Sergej Rakhmaninov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rakhmaninov ved eit Steinway-flygel.

Sergej Vasiljevitsj Rakhmaninov (russisk Сергей Васильевич Рахманинов, sjølv brukte han forma Rachmaninoff) (1. april 187328. mars 1943) var ein russisk komponist, pianist og dirigent.

Barndom[endre | endre wikiteksten]

Rakhmaninov i 1885.

Rakhmaninov blei fødd på godset Semjonovo ved Staraja Russa i Novgorod oblast. Han var den fjerde av dei seks ungane til Vassilij Arkadjevitsj Rakhmaninov og Ljubov Petrovna Butakova. Ho hadde med fem gods inn i ekteskapet, men faren, som var ein godlynt og sosial fantast, mangla evne til å drive rekningssvarande, så etter ti år var familien nær konkurs. Pengeproblema var ei stor belastning for ekteskapet og da han måtte gi opp det siste godset Oneg i 1882, flytta familien til St. Petersburg der foreldra til slutt skilde lag.

Mora gav Rakhmaninov klaverundervisning frå han var i fireårsalderen, seinare fekk han undervisning av ei lærarinne utdanna ved konservatoriet i St. Petersburg. Faren og bestefaren var ikkje utdanna musikarar, men i selskapelege samanhangar kunne dei på oppmoding spele kjende melodiar med improvisert akkompagnement. Rakhmaninov gjekk på konservatoriet i St. Petersburg og studerte klaver, musikkteori og allmennfag. Etter at søstera Sofia døydde av difteri og foreldra hadde skilt seg, blei presset på mora svært stort. Til alt overmål strauk Rakhmaninov i allmennfag til avsluttande eksamen slik at han mista stipendet og måtte forlate konservatoriet. Den rådlause mora vendte seg da til nevøen sin, Aleksandr Siloti, eit eldre syskenborn av Rakhmaninov som var det nye stjerneskotet på den russiske pianisthimmelen. Da han høyrte Rakhmaninov spele, innsåg han straks at han dette var eit stort, men upolert talent. Siloti føreslo at Rakhmaninov byrja hos klaverpedagogen Nikolaj ZverevMoskva konservatorium. Med berre 100 rublar – meir makta ikkje familien å avsjå – reiste den fjorten år gamle Rakhmaninov til Moskva i 1885.

Studietida[endre | endre wikiteksten]

Zverev lèt tre særleg gåverike elevar bu hos seg, og slik fekk Rakhmaninov seg ein stad å bu i Moskva. Undervisninga var gratis og Zverev betalte til og med for fransk- og tyskundervisninga. Som motyting kravde han full studiedisiplin av studentane, dei måtte forplikte seg til å øve seks timar kvar dag. Han var sparsam med godorda – så sant ikkje ein tredjepart var til stades, da blei han straks rausare med rosen.

Seinare noterte Rakhmaninov:

«Zverev gjorde huset sitt, som kunne vere eit musikalsk fengsel, om til eit musikalsk paradis: på søndagane blei den strenge læraren som omskapt. Om ettermiddagen og kvelden var det ope hus for dei viktigaste musikalske figurane i Moskva. Pjotr Tsjajkovskij, Sergej Tanejev, Anton Arenskij, Vassilij Safonov og Aleksandr Siloti dukka opp, liksom universitetsprofessorar, juristar og skodespelarar, og timane gjekk med diskusjonar og musikk. […] Dei improviserte framføringane våre var den største gleda til Zverev. Korleis vi enn spelte, så sa han straks: "Utmerkt! Godt gjort! Framifrå!" Han lèt os spele kva vi enn måtte pusle med for tida og oppmoda gjestene til å fortelje kva dei tykte om prestasjonane våre»

I 1888 byrja Rakhmaninov på Siloti sitt kurs for vidarekomne og samstundes arbeidde han meir med komposisjon. Men han fekk aldri ro til å komponere i huset til Zverev – støtt var det ein eller annan som sat ved klaveret og øvde – og derfor kom det til brot mellom han og velyndaren. Det enda med at Varvara Satina, søstra til faren hans, tok han inn i hushaldet sitt. Sønene og døtrene hennar var på omtrent same alder som Rakhmaninov og kom godt ut av det med den nye gjesten. Dottera Natalja blei seinare kona hans.

Siloti kom opp i ei konflikt på instituttet og valde å slutte som lærar ved konservatoriet i Moskva, og dermed bestemde Rakhmaninov seg for å slutte òg. Under avslutningsprøva i mai 1891 spelte han blant anna Waldstein-sonaten av Beethoven og Sonate i b-moll av Frédéric Chopin. I faget komposisjon fekk han i oppgåve å skrive ein opera i ei akt – resultatet var Aleko, ei historie frå «sigøynarmiljø» med kjærleik, lidenskap og død heilt i stil med Pietro Mascagni sin Cavalleria rusticana. Sensorane var så overtydde at dei gav han «den store gullmedaljen». Uroppføringa i Bolsjojteateret 27. april 1893 blei møtt med positiv respons i pressa og førde til invitasjonar utanfrå.

Første suksess[endre | endre wikiteksten]

Kort tid etter Aleko skreiv Rakhmaninov Klaverkonsert nr. 1 i fiss-moll som han gav opustalet 1: i mars 1892 spelte han hovudsatsen under ein konsert ved konservatoriet og hausta stor fagnad for den. Sommaren 1893 gjorde han ferdig det symfoniske diktet Steinen (Утёс) og Suite for to klaver op. 5 som han dediserte sitt store idol Pjotr Tsjajkovskij. Tsjajkovskij blei svært smigra og vitsa om at denne sommaren hadde han «berre» fått i stand ein symfoni (6. symfoni, Pathétique). Han aksepterte ein invitasjon om å komme på ei oppføring til hausten, men døydde brått før konserten. Skaka skreiv Rakhmaninov Trio élégiaque Nr. 2 – «til minne om ein stor kunstnar».

Tvil på seg sjølv[endre | endre wikiteksten]

Den unge Rakhmaninov i 1901

Suksessen gjorde at Rakhmaninov tok til å leve over evne, og snart var reservane brukt opp. Sjølv om han hadde ein stort sett lojal forleggar som publiserte alt det Rakhmaninov skreiv, forverra dei finansielle problema seg. Han prøvde seg som pianolærar, men mangla pedagogiske evner. Han hadde sterk mothug mot å reise og avbraut ein potensielt lukrativ konsertturné som var meint å gå gjennom fleire russiske byar. På same tid fall Symfoni nr. 1 i d-moll gjennom både hos kritikarar og publikum. Uroppføringa den 15. mars 1897 under leiing av Aleksandr Glazunov var ei katastrofe. Kritikaren César Cui skreiv «… Om det finst ein konsertsal i helvete og ein komponist fekk i oppdrag å skrive ein symfoni med dei egyptiske plagane som tema, da ville dette verket oppfylle oppdraget på beste vis …» Han tenkte nok mest på at opphopinga av dissonansar som han fann så uuthaldelege skuldast leiinga til Glazunov. Glazunov sjølv kunne ikkje utstå korkje Rakhmaninov eller den første symfonien og skal i eit privat lag ha vedgått at han var drukken da han leia framføringa. Rakhmaninov var ingen munter mann i utgangspunktet, han hadde heller ein tendens til tungsinn, og makta ikkje den knusande kritikken. Han gjekk inn i ei djup krise som skapande kunstnar med etterfølgjande depresjon. Komponeringa var det slutt på, men han arbeidde i blant som dirigent ved den russiske privatoperaen i Moskva. Tilslutt klarte familien Satin å overtale han til å søke hjelp.

Hjelpa fann han hos ein pionér innan russisk psykiatri, Nikolaj Dahl, som ved hjelp av daglege terapitimar gjennom tre månader lukkast med å gi Rakhmaninov tilbake sjølvtilliten. Metoden til Dahl var hypnose, og Rakhmaninov skreiv seinare:

«Sovande i Dahl sitt terapirom høyrde eg den same hypnotiske formelen dag etter dag. 'Du kjem til å skrive konserten din… du vil arbeide uten vanskar… Konserten blir av beste kvalitet…' Det var alltid dei same orda, utan avbrot. Det kan verke utruleg, men denne terapien hjelpte meg verkeleg. Om sommaren tok eg til å komponere. Materialet voks og nye musikalske idear strøymde på.»

Rakhmaninov tok til å arbeide på den andre klaverkonserten sin, op. 18 i c-moll. I takksemd over å ha fått hjelp til å komme i gang igjen dediserte han den til Dahl. I dag blir dette verket rekna som den mest kjente konserten frå romantikken. Andre og tredje sats stod ferdig først, og Rakhmaninov spelte dei for eit publikum hausten 1900. Deretter skreiv han raskt førstesatsen. Det ferdige verket blei uroppført 27. oktober 1901 under leiing av Aleksandr Siloti med Rakhmaninov sjølv ved klaveret.

Nyorientering[endre | endre wikiteksten]

29. april 1902 gifta Rakhmaninov seg med kusina Natalja Aleksandrovna Satina. Ho var klaverelev ved konservatoriet i Moskva og hadde forståing for at han ønskte å utfalde seg som komponist, og stødde han heilhjarta. Dei fekk døtrene Irina og Tatjana.

I 1904 tok Rakhmaninov på seg ei ny utfordring: han blei dirigent ved Bolsjojteateret. Her var han i to år og innførte ei rekke nye regler. Dirigentpulten som forgjengarane av ein eller annan grunn hadde plassert ved sida av sufflørkassa, flytta han tilbake til orkestergrava. Enkelte instrumentgrupper hadde hatt for vane å gå frå scena om det ikkje var bruk for dei over lengre passasjar og så dukke opp når det var tid for å ta eit tak igjen, men det blei det slutt med nå. Rakhmaninov lukkast særs godt med det nye, harde regimet og oppføringane fekk mykje positiv omtale i pressa:

«Rakhmaninov si leiing førde straks til at det no blæs ein frisk vind over Bolsjojorkesteret og alt det vi drøymde om i kritikkane våre blei til røyndom. […] Vi kjem med stor interesse til å følgje alle nye grep Rakhmaninov gjer i karrieren si som operakapellmester, for gjerninga hans lovar alt godt for scena vår.»

Dresden[endre | endre wikiteksten]

Originalversjonen av Arnold Böcklin sitt måleri Die Toteninsel, 1880

Familien Rakhmaninov var gjerne på godset Ivanovka ved Uvarovo i datidas gouvernement Tambov om somrane.[1] Frå 1906 og dei to åra etter var dei i Dresden om vintrane. Rakhmaninov likte godt den musikalske hovudstaden og skreiv her den andre symfonien op. 27, den første klaversonata op. 28 og tonediktet Die Toteninsel op. 29. Sistnemde var inspirert av eit svart-kvitt trykk av Arnold Böcklin sitt måleri med same namn. Da han seinare såg originalen, skreiv han:

«Eg blei ikkje spesielt imponert over fargane. Hadde eg sett originalen først, ville eg kanskje ikkje ha skrive Die Toteninsel.»

Også for klaversonaten kan det tenkast at det låg eit «program» til grunn, men Rakhmaninov ville absolutt ikkje gje det neminga «programmusikk». Inspirasjonen kom frå Goethe sin tragedie Faust og Rakhmaninov såg for seg figurane Faust, Gretchen og Mephistopheles da han skreiv dei einskilde temaene til sonatesatsane. I 1909 busette Rakhmaninov seg i Russland på heilårs basis etter han fekk eit tilbod om å bli visepresident og dirigent i den russiske musikksamskipnaden.

Den «siste romantikar»[endre | endre wikiteksten]

Rakhmaninov

I 1909 førebudde Rakhmaninov seg grundig før ein turné i USA. Eit av tiltaka var å skrive den 3. klaverkonserten i d-moll, ein konsert som lik den andre blei svært populær. Han blei møtt med entusiasme, men var skuffa over det amerikanske publikummet berre kjende han som komponist av det vidkjende ciss-moll-preludiet, eit verk han elles ikkje hadde sikra seg dei finansielle rettane til.

I 1910 tok den russiske musikkscena til å splittast. Ei gruppe rundt komponisten Aleksandr Skrjabin arbeidde for ein musikk som tok utgangspunkt i ein ny tonalitet. Men dei makta ikkje vinne Rakhmaninov for si sak, han heldt heile livet fast ved tradisjonen med ein tonal komposisjonsstil og blei ofte bebreida for det; mange kalla han «den siste romantikar». Tilhengarar og forsvararar av Arnold Schönberg sin musikk, framfor alt Theodor Adorno, retta ofte knusande kritikk mot Rakhmaninov. Til dømes såg Adorno på ciss-moll-preludiet som eit glatt bravadostykke som dilettantar kunne simulere kraft og virtuositet med. «Denne barnetriumfen gjer preludiet fascinerande for barnlege vaksne» (Musikalische Warenanalysen). Kritikaren Vjateslav Karatygin skreiv om Rakhmaninov:

«Publikun forgudar Rakhmaninov av den grunn at han tilfredsstiller den gjennomsnittlege spissborgaren sin musikksmak.»

Sjølv komponistar som så langt i stor grad skreiv i ein meir eller mindre utvida tonalitet, til dømes Igor Stravinskij og Richard Strauss, ytra seg kritisk til Rakhmaninov sin musikk.

Eksil[endre | endre wikiteksten]

Ivanovka
Portrett av Rakhmaninov av Konstantin Somov

Under den første verdskrigen blei Russland avskore frå Europa, og Rakhmaninov kunne berre reise på turnéar inne i Russland. Rakhmaninov og familien flykta til godset Ivanovka, samstundes som det tok til å svirre illevarslande rykte om valdshandlingar mot godseigarar. Mens Oktoberrevolusjonen pågjekk oppheldt den oppskremde Rakhmaninov-familien seg i Moskva, og da han blei invitert Sverige for å opptre på konsert, nølte han ikkje eit sekund, men tok med seg heile familien og reiste. At han aldri skulle få sjå Russland igjen, visste han ikkje.

Etter ei konsertreise i Sverige og Danmark fekk Rakhmaninov fleire tilbod om dirigentpostar i USA. Han bestemde seg likevel for å arbeide som fri kunstnar og blei ein av dei mest etterpurde og best betalde klavervirtuosar i si tid. Mens andre russarar, som til dømes Siloti, hadde mindre hell med å slå gjennom i USA, fekk Rakhmaninov stjernestatus og tente store pengar. Likevel makta han aldri å tilpasse seg. Han og familien levde luksuriøst og tilbaketrekt med russiske tenarskap og dei heldt seg mest i lag med andre eksilrussarar, så han lærde seg aldri engelsk særleg godt. Rakhmaninov fekk amerikansk statsborgarskap i det siste leveåret sitt, men det var for å spare familien for problem med arveoppgjøret.

Rakhmaninov slutta å komponere etter at han var komen i eksil; utan Russland fann han ikkje lengre inspirasjon. Mellom 1919 og 1925 arbeidde han berre på kortare omarbeidingar av andre sine verk, dei mest kjende er Liebesleid og Liebesfreud etter Fritz Kreisler. Frå 1925 til 1928 kom 4. klaverkonserten op. 40 til, men den var basert på skisser som han laga under eit opphald på Ivanovka i 1914.[2]. Heller ikkje til dei tre orkestersongane op. 41 (1926) laga han nye tema, men tok i bruk russiske folkesongar.

Tapet av den landlege idyllen i Ivanovka var tung å bere for Rakhmaninov og han lengta tilbake til det gamle Europa, så han skaffa seg ei strandtomt ved Vierwaldstättersee i Sveits. Villaen han fekk bygd kalla han Senar (= Sergej + Natalja Rakhmaninov). Under sommarmånadane der fann han ro til å komponere. Først kom to variasjonsverk over tema av Arcangelo Corelli (op. 42, 1931) og Rapsodi over eit tema av Paganini op. 43 (1934). Spesielt i det siste verket finn ein att den typisk Rakhmaninovske melodirikdomen som kulminerer i den 18. variasjonen, og som ved sida av hovudtemaet i første sats av 2. klaverkonsert er det mest kjente temaet hans. Oppmuntra av suksessen med dette verket vågde han seg på ein tredje symfoni (1935/6). Verket blei heller lunkent motteken, men denne gongen møtte Rakhmaninov kritikken offensivt og hevda at verket var godt, og at kritikarane tok feil. Med utbrotet av andre verdskrigen mista Rakhmaninov den nye sveitsiske heimen òg. Dei symfoniske dansane skreiv han i Huntington på Long Island (1940). Dette verket med det sjølvbiografiske programmet skulle bli hans siste, og i dei tre siste leveåra omarbeidde han berre den 4. klaverkonserten og ein voggesong av Tsjajkovskij.

Siste år[endre | endre wikiteksten]

I 1942 skaffa Rakhmaninov seg ei tomt i Beverly Hills, 610 Elm Drive. 30 år med konsertreiser hadde sett sine spor – og eit høgt sigarettkonsum enno meir. Slutten kom raskt og han døyde kort tid før den 70. fødselsdagen sin. Han ønskte å bli gravlagt på Novodevitskij-gravplassen der Dmitrij Sjostakovitsj, Aleksandr Skrjabin, Sergej Tanejev og Anton Tsjekhov kviler, men det ønsket fekk han ikkje oppfylt og er gravlagt på Kensicoplassen i New York City.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar og fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kona tok med seg godset Ivanovka inn i ekteskapet. Det er no Rakhmaninov-museum.
  2. Harrison, Max, Rachmaninoff: Life, Works, Recordings. London and New York 2005, s. 253; Norris, Gregory: Rachmaninoff. New York 1993, s. 60

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ewald Reder: Sergej Rachmaninow, Leben und Werk (1873–1943). biografi, 3. omarbeidde opplag 2007, ISBN 3-89774-486-4
  • Andreas Wehrmeyer: Sergej Rachmaninow. rororo-Monographie Rowohlt-Verlag, Reinbek 2000, ISBN 3-499-50416-2
  • Marie Biesold: Sergej Rachmaninoff 1873–1943. Zwischen Moskau und New York. Eine Künstlerbiographie. Berlin 1999, ISBN 3-88679-215-3
  • Fritz Butzbach: Studien zum Klavierkonzert No. 1. Köln 1979
  • Claudio A. D'Antoni Rachmaninov – Personalità e poetica 2003 Roma, Bardi Editore, s. 400ff, (ISBN 88-88620-06-0)
  • Claudio A. D'Antoni Dinamica rappresentativa del ‚suono-parola‘ – La ‚drammaturgia compressa‘ delle Romanze di Rachmaninov, s. 480ff, www.ilmiolibro.it, 2009 Roma
  • Max Harrison: Rachmaninoff: life, works, recordings, London [u. a.]: Continuum, 2007, ISBN 978-0-8264-9312-5

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sergej Rakhmaninov