Anton Arenskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anton Stepanovitsj Arenskij (postkort)

Anton Stepanovitsj Arenskij (russisk Антон Степанович Аренский) (12. juli 186125. februar 1906) var ein russisk komponist.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Arenskij voks opp i ein velhavande og musikkelskande familie og fekk høve til å drive med musikk allereie i ung alder. Etter å ha gått på musikkskolen Russo i St. Petersburg tok han i 1879 til å studere komposisjon og kontrapunkt ved konservatoriet i byen under Nikolaj Rimskij-Korsakov. I 1882 avslutta han studiet med glans og året etter fekk han ein lærarpost i komposisjon ved konservatoriet i Moskva, og i 1889 professortittel. Arenskij hadde ei mengd studentar som seinare blei namngjetne komponistar, gode døme er Sergej Rakhmaninov og Aleksandr Skrjabin. På midten av 1880-åra leid Arenskij av store psykiske problem, ikkje minst på grunn av eit ulukkeleg ekteskap. I 1895 sa han frå seg alle postane sine og blei leiar av tsarens hoffsongarkapell i St. Petersburg. Denne posten hadde han til 1901, og detter det valde han å leve som fri kunstnar; rett nok med ein god pensjon. Dei siste åra hans blei formørka av alkoholisme, spelegalskap og ein tuberkulose som til slutt tok livet hans.

Stil[endre | endre wikiteksten]

Arenskij utvikla ingen utprega eigen stil; dei første verka hans var prega av læraren Rimskij-Korsakov, seinare av Pjotr Tsjajkovskij. Ein kan òg finne påverknad av Frédéric Chopin og Robert Schumann, dels av franske element. Resultatet er at musikken til Arenskij ikkje kling typisk «russisk», dette i motsetnad til musikken til samtidige landsmenn, som Aleksandr Glazunov og Vassilij Kalinnikov. Generelt sett kan ein seie at Arenskij unngjekk dramatikk og sterke verkemiddel og heller gav dei lyriske elementa ein framståande plass. Mange av verka hans ligg tett opp til salongmusikk; og han blei ofte konfrontert med skuldingar om eklektisisme. Alt dette fekk Rinskij-Korsakov til å spå at Arenskij snart ville vere gløymd. Mange av verka til Arenskij held likevel så høg kvalitet at dei er verde ein nærare bekjentskap.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]