Apofyllitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Apofyllitt
Fil:Apophyllite.jpg
Generelt
Kategori Fyllosilikat
Kjemisk formel (K,Na)Ca4Si8O20(F,OH)•8H2O
Identifikasjon
Farge Uvanleg kvit, fargelaus; òg blå, grøn, brun, gul, rosa, fiolett
Krystallform prismatisk, søyleforma, massiv
Krystallsystem Tetragonal; (Apofyllitt-(NaF) er ortorombisk)
Kløyv perfekt på [001]
Brot Ujamn
Mohs hardleiksskala 4.5 - 5
Glans glasaktig; perleaktig
Strekfarge Kvit
Transparens Gjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt 2.3 – 2.4
Optiske eigenskapar
Brytingsindeks 1.536
Pleokroisme Dikroisk (fargelaus)
Kjelder [1]

Apofyllitt er eit fellesnamn for minerala hydroksyapofyllitt og fluorapofyllitt. Dei er begge kvite eller svakt farga mineral med perlemorglans. Fluorapofyllitt er det vanlegaste av desse, og kan opptre i vene tetragonale krystall på sprekkar og holrom i lavaer og andre bergartar, ofte saman med zeolittar.

I Noreg er dei kjent frå kontaktsonene i Oslofeltet, Kongsberg, Arendal, Sulitjelma og andre stader. Den kjemiske samansetnaden er (K,Na)Ca4Si8O20(F,OH)•8H2O. Hydroksyapofyllitt er særs sjeldan, og i Noreg kjent frå gruvene i Mofjellet ved Mo i Rana.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Apofyllitt