Antoine-Jean Gros

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
L. Massard, etter François Gérard:Antoine-Jean Gros
Slaget ved Abukir, 1806
Napoleon på slagmarka ved Eylau, 1808

Antoine-Jean Gros (16. mars 177125. juni 1835) var ein fransk kunstmålar som måla i den klassisistiske stilen. Han var fødd i Paris, der far hans var ein lokalt kjend miniatyrmålar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Gros var åra 1785-87 elev av Jacques-Louis David. Under den franske revolusjonen rømde han i 1793 til Italia, då han som rojalist var mistenkt for undergravande verksemd. I Italia slo han seg gjennom ved å måle miniatyrar med meir, mesteparten av tida budde han i Genova. Der fekk han i 1796 kontakt med Napoleon, ein kar som Gros glorifiserte i Sigeren ved Arcole. Måleriet gav han gunst hos Napoleon og var samstundes ein stor kunstnarisk siger. Gros sin kunstproduksjon var frå då av nært knytt til gjerningane til den seinare keisaren. Som ingen annan forstod han med biletspråk å tolke den høgtflygande, patriotiske kjensla.

År 1801 var Gros tilbake i Paris. Han fekk bestilling på verket Napoleon hos dei pestsjuke i Jaffa 1799 som vart ferdig i 1804. Her utnytta han for første gongen i fransk kunst Orienten, med sin fargerike, framandarta karakter og opna slik for ei rik kjelde. Både for Slaget ved Abukir (1806) og for det kunstnarisk framifrå Napoleon på slagmarka ved Eylau (1808) fekk han mykje vellæte. Med desse arbeida nådde Gros sitt høgdepunkt som målar.

Kunsten hans bygde i stor grad på grunnsetningane til David. Gjennom Gros si sjeldne skaparkraft og hans røyndomssans, som evna å gripe det momentane og halde fast det karakteristiske og likevel ikkje veik tilbake for det hesleg fråstøytande, braut han seg fri frå dei gamle rammene så bileta hans stod fram, med breie penselstrøk og friske klare fargar, som mykje meir livfulle enn dei den davidske skulen hadde framvist.

I dei påfølgjande verka var originaliteten svekka, og det teatralske fekk overtaket. Både i Inntoget i Madrid, Napoleon framom pyramidane (1810), Napoleons møte med den austerrikske keisaren etter Austerlitz-slaget (1812) er døme på dette. Hans Frans I og Karl V ved gravene i St. Denis (1812) var likevel, særleg fargebruken, eit framifrå arbeid.

Under restaurasjonsperioden etter 1815, då Gros framleis hadde ein høg posisjonen ved hoffet og vart adla, fall kunsten hans enno meir i verd. Emne som Ludvig XVIII bryt opp frå Tuileriane (1817) og liknande, inspirerte han heller lite. Under kuppelen på Pantheon gav han ei framifrå vising av Genoveva sin apoteose (1824), men han evna ikkje å smelte saman allegorien og notidsbiletet.

Då David døydde tok Gros over atelieret hans. Dette leia han strengt etter doktrinane til læremeisteren. Til sine ca. 400 elevar prenta han inn det antikke mytologiske og historiske biletet som den einaste gyldige rettesnora, fullstendig imot sin eigen tidlegare praksis. Den påverknaden hans eigne verk hadde på romantikken, svor han frå seg. På utstillinga i 1835 fekk hans sterkt akademiske verk Herakles og Diomedes hard medfart. Sterkt deprimert tok han livet sitt ved Meudon, i ei sideelv til Seinen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Antoine-Jean Gros