Around and Around
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| «Around and Around» singel av Chuck Berry |
||
| A-side | «Johnny B. Goode» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 31. mars 1958 | |
| Sjanger | Rock and Roll, R&B | |
| Selskap | Chess 1691 | |
| Låtskrivar(ar) | Chuck Berry | |
«Around and Around» er ein rockesong skriven av Chuck Berry. Songen vart gjeven ut som B-side til singelen Johnny B. Goode i 1958.
The Rolling Stones spelte inn ei utgåve av songen på det andre amerikanske albumet deira, 12 X 5, i 1964. The Animals spelte òg inn songen i 1964. David Bowie spelte inn songen i 1972 med tittelen «Round and Round». Han vart gjeve ut som B-sida til singelen «Drive-In Saturday» i april 1973.
Andre artistar som har spelt songen er the Grateful Dead, som spelte han over 400 gonger på konsertar mellom 1970 og 1994. Han er med på 19 Grateful Dead-album.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Around and Around» frå Wikipedia på engelsk, den 22. februar 2009.