Andreas av Kreta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ikonet av Andreas av Kreta og Maria av Egypt

Andreas av Kreta er ein ortodoks helgen som var biskopKreta på 700-talet. Han vart fødd i Damaskus i Syria på rundt 660-talet. Han var stum før han ein gong fekk nattverd, da han var sju år gamal.

Andreas tok grunnutdanninga si i Damaskus. Der vart han kjend med logikk, retorikk og antikk filosofi. Som fjortenåring reiste Andreas for å bli munk i klosteret Mar Saba, for han ønskte å tene Gud. Her vart han kjend for sin audmjukskap, intellekt og strenge liv.

Han vart kalla frå Mar Saba for å tene som skrivar i patriarkiet i Jerusalem. I 679 reiste han som patriark-vikar til Det sjette økumeniske konsilet i Konstantinopel. Like etter konsilet vart han diakon i Sofijskaja-kyrkja og ei stund leia han formynderskapet for uekte barn og eldre. Under regjeringstida til Justinianus ll vart Andreas erkebiskopKreta. Han døydde i 712.

St. Andreas er kjent som prest og kyrkjeleg diktar. Han har skrive mange inspirerte bøner og kyrkjelege songar, og skreiv den store angerkanonen, som vart lesen i kyrkjer under den stor fastetida. Han skreiv òg ein kanon til jul og andre festdagar.

Minnefestdagar for St. Andreas[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Andreas av Kreta