Anna Sethne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anna Sethne

Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. september 1872
Drammen kommune
Død

26. april 1961 (88 år)

Yrke fagforeiningsleiar, skuleleiar
Anna Sethne på Commons

Anna Cathrine Sethne (25. september 187226. april 1961) var ein norsk lærar og rektor ved Sagene skule.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Då Sethne var tre år, blei foreldra skilt, og faren drog tilbake til Sverige. Sethne gjorde det godt på skulen, og Christoffer Knudsen sørga for at ho fekk fortsette skulegangen sin. I 1891 tok ho «Lærerinneprøven av høyere grad» i Kristiania med svært gode eksamensresultat. I 1911 drog ho på ei to månader lang studiereise til Sverige, Danmark, Tyskland og Austerrike. Her blei ho overtydd om viktigheita av arbeidsskuleprinsippet learning by doing heller enn kateterskuleprinsippet.[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Sethne dreiv reformpedagogiske eksperiment inspirert av John Dewey og Charlotte Bühler. Ho blir rekna for å vere den som bringa reformpedagogikken til Noreg ved skipinga av Norsk seksjon for ny oppdragelse i 1928, ei norsk forgreining av NEF (New education fellowship). Ho meinte kvar enkelt skulereform skulle bygge på vitskaplege forskingsresultat frå blant anna psykologien, og blei etter kvart ein frontfigur for byskulane.

Sethne var inspirert av Maria Montessori, og introduserte heimstadlære som eit sentralt fag i norsk skule etter pedagogiske idear frå den italienske montessoriskulen. Stilskriving og teikning blei vektlagte, knytta opp mot ei friare tilnærming til fagstoffet i storskulen. Leseundervisinga ved Sagene skule førte til opprettinga av det fyrste folkeskulebiblioteket i landet med lesestue for elevane.[2]

Frå 1919[1] til 1936 var Sethne leiar av Norges Lærerinneforbund.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I 1932 blei Sethne utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden «for fremragende innsats for den norske folkeskoles utvikling».[3] Ho mottok St. Hallvard-medaljen i 1956.[4][5]

Pilestredet 42 ved Oslomet – storbyuniversitetet er namngjeve «Anna Sethnes hus».

Minneplakett er sett opp på Eugenies gate 22A på St. Hanshaugen der ho budde.[6]

Anna Sethne er gravlagd på Vår Frelsers gravlund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Anna Sethne tok barnas interesser inn i skolen», www.utdanningsnytt.no (på norsk bokmål), 24. april 2016, henta 18. mars 2024 
  2. «Sagene-lærer hedres med skilt», Sagene Avis (på norsk), 6. mars 2018, henta 18. mars 2024 
  3. «Har du skolebarn? Da bør du vite hvem denne kvinnen er». Henta 25. august 2016. 
  4. Aftenpostens historiemagasin. Nr. 6 - 2016
  5. «Tidligere mottakere av St. Hallvard-medaljen». Oslo kommune. Arkivert frå originalen 10. januar 2014. Henta 30. januar 2017. 
  6. «Sagene-lærer hedres med skilt», Sagene Avis (på norsk), 6. mars 2018, henta 18. mars 2024