Anshan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Byen Anshan
Plasseringa av Anshan (gul) i Liaoning
Showa stålverk, før 1945

Anshan (kinesisk: 鞍山; pinyin: Ānshān) er eit byprefektur sentralt i den kinesiske provinsen Liaoning. Byprefekturet har eit areal på 9 252 km² og hadde over 3,6 millionar ibuarar i 2010.

Byprefekturet Anshan omfattar fire distrikt (区 ), eitt byfylke (市 shì), eitt fylke (县 xiàn) og eitt autonome fylke (自治县 zìzhìxiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Sjølv byen Anshan, med 1,5 millionar ibuarar, har Kinas største jarn- og stålverkskompleks. I byprefekturet er det mange jarn- og kolgruver. Anshan er ein storprodusent av jarnbaneskinner, kablar og liknande stålprodukt, og har også industrianlegg for kjemikaliar, traktorar, maskineri, sement og papir, og oljeraffineri.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 202 går gjennom området. Han tek til i Heihe i provinsen Heilongjiang, passerer gjennom Harbin og Shenyang, og endar opp i Dalian ved Gulehavet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Anshan vart grunnlagt i 1387, festningsverk kring byen vart bygt på 1500-talet. Både under boksaropprøret i 1900 og under den japansk-russiske krig i 1904-05 vart byen sterkt skada. Etter desse hendingane vart gjenoppbygd med breie gater.

Industrialisering tok til i 1918, og skaut kraftig fart under den japanske okkupasjon som begynte i 1931. Under andre verdskrigen utvikla japanarar den metallurgiske industrien i Anshan. Sovjetunionen demonterte og frakta vekk dei fleste stålverka i tida 1944-46. Gjenoppbygginga med moderne industrianlegg, tok til tidleg i 1950-åra og var sluttført i 1956.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]