Antarktispetrell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Antarktispetrell

Status i verda: LC Livskraftig

Antarktispetrell i fluktFoto: François Guerraz
Antarktispetrell i flukt
Foto: François Guerraz

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Procellariidae
Slekt: Thalassoica
Art: T. antarctica
Vitskapleg namn
Thalassoica antarctica
J. F. Gmelin, 1789

Antarktispetrell, Thalassoica antarctica, er ein petrell i stormfuglfamilien som lever ved kystar og til havs, sirkumpolart nær eller på kysten av Antarktika, hekkar òg opptil 250 kilometer inne på kontinentet. Han er særs talrik med meir enn 10 millionar fuglar, og er mest vanleg i Rosshavet. Antarktispetrell er monotypisk i slekta Thalassoica, og ein medlem av den naturlege gruppa havhestar.

Denne arten har mørkebrunt hovud, rygg og frampart av overvenger og har eit mørkt endeband på en elles kvit hale. Undersida er kvit. Dette er ein kraftig bygd, mellomstor sjøfugl, ca. 45 cm i koppslengd og 650 gram i kroppsmasse.[1]

Dei plukkar føda frå havoverflata, først og fremst kril, blekksprut og småfisk.[1]

Hekkekoloniane ligg på småøyar ved kysten i isfrie område, og inkluderer òg Shackleton Range og Theronfjella .[1] Egglegging skjer i perioden slutten av november til første dagar av desember, tida frå egglegging til ungen er flygedyktig er ca. 3 månader.

Verdspopulasjonen var estimert til mellom 10 og 20 millionar individ i 2004, og er stabil.[2] Av dette finst ca. 7,8 millionar innanfor Ross Dependency.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Heather og Robertson, 2005
  2. BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]