Tron Øgrim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tron Øgrim i mai 2006
Foto: Holly Hui

Tron Øgrim (eigentleg Trond) (27. juni 194723. mai 2007) var ein norsk journalist, forfattar og politikar (AKP, RV). Han var med og skipa Sosialistisk ungdomsforbund (SUF, seinare SUF(m-l) og Raud Ungdom), og Arbeidernes Kommunistparti (AKP). Øgrim melde seg ut av AKP på 90-talet, men var framleis med i Raud Valallianse, og han var med i partiet Raudt då det vart danna våren 2007.

Tron Øgrim vart sett på som den fremste ideologiske leiarfiguren i m-l–rørsla på 70-talet og har dessutan gjennom ei årrekkje vore ein aktiv samfunnsdebattant og har engasjert seg i kultur-, teknologi- og språkspørsmål. Han har mellom anna vore radiokåsør, føredragshaldar og forfattar.

Øgrim døydde brått og uventa i mai 2007[1].

Familiebakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Tron Øgrim voks opp i ein radikal akademikarheim i eit villaområde på Hellerud på Oslos austkant. Båe foreldra var akademikarar med røynsle frå motstandsrørsla under andre verdskrigen, faren fysikaren og den tidlege norske TV-kjendisen Otto Øgrim hadde òg vore med i Mot Dag, mora var ernæringsfysiologen Marit Odlaug Eggen.

Oldefaren Johan Ögrim kom frå Sverige og var den første norske Øgrim. Han var med og bygde opp Frelsesarmeen i Noreg, og både han og sonen hans, Tron sin farfar, kommandør T. I. Øgrim, var høgste leiarar for organisasjonen i Noreg. Tron Øgrim var gift med Jorun Gulbrandsen frå 1969 til 1998, og dei har saman tre døtrer, ei av dei er Liv Gulbrandsen. Han var òg onkel til rapparane Elling og Aslak Borgersrud.

Øgrims politiske verke[endre | endre wikiteksten]

I ung alder oppgav han støtta til Norges kommunistiske parti av di han meinte partiet synte ei underdanig haldning til Sovjetunionen. I staden melde han seg inn i Sosialistisk Folkeparti i 1961, 14 år gammal. Allereie tidleg i tenåra begynte Tron Øgrim å planleggje eit kommunistisk parti etter maoistisk føredøme i Noreg, og frå 1965 kalla han seg sjølv maoist. Han tok initiativet til Bryn Hellerud lokallag av Sosialistisk ungdomsforbund og til SUF(m-l). Tron Øgrim sin fløy i SUF fekk i 1967 kontroll med sentralstyret i SUF og med bladet Ungsosialisten, og gjennom studiesirklar og sommarleirar vart det etter kvart semje kring Øgrim sin definisjon av «marxismen-leninismen Mao Tse-tungs tenkning» som «vitenskapen om åssen man driver klassekamp» og «åssen man gjør revolusjon», og SUF vedtok etterkvart at dei skulle vere ein revolusjonær skipnad. I 1969 førde eit vedtak på SF sitt landsmøte om å skipe konkurrerande ungdomsgrupper med SF-profil til at SUF braut med partiet og byrja arbeidet med å danne eit maoistisk parti, som vart AKP(m-l). Tron Øgrim sat frå starten i 1973 og fram til 1984 i sentralkomitéen til AKP(m-l).

I 1975 skreiv Øgrim eit internt partidokument som het «Teser om høyreavviket», eit omfattande oppgjer med det meste AKP(m-l) hadde gjort til då. Dokumentet førde til ein kraftig radikalisering av partiet. Tesene var eit oppgjer med den politikken som var blitt ført under Sigurd Allern si leiing. Men da Allern trekte seg, var det Pål Steigan og ikkje Øgrim som overtok toppvervet.[2] Etter denne utreinskinga av «høgrekreftene» innan partiet fekk det frå 1975 av ytterlegare styrkt si radikale line med skarp brodd mot SV sin «revisjonisme» og Sovjet sin «sosialimperialisme». I den påfølgjande «sjølvproletariserings»-kampanjen vart Tron Øgrim bryggeriarbeidar, ein jobb han hadde i mange år. Han hadde òg tillitsverv i fagforeninga og sat ein periode som dei tilsettes representant i styret i Ringnes.[3]

Tron Øgrim gjekk ut av AKP i 1990-åra, men fortsette som medlem i Raud Valallianse, seinare Raudt[4]. Der hadde han ingen formelle posisjonar men var ein ihuga deltakar i interne debattar. Då RV, som første parti, formulerte eit eige Internett-program, var det Tron Øgrim som var initiativtakar.

Av fleire vert Øgrim sin stil og sitt verke oppfatta som ei viktig årsak til at ml-rørsla fekk så stor påverknad på det norske kulturlivet i 70-åra:

«[Det] spesifikt «øgrimske» gjorde at ml-bevegelsen ble tilført noe ekstra utover det som i utgangspunktet lå i den kommunistiske partitradisjonen og den puritanske norske motkulturen, som bevegelsen så vellykket hentet inspirasjon fra i sine velmaktsdager. Denne særegne blandingen av ortodoks kommunisme, maoisme, amerikanskinspirert ungdomskultur og norsk motkultur, forklarer langt på vei hvorfor ml-bevegelsen fikk sterkere fotfeste i Norge enn i svært mange andre vestlige land.» (Bjørgulv Braanen i Klassekampen.)[5]
Øgrim under ei byvandring i Oslo i februar 2006, i samband med hundreårsjubileet til Noregs mållag.
Foto: Kjetil Ree

Det var òg Øgrim som kom på ideen å lage ei månadsavis med namnet Klassekampen. Første utgåve kom i februar 1969. Seinare var han viktig i arbeidet med utviding til veke- og dagsavis. I periodar skreiv han mykje i Klassekampen, både som politisk skribent og som teatermeldar.

Han spela ei sentral rolle i ml-rørsla si satsing på kultur. Han var med på å inspirere eller starte forlaget Oktober (1970), plateselskapet MAI (1973) og Tronsmo bokhandel (1973).

Som organisasjonsmenneske var ikkje Øgrim blant dei mest disiplinerte, noko han sjølv innsåg. At han mangla litt på det organisatoriske, vert sagt å vere grunnen til at han ikkje ville ta på seg toppvervet i ml-rørsla.[6] Likevel var Øgrim i lang tid internasjonal sekretær i AKP(m-l). Han hadde gjennom dette kontakt med radikale organisasjonar over heile verda.

I boka Marxismen – vitenskap eller åpenbaringsreligion? frå 1979, kritiserer Øgrim ein del av dei strategiske og politiske vala partiet tok på 70-talet.

Det siste året han levde engasjerte han seg òg i maoistane sin revolusjon i Nepal, noko han mellom anna har skrive mange artiklar om på Wikipedia på bokmål.

Kritiske røyster[endre | endre wikiteksten]

Liksom ei rekkje andre sentrale personar fra ml-rørslas blomstringstid vart Tron Øgrim sitt engasjement og haldningar utsett for stendig kritikk og usemje. Arbeidet til Øgrim og dei andre ml-arane, så vel som metodar og påverknad, er karakterisert til dels svært kritisk i bøker som til døme Finn Gustavsens Kortene på bordet (1979) og Hans Petter Sjølis Mao min Mao: Historien om AKPs vekst og fall (2005), og i andre fora, mellom anna av Gerhard Helskog i TV 2-programmet Rikets Tilstand i 2000[7]. TV-programmet sette i gang ein stor debatt[8]. Bernt Hagtvet tok opp tråden att i Dagbladet fram mot kommunevalet i 2003.

Eit hovudankepunkt er at folka i AKP-miljøet var begeistra for figurar som Enver Hoxha, Stalin, Mao og Pol Pot (for sistnemnde òg ei tid etter at folk flest hadde vorte overtydd om at han stod bak folkemord i landet sitt) og ønskte ein revolusjon i Noreg og innføring av proletariatets diktatur. Øgrim hadde agitert sterkt for proletariatets diktatur. I ein tale i 1970 hadde han mellom anna sagt:

«Proletariatet må skape et diktatur over de tidligere utbytterklassene og over alle tendenser til å skape nye utbyttende klasser. Proletariatet må skape et voldsapparat som kan settes inn mot alle forsøk på å velte folkemakta med vold: en arbeiderhær.»[9]

Andre klaga òg over det klimaet som oppstod på studiestader og ein del arbeidsplasser i samband med AKP-aktivismen.

Trond Øgrim tok til motmæle mot ein del av kritikken mellom anna i eit innlegg i Dagbladet i 2000: «Men unnskyldningen min får de ikke».[4] Nokre utdrag:

«Vi fant Marx og Lenin på familienes loft, gitt ut av NKP eller tilmed DNA. (DNA var offisielt kommunistisk helt til 1930-tallet, og ga ut Lenins «Foran Makterobringen» før valet i 1933!) ... Vi unger blei påvirka av Vietnam, Sør-Afrika og Palestina, Mai-opprøret i Frankrike, skuddet mot Rudi Dutschke i Berlin, Sovjets overfall på Tsjekkoslovakia, og ... Nei Til EU-kampen. Og mange så Kina som et eksempel på at det gikk an å gi de rikes jord til de fattige, slutte å selge jenter som slaver, få unga på skole. Dette førte noen av oss inn i det merkelige AKP. Vi kan diskutere om det var dumt. Men «demonisk» var det ikke, og ikke følge av noen mystisk utenlandsk konspirasjon heller.
For meg var 70-tallet ei strålende tid. Ungdommer ville forandre Verden - for en halsbrekkende, vakker idé! Vi støtta streiker og samene i Alta og fornya miljø- og kvinnebevegelsen. Var solidariske med Chile og Afghanistan. Friska opp litteratur og teater og popmusikk. ... Makta brukte over en milliard kroner og flere tusen menneskers arbeid i 30 år på å overvåke oss. Etterpå seier den at vi var uten politisk betydning! Det er en artig kommentar om de som VEDTOK overvåkinga - og det gjør meg lattermild og stolt.
Og UNNSKYLD at jeg var med? Den skal jeg rope, hvis de fanger og binder meg og brekker armer og bein. Men når jeg har rømt og beina er spjelka, trekker jeg unnskyldninga tilbake igjen!»

Etter politikken[endre | endre wikiteksten]

IT-engasjement[endre | endre wikiteksten]

Tron Øgrim har etter at han trekte seg attende som frontfigur i politikken arbeidd som kulturkritisk journalist med datateknologi og særleg Internett som spesialområde. Ein av Øgrim sine hjartesaker var å få pc-teknologien tilgjengeleg for alle mellom anna med parolar som «e-post–adresser til arbeiderklassen!», og han meina at alle skuleelevar måtte få kvar si maskin. Øgrim var ein tidleg forkjempar for auka offentleg innsats på Internett der han reiste kring i Noreg og heldt føredrag. Han freista i 1995 å få Stortinget inn på Internett med argumentet: «uten politikere på nettet finnes det ikke noe slik som en demokratisk it-politikk» [treng kjelde]. Han syna klårt at dette engasjementet berre var ei forlenging av det han hadde innan politikken: han meinte at Internett og mobiltelefon skulle verte vegen ut av elendet for folk i den fattige delen av verda. Under ei reise i Andesfjella ringde han til redaktøren for PC World Norge, der han hadde ei populær kommentarspalte frå 1990 til 2001, og gav følgjande entusiastiske varsel om framtida: «Nærder i alle land: Vi vinner! Det vi står for når'e gjelder Teknologi For Alle, vil Vinne. Vår drøm i dag, virkelighet imårrå!»[10]

Han var ein tilhengjar av open kjeldekode-rørsla, og i den eine av Kvikksølv-bøkene omtala han Linux som «anvendt kommunisme». I samband med fremvoksteren av prosjekt som Wikipedia, Linux med fleire, introduserte Øgrim omgrepet «sammenismen». Med dette ønskte han å sette fokuset på at slike samarbeidsformer tok karakter av tidlegare kommunisme og sosialisme. Dette omgrepet har ein viss slektskap med det engelske crowdsourcing, men har meir politisk karakter enn ein rein forretningsmodell.

Øgrim skreiv i ei årrekkje «Under steinen» / «Steinen» / «Under en stein i skogen», ein blogg der han kommenterte ulike tema, men gjerne spesielt vinkla mot teknologi. Denne spalta fanst òg i NRK-programmet Spider, der Erik Meyn var programleiar. I elleve år var han fast spaltist i PC World Norge.

Tron Øgrim og Wikipedia[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia-grunnleggjar Jimmy Wales (til venstre) under lunsj på Yang Tse Kiang i Bergen med Tron Øgrim i 2006.
Foto: Holly Hui

Frå desember 2005 og fram til han døydde var Tron Øgrim òg ein aktiv bidragsytar på Wikipedia på bok- og riksmål[11]. Øgrim sitt første engasjement på Wikipedia var i tilknyting til det han meinte var slarven omtale av journalistkollega Tor Bach (redaktør for Magasinet Monitor)[12]. Etter at usemja var løyst fortsette han å arbeide på artiklar om kunstige språk gjennom mesteparten av 2006. Hausten 2006 endra han sitt fokus til Nepal generelt og især historia til kommunistane i landet[13]. Øgrim hadde ry på seg innan Wikipedia-samfunnet for å skrive svært lange artiklar om temmeleg smale tema. Han syna dessutan ei særskild omsut for dei mindre wikiane og deira utvikling, og det var vanleg at han posta innlegg på «Tinget»[14] (tilsvarar «Samfunnshuset»[15] på Nynorsk Wikipedia) og på nyhendesida [16] for å markere milepålane deira.

Han vart ein av prosjektets mest framståande talspersonar i Noreg og arbeidde med stor glød for å gjere leksikonprosjektet kjent og akseptert. «Jeg reiser rundt i hele Norge for å fortelle skolestyrere at elevene burde oppfordres til å bruke Wikipedia», sa han under eit intervju da han og andre norske «wikipedantar» i mai 2006 møtte prosjektet sin amerikanske skipar Jimmy Wales i Bergen. Då han fekk spørsmålet om dei feila som somme tider finst i oppslagsverket, sa han at det i seg sjølv ikkje var noko problem; det kunne beint fram utgjere ein føremon: «Wikipedia ber alle om å ettersjekke sine egne opplysninger og ikke ta noe for god fisk. Spør du meg, så er det et demokratisk problem at man i dag er så lite bevisst på kildekritikk i den norske skolen».[17] Øgrim snakka òg om Wikipedia i eit radiointervju i Sånn er livet på NRK i mai i 2007.

Øgrim sin analyse av og visjonar for dei norske wikipediaprosjekta kjem òg fram av introduksjonen hans for wikipedantar og interesserte i Realfagsbygget på Universitetet i Bergen 29. mai 2006, som òg ligg på YouTube[18].

Da nyheten om Tron Øgrim sin død vart kjend på Wikipedia på bok- og riksmål vart det bestemd å heidre innsatsen hans med å vise Wikipedia-logoen med eit flagg på halv stong framføre[19] i ein dag, ei markering som vart kommentert i fleire aviser[20].

Science fiction, kunstspråk og øgrimsk språk[endre | endre wikiteksten]

Tron Øgrim var gjennom ei årrekkje ein aktiv samfunnsdebattant og han engasjerte seg òg i kultur-, teknologi- og språkspørsmål. Han har mellom anna vore radiokåsør, føredragshaldar, politisk forfattar og sciencefiction-forfattar under psevdonymet Eirik Austey.

Tron Øgrim var språkinteressert og lærde seg ei rad språk, blant desse kunstspråka esperanto og volapük. Dialekten hans, ofte omtala som «øgrimsk», var ein personleg variant av østkantdialekt frå Oslo som han òg nytta som skriftspråk, også i sammanhengar der det var vanleg å rette seg etter standardisert bokmål.[21] I 2005 vart han intervjua i TV-programmet Typisk norsk om «arbeidarsosiolekter» og politisk sjargong.

Han fekk Landslaget for språklig samling sin litteraturpris i 1996.

Film og teater[endre | endre wikiteksten]

Tron Øgrim var i mange år teatermeldar og hadde særleg interesse for Ibsen. I 2001 redigerte Øgrim filmen «De vil ta jentene våre!», eit utval av norske valfilmar frå perioden 1928–1936. Han var òg fast gjest på Cinemateket i Oslo.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia-grunnleggjar Jimmy Wales (t.v) i Bryggens Museum i Bergen med Tron Øgrim og museumsdirektør Per Øyvind Riise.
Foto: Holly Hui
  • Marxismen – vitenskap eller åpenbaringsreligion? (1979)
  • Den vestlige maoismens sammenbrudd og krisa i AKP(m-l) (1982)
  • Tyskeren mot Stretermish (1985), roman under pseudonymet Eirik Austey (*)
  • Grisen før jul. Harde tider på vei i det rike Vest-Europa (1985)
  • På sporet etter det ukjente dyret (1990), roman av Eirik Austey (*)
  • Fallet (1990), novelle av Eirik Austey (*)
  • Blått glass (1991), novellesamling av Eirik Austey (*)
  • Akersgata og det blodige barnet (1993)
  • Hilsen til en generasjon av kvikksølv! Løgnaktige spådommer om datarevolusjonen, verden, Norge og deg (1997)
  • Tron Øgrim treffer 10 sportsgærninger (1998)
  • Hilsen til en generasjon av kvikksølv! : åssen IT forandrer verden og livet (2000)

(*) Eirik Austey er et pseudonym for Tron Øgrim, hovudsakleg for sciencefictionlitteratur.

Talar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tron Øgrim

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Dagbladet: «Tron Øgrim er død» Nettstad besøkt 2. juni 2007.
  2. Pål Steigan i nekrolog i Klassekampen 25. mai 2007 Nettstad besøkt 2. juni 2007.
  3. «AKP's vekst og fall» av Kjell Moe Nettstad besøkt 2. juni 2007.
  4. 4,0 4,1 Dagbladet: «Men unnskyldningen min får dere ikke» Nettstad besøkt 2. juni 2007
  5. Bjørgulv Braanen sin leiar i Klassekampen 25. mai 2007 Nettstad besøkt 2. juni 2007.
  6. Pål Steigan til Klassekampen 25. mai 2007 Nettstad besøkt 2. juni 2007
  7. Rikets Tilstand (TV 2) om programmet Pol Pots ofre Nettstad besøkt 2. juni 2007
  8. Ei oversikt med peikarar på AKP(m-l) sine nettsider: AKP og historia Nettstad besøkt 2. juni 2007.
  9. Proletariatets demokratiske diktatur (1970) Nettstad besøkt 2. juni 2007.
  10. Toralv Østvang, Tron Øgrim er død I PC World Norge online 24. mai 2007. Nettstad besøkt 2. juni 2007.
  11. Bruker:Togrim og Bruker:Tronogrim
  12. Diskusjonsside på Wikipedia på bokmål
  13. Ein av dei tinga ved Nepal som opptok Øgrim mest var historia om Nepals kommunistiske parti, som han skreiv denne artikkelen på bokmålswikipedia om
  14. Diskusjonssida Tinget på bokmålswikipedia
  15. Diskusjonssida Samfunnshuset
  16. Wikimedia News, nyhendesida til Wikimedia
  17. Artikkel av Ida Oftebro i IT-avisen 30. mai 2006. Nettstad besøkt 2. juni 2007.
  18. YouTube med Øgrim om wikipedia. Nettstad besøkt 2. juni 2007.
  19. Wikipedia-logo med flagg på halv stong, laga i samband med Øgrim sin bortgong
  20. Dagbladet: Kudos til nettvennen Øgrim – mellom anna om Øgrim si viktige rolle på Wikipedia på bokmål og riksmål og deltakarane si spontane heidring ved avferda hans. Nettstad besøkt 2. juni 2007.
  21. Under Dusken: «Pyntar seg med ord» Nettstad besøkt 2. juni 2007.