Anton Bruckner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anton Bruckner

Anton Bruckner (4. september 182411. oktober 1896) var ein austerriksk komponist og organist. I musikkhistoria blir han rekna inn under romantikken og er særleg kjent for sine symfoniar, messer og motettar. Gustav Mahler kalla Bruckner for sin føregjengar.

Bruckner blei fødd i Ansfelden i Austerrike. Han viste lovande musikalitet som barn, men valte likevel å følgje i faren sine fotspor og utdanne seg til skulemeister. Han blei nærare kjend med musikken gjennom å undervise i orgelspel i dei ti åra han var tilsett ved klosteret St Florian nær Linz, der han tidlegare hadde vore elev.

Han brukte fritida si på å studere forskjellige musikalske disiplinar. Då stillinga som organist i katedralen i Linz blei ledig i 1855, blei han til slutt overtalt til å søkje jobben.

Sjølv om han var svært oppteken i Linz, fann Bruckner tid til å ta eit kurs i harmoni og kontrapunkt med Simon Sechter ved konservatoriet i Wien. Han mottok eit framifrå vitnemål i 1861; ein sensor bemerka at «Han skulle ha eksaminert oss». I 1868, blei han atter ein gong overtalt til å forlate jobben i Linz for å ta eit professorat ved konservatoriet i Wien, inkludert lønshøging.

Som person var Bruckner tilbakehalden, tidvis nærmast folkesky. Han var dessutan djupt religiøs.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Fram til 1863 skreiv Bruckner hovudsakleg minutiøst utforma, anonym kyrkjemusikk, men møtet med Wagner sine verk fekk han til å bryte laus frå reglar og teori og utvikle si eiga særeigne form. Wagners dristige harmonikk blei òg det sentrale i Bruckner sine komposisjonar, ved at han brukte komplisert harmonikk i ei motsetning til det som blir kjenneteikna som funksjonsharmonikk. Harmonikken er skil seg frå klassisistane, som gjer at han ofte blir omtalt som «nytyskar», på linje med Liszt, Berlioz og Wagner. Han skreiv likevel absoluttmusikk, på linje med klassisistane. Musikken hans kan verke massiv. Han nytta seg av eit stort orkester, større enn kva normalt var på 1800-talet. Musikken er full av kontrasterande tema og dynamikk. Hans første fullenda symfoni kom i 1856, fire nye symfoniar følgde i løpet av åra 1871 til 1876. Bruckner sine symfoniar har eit monumentalt preg. Med eit romantisk musikksyn framstår dei for mange som mystiske og med eit underliggjande religiøst drag.

Anton Bruckner skreiv i alt ni symfoniar. Han døydde under arbeidet med den siste av desse.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Spire Denne musikkartikkelen som har med Austerrike å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.