Slaget ved Almansa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Almansa
Del av den spanske arvefølgjekrigen
Batalladealmansa.jpg
Slaget ved Almansa (1707)
Dato 25. april 1707
Stad Almansa, Albacete i Spania
Resultat Avgjerande fransk-spansk siger
Partar
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Flagget til Portugal Portugal
Prinsenvlag.svg Dei sameinte Nederlanda
Bandera de España 1701-1760.svg Spania
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike[1]
Kommandantar
Jarlen av Galway
Markien av Minas
Hertugen av Berwick
Styrkar
22 000 25 000
Tap
5 000 døde eller skadde
12 000 tekne til fange
3 500 døde eller skadde

Slaget ved Almansa, utkjempa den 25. april 1707, var eit av dei mest avgjerande slaga i den spanske arvefølgjekrigen. I Almansa slo den franskspanske armeen under Berwick grundig den allierte styrken til Portugal, Storbritannia og Dei sameinte Nederlanda leia av Jarlen av Galway, og tok attende det meste av Aust-Spania for Bourbon.

Slaget har vorte skildra som «truleg det einaste slaget i historia der dei britiske styrkane var kommandert av ein franskmann, og dei franske styrkane av ein brite»[2]

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Den fransk-spanske armeen på kring 25 000 mann bestod av like mange spanjolar og franskmenn, i tillegg eit irsk regiment. Mot dei stod ein styrke med hovudsakleg engelskmenn og portugisarar i lag med nederlendarar, tyskarar og franske hugenottar.

Slaget starta med artillerield frå begge sider. Då Galway nytta reservane sine for å angripe det fransk-spanske senteret, sette Berwick ut ein sterk styrke med fransk-spansk kavaleri mot den svekka engelsk-portugisiske linja, og utrydda dei portugisiske ryttarane. Ei generell nedslakting følgde, og berre det portugisiske infanteriet heldt stand, angripen frå tre sider, og forsøk på å trekkje seg attende. Dei overgav seg då mørkret senka seg. Galway mista 5 000 som omkom og 12 000 mann som vart teken til fange. Av armeen hans på 22 000 klarte berre 5 000 å kome seg unna til Tortosa.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Sigeren var ei stort steg i å sikre Spania for Bourbon. Den største armeen til dei allierte var no øydelagd, og tronpretendenten Filip tok attende initiativet og tok Valencia.

Byen Xàtiva vart brend ned og endra namn til San Felipe for å straffe han (til minne om dette heng framleis portrett av monarken oppned i det lokale museet L'Almodí.[3])

Innan kort tid var dei einaste gjenverande allierte for den habsburgske tronpretendenten erkehertug Karl, støttespelarane hans i Catalonia og på Balearane.

Fredrik II av Preussen kalla Almansa «det mest vitskaplege slaget i hundreåret vårt», medan Winston Churchill ein gong samanlikna det knusande britiske nederlaget til katastrofer som venta den britiske armeen føre Nazi-Tyskland i starten av den andre verdskrigen.

Detalj frå Batalla de Almansa av Ricardo Balaca (1862).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. George Ripley, Charles Anderson Dana, The American Cyclopaedia, New York, 1874, s. 250, "...the standard of France was white, sprinkled with golden fleur de lis...". *[1] The original Banner of Frankrike was strewn with fleurs-de-lis. *[2]:on the reverse of this plate it says: "Le pavillon royal était véritablement le drapeau national au dix-huitième siecle...Vue du chateau d'arrière d'un vaisseau de guerre de haut rang portant le pavillon royal (blanc, avec les armes de Frankrike)."[3] from the 1911 Encyclopedia Britannica: "The oriflamme and the Chape de St Martin were succeeded at the end of the 16th century, when Henry III., the last of the Huset Valois, came to the throne, by the white standard powdered with fleurs-de-lis. This in turn gave place to the famous tricolour."
  2. Norwich, John Jules (2007). The Middle Sea. A History of the Mediterranean. London: Chatto & Windus. ISBN 0701176083.  Berwick var den uekte sonen til kong Jakob II av England, som var i eksil, og som hadde gått inn i teneste i den franske armeen etter han og faren drog i eksil. Galway var ein fransk hugenott som hadde gått inn i engelsk teneste under Vilhelm av Oranien.
  3. http://www.ayto-xativa.org/museu/cas/museo_fichas_detalle.asp?id=12

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Slaget ved Almansa

Koordinatar: 38°52′28″N 1°5′37.30″W