Jacques-Louis David

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett av Jacques-Louis David (1794)

Jacques-Louis David (30. august 174829. desember 1825) var ein fransk målar og møbelarkitekt, grunnleggjaren av kunstretninga nyklassisisme, og kjend for framifrå handverk og portrettkunst i både samtidige og historiske motiv.

Liv og verk[endre | endre wikiteksten]

Horatiernes ed (1784)

David var førande innanfor nyklassisismen, men blei opplært av Joseph Marie Vien i ein rokokkotradisjon i stilen til François Boucher. Denne retninga forkasta David med måleriet Horatiar-eiden, som blei framsynt i 1784 både i Roma og Paris og straks vidgjete som eit banebrytande verk. Fargane var lysande og klare og teikninga fast, naturleg og kraftfull. Motivet vende seg i tillegg vekk frå dei sutlause forlystingane til aristokratiet, og søkte i staden tilbake til dei strenge dydane frå den romerske republikken.

Som ivrig republikanar, jakobinar og venn av revolusjonsleiaren Maximilien de Robespierre, hylla David dei revolusjonære sigrane, som i Eiden i ballhuset, og lovprisa martyrane, som i Marats død. I det skjebnetunge Liktorane fører heim lika av sønene til Brutus vender han tilbake til motivet med republikkdydane. David blei fengsla etter at Robespierre fall i 1794, og frå cella måla han sitt einaste landskapsbilete Utsyn over Luxembourghagen, eit lite meisterverk innanfor sjangeren, svært romantisk, varmt og uttrykksfullt. Portretta hans er klare, men ikkje strenge, til dømes det av ektefellane Sériziat og den vakre, vidgjetne Madame Récamier (1800).

Kroninga av keisarinna gjort av keisar Napoleon. (1806-1807)

David var den store Napoleon-skildraren framfor nokon. Han blei hoffmålar for keisaren i 1804 og lagde blant anna det mektige og pompøse Napoleons kroning i åra 1805 til 1807. Etter at Napoleon fall i 1816 måtte han likevel rømme frå landet og søkte tilflukt i Brussel.

David blei ein slags «kunstdiktator» i Frankrike i perioden frå byrjinga av den franske revolusjonen og fram til Napoleon fall. Få personar har påverka kunsta og smaken i si eiga tid som David. Han hadde over fire hundre elevar, mellom anna Jean Auguste Dominique Ingres, Jean-Baptiste Isabey, François Pascal Simon Gérard, Antoine-Jean Gros, nordmannen Jacob Munch, svensken Per Krafft d.y., og dansken Christoffer Wilhelm Eckersberg, og fekk gjennom dei avgjerande innverknad på kunstutviklinga i den vestlege verda. Motiva hans, som ofte var allegoriske, historiske og mytologiske, og jakta på eit klassisk venleiksideal som vart tufta på den lovmessige utforminga av antikke skulpturer (slik folk rekna det på den tid), la derfor grunnlaget for heile den akademiske kunsta1800-talet.

Som møbelarkitekt var David ein av dei første som kopierte møblar direkte frå antikken, og hans verk spelte ein grunnleggjande rolle for utforminga av empirestilen.

Galleri (utval)[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jacques-Louis David