Alexia av Hellas og Danmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Prinsesse Alexia av Hellas og Danmark

Prinsesse Alexia av Hellas og Danmark (fødd 10. juli 1965) er eldstebarnet til kong Konstantin II av Hellas og dronning Anne-Marie (fødd prinsesse Anne-Marie Dagmar Ingrid av Danmark, yngste borna til Fredrik IX av Danmark og Ingrid av Sverige).

Prinsessa vart fødd på Monnar Repos, Kérkyra i Hellas, i same hus som prins Philip, hertug av Edinburgh vart fødd. Ho var fyrstearving til den greske trona fram til broren Pavlos kom til verda, og Hellas var på den tida enno eit fungerande monarki. Arvefølgjeloven i Hellas følgde ikkje dei saliske prinsipp, men hadde stor likskap med arvefølgjelovene i Storbritannia og Spania.

Den 9. juli 1999 gifta Alexia seg med Carlos Morales Quintana i St. Sophia-katedralen i London. Prinsesse Alexia og Carlos har fire born:

  • Arrietta Morales y dei Grecia
  • Ana María Morales y dei Grecia
  • Carlos Morales y dei Grecia
  • Amelia Morales y dei Grecia

Familien bur no i Puerto CaleroLanzarote, Kanariøyene i eit hus teikna av Carlos sjølv.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Alexia av Hellas og Danmark