Anne-Marie av Hellas
| Anne-Marie av Hellas Άννα-Μαρία, Βασίλισσα των Ελλήνων |
|
Dronning Anne-Marie av Hellas i Stockholm i 2010. |
|
| Dronning av Hellas | |
| Fødenamn | Anne-Marie Dagmar Ingrid |
| Fullt namn | Anne-Marie (gresk: Άννα-Μαρία) |
| Titlar | Prinsesse av Danmark (1946–1964) Dronning av Hellas (1964–1973) |
| Fødd | 30. september 1946, København i Danmark |
| Ektefelle | Konstantin II av Hellas |
Dronning Anne-Marie av Hellas (gresk: Άννα-Μαρία, Βασίλισσα των Ελλήνων) (fødd Prinsesse Anne-Marie Dagmar Ingrid av Danmark, 30. august 1946 i København) er yngste dotter av kong Frederik IX av Danmark og dronning Ingrid av Danmark. Ho er syster av dronning Margrethe II av Danmark og prinsesse Benedikte av Danmark.
Ho er gift med kong Konstantin II av Hellas, som vart avsett etter ein folkerøysting i 1973 og 1974. Tittelen hennar, dronning av Hellas (eller dronning av hellenarane) er ikkje lenger anerkjend i Hellas, som fylgje av den republikanske greske konstitusjonen. I utlandet vert ho gjerne framleis tiltalt som dronning av Hellas.
Ho er riddar av Elefantordenen og er tildelt Dannebrogordenen.
Namn og titlar [endre]
- 1946–1964: Prinsesse Anne-Marie Dagmar Ingrid av Danmark
- 1964–1973: Dronning Anne-Marie av Hellas
-
Kong Konstantin II og Dronning Anne-Marie ankom Konserthuset i Stockholm i Sverige, dagen før bryllaupet til Kronprinsesse Victoria og Daniel Westling (no Prins Daniel), 18. juni 2010