Arktisk klima

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Område med arktisk klima i verda.

Arktisk klima er kjenneteikna ved at ein ikkje har varme somrar, og det vil seie at middeltemperaturen til den varmaste månaden aldri kjem over 10 °C. Ein har to forskjellige arktiske klima. Det minst harde av dei er tundraklimaet, der minst ein månad har middeltemperatur over 0 °C, medan den andre vert kalla «iskalottklima» eller permafrostklima, som har middeltemperaturar under 0 °C heile året. Arktisk klima er så pass kaldt at ein ikkje har trevekst i slike område, som ofte er dekte av isbrear og permanent isdekke.

Område med arktisk klima[endre | endre wikiteksten]

Antarktis og indre område av Grønland er dei einaste områda i verda der det arktiske klimaet er dominerande.

Dei nordlegaste områda av Eurasia, frå nordaustkysten av Skandinavia og austover mot Beringsundet, store delar av det nordlege Sibir og dei nordlege områda av Island har tundraklima. Ein har har òg store område med tundra i det nordlege Canada og Alaska, medan ein heilt nord i Canada har permafrost.

I andre delar av verda har mange fjellområde klima der ingen av månadane har middeltemperatur over 10 °C. Men sidan dette kjem av den store høgda, kallar ein dette klimaet for alpint klima eller fjellklima. Arktisk klima har ein òg observert på andre planetar, som planeten Mars.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Klimasoner i Köppen si klimaklassifisering
Gruppe A: TropiskRegnskog (Af) - Monsun (Am) - Savanne (Aw, As)
Gruppe B: TørtØrkenklima(BW) - Steppe (BSh, BSk)
Gruppe C: TemperertFuktig subtropisk (Cfa, Cwa) - Maritimt (Cfb, Cwb, Cfc) - Middelhavsklima (Csa, Csb)
Gruppe D: KontinentaltFuktig kontinentalt (Dfa, Dwa, Dfb, Dwb) - Subarktisk (Dfc, Dwc, Dfd)
Gruppe E: ArktiskTundra (ET) - Permafrost (EF) - Alpint (ETH)