Konstantin II av Hellas
| Konstantin II | |
| Konge av Hellas | |
| Regjeringstid | 6. mars 1964–1. juni 1973 |
|---|---|
| Fødenamn | Konstantin |
| Fullt namn | Konstantin II |
| Fødd | 2. juni 1940, Aten i Hellas |
| Føregjengar | Paul av Hellas |
| Ektefelle | Anne-Marie av Danmark |
| Hus | Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg |
| Far | Paul av Hellas |
| Mor | Frederike av Hellas |
| Born | Princess Alexia av Hellas og Danmark Pavlos av Hellas Nikolaos av Hellas og Danmark Theodora av Hellas og Danmark Philippos av Hellas og Danmark |
Konstantin II GCRR, RE (gresk Κωνσταντίνος Β') (fødd 2. juni 1940 i Aten) var konge av Hellas frå 1964 til monarkiet vart avskaffa av den greske militærjuntaen 1. juni 1974, og er no tronpretendent av Hellas.
Han var berre 24 år gammal då han vart konge, men hadde klåre politiske ambisjonar om å vere ein konge med makt og innverknad. Dette førde han opp i fleire konfliktar med dei folkevalde politikarane. Same år som han vart konge, gifta han seg med kusina si, den 18 år gamle prinsesse Anne-Marie av Danmark. Dei fekk etter kvart fem born. Våren 1967 gjorde ein militærjunta statskupp i Hellas, og avsette regjeringa. I desember same året gjorde kongen eit forsøk på motkupp, men dette mislukkast. Kuppforsøket var dårleg planlagt og hjelpelaust gjennomført. Kongefamilien flykta til Roma, og har sidan levt i eksil, det meste av tida i London.
Som ung vann kronprins Konstantin gull i drakebåtsegling under sommar-OL 1960. Han var òg ein god symjar og hadde svart belte i karate.[1]
Kong Konstantin II vart i 1964 tildelt storkors med kjede av St. Olavs Orden. Han er òg riddar av Elefantordenen og er tildelt Dannebrogordenen.
Innhaldsliste |
Olympiske medaljar [endre]
Sommar-OL 1960 [endre]
Hellas [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Constantine II of Greece frå Engelsk Wikipedia .
Fotnotar [endre]
- ↑ Monarchs In Waiting, pp.39-41