinga av Kommunistisk Venstre og Arbeidar-og Bondeblokka, som Trotskij såg på som «høgrekommunistar». Nin danna likevel saman med Joaquin Maurin frå Arbeidar- og Bondeblokka partiet POUM i 1935. Partiet markerte seg som eit radikalt, anti-stalinistisk alternativ til Det spanske kommunistpartiet PCE, og kritiserte skarpt Moskvaprosessane da desse tok til i Sovjetunionen.

Etter Folkefronten vann valet i 1936, og Franco sette i gang den spanske borgarkrigen, organiserte POUM ein sterk milits til forsvaret mot fascismen. Nin blei justisminister i delstatsregjeringa i Catalunya, men blei fjerna etter ei tid på grunn av sovjetisk press. Det same gjaldt andre POUM-medlemmer i offentlege posisjonar. I juni 1937 blei så Nin og mesteparten av leiinga i POUM arresterte av det republikanske politiet. Etter den 20. juni 1937 var Andres Nin sporlaust borte. Ein reknar med at agentar frå det sovjetiske politiske politiet stod bak forsvinninga.