António Luís de Sousa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

António Luís de Sousa, 4. greve av Prado og 2. marki av Minas (6. april 164425. desember 1721) var ein portugisisk general og generalguvernør i Portugal.

Han var son av Dom Francisco, den første Marquês das Minas og den andre kona hans, D. Eufrásia Filipa de Lima.

Frå ung alder var han meint for ein militærkarriere. 14 år gammal var han til stades i lag med faren i slaget ved Elvas-linjene. Året etter kjempa han mot spanjolane nord i Minho, og vart ein general i 1665 etter erobringa av Guarda.

Etter freden i Lisboa vart han militær guvernør i Minho i fråvær av faren, som vart sendt som ambassadør til Roma. Han tok tittelen Marquês das Minas då faren døydde i 1674.

Mellom 1684 og 1687 var han generalguvernør i Brasil. Han måtte gjenopprette freden etter vanstyret til føregjengarane hans, og vart konfrontert med ein alvorleg epidemi i provinsen Bahia.

I 1687 vendte han attende til Portugal og vart utpeikt som krigsrådgjevar.

Den spanske arvefølgjekrigen[endre | endre wikiteksten]

den spanske arvefølgjekrigen (1702–1715) braut ut, støtta kong Peter II av Portugal først Frankrike, men den 16. mai 1703, signerte Portugal og Storbritannia Methuen-traktaten, som gjorde portugisarane og engelskmennene til allierte. De Sousa vart sendt til grensa for å førebu den portugisiske armeen for krig, men i 1704 var det den fransk-spanske styrken som gjekk til åtak først. Invasjonen vart stoppa på grunn av mangel frå støtte frå Madrid, og dei allierte invasjonane av Barcelona og Gibraltar, samt motstanden organisert av Sousa (som vann eit mindre slag nær Monsanto).

I oktober 1704 vart den første invasjonen av Spania sett i gang under Henri de Massue, 1. jarl av Galway og markien av Minas. Målet var å erobre Badajoz og slik opne ein andre front for å støtte Peterborough i Catalonia. Forholdet mellom dei to allierte kommandantane var derimot dårleg, og det same vart samhandlinga. Det var derfor ikkje vanskeleg for den erfarne franske kommandanten de Tessé å drive attende invasjonen.

I 1706 vart de Tessé slått nær Barcelona og det vart tydeleg at grensa til Portugal var uverna. Minas nytta høvet og marsjerte heile vegen til Madrid, og gjekk forbi Badajoz. Den tøffaste motstanden møtte han i Alcántara, der garnisonen på 4200 stod imot i fem dagar før dei kapitulerte. Armeen til hertugen av Berwick var i nærleiken, men var ikkje sterk nok til å risikere eit slag.

Den 28. juni 1706 gjekk den portugisiske armeen inn i Madrid og erkehertug Karl vart erklært konge av Spania. Det vart derimot snart klart at dei allierte i Madrid var særs isolert. Folkesetnaden var fiendtleg innstilt og hertugen av Berwick avskjerte kommunikasjonslinjene til Portugal og Aragon. Dei valte derfor å forlate Madrid og slå seg saman med dei allierte styrkane i Valencia. Hertugen av Berwick venta på dei og påførte dei eit knusande nederlag i slaget ved Almansa.