The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars
Studioalbum av David Bowie
Språk engelsk
Utgjeve 6. juni 1972
Innspelt Trident Studios i London, 9. september 1971, november 1971, 12. januar-18. januar 1972
Sjanger Glamrock
Lengd 38:37
Selskap RCA Records, Virgin Records
Produsent David Bowie og Ken Scott
Kritikk
David Bowie-kronologi 
Hunky Dory
(1971)
The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars Aladdin Sane
(1973)


The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars, eller berre Ziggy Stardust, er eit konseptalbum av den britiske musikkartisten David Bowie frå 1972, laust basert på soga om ei rockestjerne kalla Ziggy Stardust.[1] Albumet er rekna som eit av dei store i rockehistoria, og musikkmagasinet Melody Maker har utpeikt albumet som det definitive albumet frå 1970-talet. Albumet klatra til femteplass på den britiske albumlista, og til 75. plass i USA.

I 1997 vart Ziggy Stardust stemd fram til 20. plass over dei største platene gjennom tidene i ein «Music of the Millenium»-avstemming leia av fleire aviser og magasin i Storbritannia. Musikkmagasinet Q plasserte albumet på 24. plass på ei liknande liste, medan fjernsynskanalen VH1 hadde det på 48. plass. Musikkmagasinet Rolling Stone hadde albumet på 35. plass på si liste over dei 500 beste albuma gjennom tidene. I 2000 hadde Q albumet på 25. plass på ei liste over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Albumet presenterer soga, om noko uklårt, om rockestjerna Ziggy Stardust, ein marsbuar som kjem til jorda for å frigjere menneskeheita frå banalitet.[2] Ziggy Stardust er den definitive rockestjerna, seksuelt lett på tråden, med stort narkotikamisbruk og med ei melding om fred og kjærleik. Han vert derimot til slutt øydelagd av narkotika og sex, og til slutt riven sundt av tilhengjarane han inspirerte. Den mytologiske soga om ein fordømd rockemessias, vart godt likt av tilhengjarar både då og i dag.

David Bowie under Ziggy Stardust-turneen.

Karakteren Ziggy var opphavleg inspirert av den britiske rock 'n' roll-artisten Vince Taylor som Bowie møtte etter Taylor hadde hatt eit samanbrot og trudde han var ei blanding av ein gud og eit romvesen.[3][4] sjølv om Taylor berre var ein blåkopi for karakteren.[5] Andre påverknader var mellom andre Legendary Stardust Cowboy[6] og Kansai Yamamoto, som designa kostyma Bowie gjekk med under turneen.[7] Ziggy Stardust-namnet kom delvis frå Legendary Stardust Cowboy, og delvis, som Bowie fortalte Rolling Stone, fordi «Ziggy var eit av få fornamn eg klarte å finne som byrja på bokstaven 'Z'.»[8] Han forklarte seinare i eit intervju i 1990 for Q Magazine at Ziggy-delen av namnet kom frå ein skreddar kalla Ziggy's som han passerte på toget, og han likte det fordi det hadde «den Iggy-samanhengen [som i Iggy Pop]», men var ein skreddar, og eg tenkte, vel dette skal omhandle klede, så det var ein liten intern spøk for meg sjølv at eg kalla han Ziggy. Så Ziggy Stardust var ein kombinasjon av ting.»[9][10]

«Stardust» kom frå ein av artistane som var på same selskap som Bowie, countryartisten Norman Carl Odam, The Legendary Stardust Cowboy.[11] Bowie spelte ein Legendary Stardust Cowboy-song, «I Took a Trip (On a Gemini Spaceship)», tretti år seinare på Heathen.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Ziggy Stardust-innspelinga starta berre nokre veker etter Hunky Dory kom ut. Den første songen som vart spelt inn for albumet var «It Ain't Easy», spelt inn september 1971. den første innspelinga i november gav «Hang on to Yourself», «Ziggy Stardust», «Rock 'n' Roll Star» (seinare forkorta til «Star»), «Moonage Daydream», «Soul Love», «Lady Stardust» og «Five Years».

To coverversjonar vart òg spelte inn i november, meint for albumet som enno ikkje hadde fått namn. Desse var Chuck Berry sin «Around and Around» (kalla «Round and Round») og Jacques Brel sin «Amsterdam» (kalla «Port of Amsterdam»). Ei nyinnspeling av «Holy Holy» (først spelt inn i 1970 og gjeven ut som singel til dårleg sal, i januar 1971) vart først meint for Ziggy, men droppa til fordel for «Rock 'n' Roll Suicide». «Round and Round» vart erstatta av «Starman» og «It Ain't Easy» erstatta «Amsterdam» på det endelege albumet. Alle tre vart sidan gjevne ut som B-sider på singlar.

«Velvet Goldmine», først spelt inn under Hunky Dory-innspelinga, var òg meint for Ziggy, men vart erstatta av «Suffragette City». RCA gav han i 1975 ut som B-sida til den britiske nyutgjevinga av «Space Oddity» etter å ha remiksa han og mastra han utan løyve frå Bowie.

Etter innspelinga av nokre nye songar for Sounds of the 70s med Bob Harris (som finst på Bowie at the Beeb) som det nykalla Spiders from Mars i januar-februar 1972, gjekk bandet attende til Trident. Dei spelte inn «Starman», «Suffragette City» og «Rock 'n' Roll Suicide» mot slutten av månaden.

«Starman» kom ut som singel i april (ikkje først meint for albumet), men kom ikkje ut i den originale «høglydte» miksen på CD. Han skil seg noko ut med at han har ein dempa «morsekode» mellom verset og refrenget[12] samanlikna med den originale utgjevinga i 1972. B-sida til «Starman» var «Suffragette City», som vart mastra for albumet med ein tre tonar i avslutninga som førte han inn frå «Ziggy Stardust» slik at songane hang saman. dei vart aldri spelte slik av Bowie på konsertar.

Innspelt og gjeven ut under den pågåande Ziggy-turneen var to andre songar. Den første var «John, I'm Only Dancing», spelt inn i Trident seint i juni og gjeven ut (berre i Storbritannia) i september. «The Jean Genie» vart spelt inn i RCA Studios i New York tidleg i oktober på starten av den amerikanske turneen, og gjeven ut i USA i november. Songen vart miksa på ny for Aladdin Sane.

Rockklaverspelaren Rick Wakeman fekk høvet til å spele keyboard på albumet, men valde å verte med i den progressive rockegruppa Yes i staden.

Ziggy Stardust-soga[endre | endre wikiteksten]

Albumet var av Bowie meint som eit filmmusikkalbum og eit musikalsk grunnlag for eit scene show og/eller fjernsynsproduksjon som fortalte soga om Ziggy Stardust.. I tillegg til songar frå albumet ønskte Bowie å ha med songar som «All the Young Dudes», «Rebel Rebel» og «Rock 'n' Roll With Me» (dei to siste spelte inn for Diamond Dogs).

I eit intervju med Rolling Stone med William S. Burroughs forklarte Bowie Ziggy Stardust-soga ytterlegare:

« Tida er fem år før jorda går under. Det har vorte annonasert at jorda vil gå under på grunn av mangel på naturressursar. Ziggy er i ei stilling der alle ungdommane har tilgang til ting dei trudde dei ønskte. Dei eldre har mista grepet om røyndomen og ungdomen er overlaten til seg sjølv og plyndrar det dei vil ha. Ziggy var i eit rock-and-roll-band, og ungdomen vil ikkje lenger ha rock-and-roll. Det finst ikkje elektrisitet til å spele det. Rådgjevaren til Ziggy bed han om å samle nyhender og synge det, for det finst ingen nyhender. Så Ziggy gjer dette og det er forferdelege nyhender. 'All the young dudes' er ein song om denne nyhenda. Det er ikkje ein hymne til ungdomen slik folk trur. Det er det heilt motsette...

Slutten kjem når uendelegeheita kjem. Dei er eigentleg eit svart hol, men eg gjort dei til folk fordi det ville vere særs vanskeleg å forklare eit svart hol på scenen.[...]

Ziggy får råd i ein draum av dei uendelege om å skrive at Starman kjem, så han skriv 'Starman', som er den første nyhenda om håp folk har høyrt. Så dei grip tak i dette. Stjernemenneskene han snakkar om er dei kalla dei uendelege, og dei hoppar frå svart hol til svart hol. Ziggy har snakka om desse fantastiske rommenneskene som kjem for å redde jorda. Dei kjem ein stad nær Greenwich Village. Dei bryr seg ikkje om verda og er ikkje nyttige for oss. Dei berre hoppar rundt om i universet via dei svarte hola. Heile livet deira er å reise frå univers til univers. I sceneoppføringa liknar ein av dei Brando, ein annan er ein Black New Yorker. Eg har ein som heiter Queenie, the Infinite Fox...Ziggy startar no å tru på alt dette sjølv og ser på seg sjølv som ein profet for framtidige stjernemenneske. Han tar seg sjølv opp til utrulege spirituelle høgder og vert halde i live av disiplane sine. Når dei uendelege kjem, tar dei bitar av Ziggy for å gjere dei verkelege, fordi i den opphavlege tilstanden deira er dei antistoff og kan ikkje eksistere i verda vår. Og dei riv han sunt under songen 'Rock 'n' roll suicide'. Så snart Ziggy døyr på scenen tar dei uendelege elementa hans og gjer seg sjølv synlege.[13]

»

Utgjeving og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Då det kom ut den 6. juni 1972, nådde Ziggy Stardust 5. plass i Storbritannia og 75. plass i USA. Albumet selde etter kvart til platinaplate i Storbritannia og gullplate i USA.[14][15] Den einaste singelen frå albumet, «Starman», nådde 10. plass i Storbritannia og 65. plass i USA.

I utgåva av Rolling Stone frå 20. juli 1972, gav Richard Cromelin albumet særs god kritikk og «minst 99 poeng» (truleg ut av 100), men skreiv at sjølv om han syns albumet var bra, trudde han ikkje det kom til å vare. I meldinga skriv Cromelin «me bør alle be ei bøn om at lagnaden hans ikkje er skapt til å stige og falle med lagnaden til «drag-rock»-syndromet».[16]

I 1997 vart Ziggy Stardust kåra til det 20. beste albumet gjennom tidene i ei Music of the Millennium-undersøking utført i Storbritannia av HMV Group, Channel 4, The Guardian og Classic FM. I 1998 kåra lesarane av Q magazine det på 24. plass og Virgin All-time Top 1000 Albums rangerte det på 11. plass, medan VH1 i 2003 plasserte det på 48. plass. Det vart kåra til det 35. beste albumet av Rolling Stone på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene. I 2000 plasserte Q albumet på 25. plass på lista deira over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene. I 2004 vart det plassert på 81. plass på lista til Pitchfork Media over dei 100 beste albuma frå 1970-åra. I boka The Alternative Music Almanac, plasserte Alan Cross albumet på 3. plass på lista over '10 Classic Alternative Albums'. I 2006 vart albumet valt ut av TIME som eit av dei 100 beste albuma gjennom tidene.[17]

I 2005 spelte den brasilianske songaren Seu Jorge inn 14 Bowie-songar, mange av dei frå Ziggy Stardust, som filmmusikk for filmen The Life Aquatic with Steve Zissou kalla The Life Aquatic Studio Sessions. Songane var omsette til portugisisk, men omsetjinga var ikkje eksakt. Bowie sa om versjonane til Seu Jorge: «Hadde ikkje Seu Jorge spelte inn songane mine på portugisisk hadde eg aldri få tt høyre dette nye nivået av venleik som han la i songane.»[18] Musikaren Saul Williams kalla albumet sitt frå 2007, produsert av Trent Reznor The Inevitable Rise and Liberation of NiggyTardust!. I 2009 spelte Techno Cowboy inn heile albumet frå start til slutt med berre Omnichord kalla The Ziggy Stardust Omnichord Album.

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Biletet på plateomslaget vart teken utanfor pelsverket «K. West» på 23 Heddon Street i London, W1.[19] sett søraustover mot sentrum av byen. Postkontoret i bakgrunnen (no «The Living Room, W1» bar) var staden der den første nattklubben i London låg, The Cave of the Golden Calf, som opna i 1912. Sidan delar av gata vart renovert i 1997, vart ein raud telefonkiosk plassert ut att i gata, som erstatta ein moderne blå telefonkiosk som hadde erstatta den som er på baksida av omslaget.[20]

Omslaget vart valt ut av Royal Mail for samlinga av frimerke kalla «Classic Album Cover» i januar 2010.[21][22] Baksida av omslaget hadde meldinga «TO BE PLAYED AT MAXIMUM VOLUME». Denne instruksjonen vart derimot fjerna då EMI gav ut albumet på ny i 1999.[23]

Musikk påverka av Ziggy Stadust[endre | endre wikiteksten]

Ziggy Stardust vart eit monumentalt album i musikkhistoria. Lydbilete på albumet endra måten heavy metal, pønk, hardrock, glamrock og progrock høyrdest ut. Band og artistar som vart påverka av album er mellom anna glamartistar som Alice Cooper, Labelle og Gary Glitter. Av heavy metal-band finn ein Mötley Crüe, Van Halen Blue Öyster Cult og Black Sabbath og innan progrock band som Yes.

Ziggy Stardust kombinerte òg protopønken ein finn hos The Stooges med tekstane og musikken til The Velvet Underground, og dette skal ha påverka tidlege pønkmusikarar som Elvis Costello & the Attractions, Adam & the Ants, Graham Parker, The Jam, The Clash, The Ramones, Patti Smith og Television.

Mot 1990-talet viste band som Suede (Dog Man Star - 1994), Morrissey (Viva Hate - 1988), og My Bloody Valentine (Isn't Anything - 1988) kraftige spor av David Bowie frå perioden rundt Ziggy Stardust. Suede sitt album Dog Man Star er til og med kalla opp etter tre Bowie-album (Diamond Dogs, The Man Who Sold the World og Ziggy Stardust)

Meir nyleg har sjokkrockaren Marilyn Manson uttalt at han er svært inspirert av av Ziggy Stardust. Dette kan ein høyre mest igjen på albumet Mechanical Animals.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av David Bowie, bortsett frå der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Five Years»4:44
2.«Soul Love»3:33
3.«Moonage Daydream»4:35
4.«Starman»4:13
5.«It Ain't Easy» (Ron Davies)3:00
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Lady Stardust»3:20
7.«Star»2:50
8.«Hang on to Yourself»2:40
9.«Ziggy Stardust»3:13
10.«Suffragette City»3:25
11.«Rock 'n' Roll Suicide»3:00

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

The Rise and Fall of Ziggy Stardust har vore gjeve ut på CD to gongar med bonusspor, først i 1990 av RykoDisc, og så i 2002 i samband med 30-årsjubileumet til plata, der ho kom med ei heil ekstra bonussplate i pappomslag. Denne utgåva har etter kvart vorte eit samleobjekt sidan berre eit fåtall vart trykt opp. I 1999 vart plata òg gjeve ut på ny, med nymastra digitallyd, men utan bonusspor.

Bonusspor (1990)[endre | endre wikiteksten]

  1. «John, I'm Only Dancing» (singel frå 1972)
  2. «Velvet Goldmine» (b-side frå 1975, spelt inn under Hunky Dory-innspelingane)
  3. «Sweet Head» (spelt inn i 1972, men ikkje gjeve ut før)
  4. «Ziggy Stardust» (demo)
  5. «Lady Stardust» (demo)

Bonusdisk (2002)[endre | endre wikiteksten]

Kalla 30th Anniversary Reissue med ein ekstra bonus-CD, dei fleste av desse vart gjevne ut som bonusspor i 1990-1992.

  1. «Moonage Daydream» (Arnold Corns-versjon)
  2. «Hang on to Yourself» (Arnold Corns-versjon)
  3. «Lady Stardust» (demo)
  4. «Ziggy Stardust» (demo)
  5. «John, I'm Only Dancing»
  6. «Velvet Goldmine»
  7. «Holy Holy» (nyinnspeling frå 1972)
  8. «Amsterdam»
  9. «The Supermen» (nyinnspeling frå 1971)
  10. «Round and Round»
  11. «Sweet Head» (take 4)
  12. «Moonage Daydream» (ny miks)

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Songar[endre | endre wikiteksten]

Five Years[endre | endre wikiteksten]

«Five Years» opnar albumet med ein enkel trommerytme frå Woody Woodmansey, som går uendra gjennom heile songen. Woodmansey har sagt at han prøvde å legge «håplausheit inn i trommerytmen». Mick Ronson spelar piano på songen. «Five Years» handlar om at verda kjem til å gå under om fem år. Han seier ikkje kvifor, men følgjer i staden songaren som skildrar korleis forskjellige folk reagerer på meldinga som politimenn som kneler og kyssar føtene til prestar eller tenåringsjenter som prøver å drepe barn.[24]

Bowie spelte inn vokalen i to opptak. På det første song han versa og mellomspelet, på det andre refrenget, fordi Ken Scott måtte tilbakestille lydnivåa då Bowie song så høgt.[24]

Songen vart spelt inn 8.-15. november 1971. Ein versjon vart spelt inn for BBC i januar 1972, og songen vart spelt på Old Grey Whistle Test på TV den 8. februar det året. Songen vart framført på konsertane til Bowie i 1972-1973, 1976 og 1978, mellom anna på Dinah Shore Show den 3. januar 1976. Songen vart igjen spelt av Bowie på konsertane hans i 2003. Bowie spelte songen i lag med the Arcade Fire den 8. september 2005 på Fashion Rocks.

Plateboksen Five Years frå 2015 er kalla opp etter songen. Det same er ein dokumentarfilm om Bowie i perioden kring 1969-1974 frå 2015.

Soul Love[endre | endre wikiteksten]

«Soul Love» starta med ein trommerytme frå Woody Woodmansey, litt raskare enn den langsame rytmen som startar og avsluttar den førre songen «Five Years», i lag med bongotrommer og shaker. Bowie kjem så inn med akustisk gitar, og Trevor Bolder spelar fem tonar på bassen sin. Mick Ronson held seg i bakgrunnen fram til refrenget. Han og Bowie spelar ein solo kvar, der Bowie spelar ein altsaksofonsolo. Ronson held seg stort sett til vokalmelodien i gitarsoloen sin. Songen går i ein 7/4-takt i introen og versa.

Songen vart spelt inn 12. november 1971. Han vart spelt på eit par konsertar i 1973, ofte på turneen i 178 og ein og annan gong i 1983. Han vart gjeven utsom B-sida til ei nyutgjeving av «All the Madmen» og versjonen frå «Stage» vart gjeven ut som singel i Japan. Mick Ronson laga ein country-ska-versjon i 1975 kalla «Stone Love» som seinare kom ut på Play Don’t Worry.

Moonage Daydream[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Moonage Daydream.

Starman[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Starman.

It Ain't Easy[endre | endre wikiteksten]

«It Ain’t Easy» vart skriven av den amerikanske låtskrivaren Ron Davies. 20 år gammal fekk han platekontrakt med A&M Records og i 1970 gav han ut Silent Song Through the Land, som denne songen kjem frå. Det er uklårt korleis Bowie fekk tak i songen, men somme biografar hevdar at Mick Ronson spelte songen med det gamle bandet sitt, The Rats. I tillegg hadde både Three Dog Night og Long John Baldry og spelt songen, så Bowie kan ha plukka den opp derifrå òg. Bowie spelte først «It Ain’t Easy» for BBC 3. juni 1971, der han hadde med seg forskjellige songarar. På denne songen song kvar songar kvar sitt vers, før dei alle var med på det gospelinspirerte refrenget.

Bowie spelte inn songen i studio 9. juli 1971, og gav han ut som siste song på den første sida av Ziggy Stardust. Songen vart aldri framført på konsertane til Bowie.

Lady Stardust[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i 1972 var Bowie framleis relativt ukjend, medan Marc Bolan hadde blitt ei popstjerne med fire førsteplassar på den britiske singellista på 14 månader. Ziggy Stardust er på sett og vis ein slags parodi på korleis Bolan vart ei stjerne.[25] «Lady Stardust» heitte opphavleg «Song For Marc». Då Bowie framførte «Lady Stardust» i Rainbow Theater i august 1972, var det med bilete av andletet til Bolan på ein skjerm bak han. Songen handlar om korleis Lady Stardust sjølv, om det er Bolan eller Ziggy, blir tilbeden av gutar og jenter i konsertsalen. Til slutt forbannar han publikum, syng dødsballadar og forbanningar med eit smil, før han visnar bort til eit svart minne medan han framleis er på scenen.[25] Mick Ronson spelar piano på ein melankolsk og avslappa måte, medan Bowie høyres litt ut som Elton John.[25]

«Song For Marc» vart spelt inn kring april 1971 og kom sidan ut som bonusspor på Rykodisc-utgåva av Ziggy Stardust. Ziggy-versjonen vart spelt inn 12. november 1971. Bowie spelte inn to versjonar av songen for BBC i 1972, og den siste av desse kom med på Bowie at the Beeb. I januar 1997 spelte Bowie inn ein ny versjon av «Lady Stardust» med bass og korvokal av Gail Ann Dorsey. Denne versjonen vart send på radiosendinga ChangesNowBowie.

Star[endre | endre wikiteksten]

Bowie skreiv «Star», opphavleg kalla «Rock & Roll Star», seint i 1970 eller tidleg i 1971 og tilbaud demoversjonen til ei gruppe frå Princes Risborough kalla Chameleon. Versjonen deira vart aldri gjeve ut. I følgje biografen Nicholas Pegg hadde Bowie gløymd songen fram til ein konsert i Aylesburgy i september 1971, då noko spurte han om denne songen. Bowie var på den tida i ferd med å skrive soga for Ziggy Stardust og såg at «Star» kunne passe perfekt inn i konseptet. Han plasserte songen mellom «Lady Stardust» og «Hang Onto Yourself».

Bowie sa seinare at den intrikate korvokalen var inspirert av Beatles sin «Lovely Rita», men mest av alt var han inspirert av Velvet Underground sin «Sweet Jane». Opningsversa i begge songane nemner fleire personar frå den verkelege verda.

Songen vart spelt inn 8.-11. november 1971. Bowie framførte «Star» på turneen sin i 1978 og ei innspeling frå Philadelphia finst på Stage, og vart òg gjeven ut som singel. På konsertane i 1983 opna han ofte konsertane med denne songen, i lag med eit lite utdrag frå «Jean Genie».

Hang on to Yourself[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Hang on to Yourself.

Ziggy Stardust[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Ziggy Stardust.

Suffragette City[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Suffragette City.

Rock and Roll Suicide[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Rock and Roll Suicide.

Andre songar frå denne tida[endre | endre wikiteksten]

Round and Round[endre | endre wikiteksten]

«Round and Round» var ein song av Chuck Berry (kalla «Around and Around») som nesten kom med på Ziggy Stardust, og til og med nesten vart tittelen på albumet. Songen var meint å følgje «Moonage Daydream». Då Bowie kom attende til Trident Studios tidleg i 1972 for å fullføre albumet, kom han opp med «Suffragette City». Sidan denne høyrdest ut som ein Chuck Beryr-song, vart «Round and Round» overflødig og Bowie sette han til sides for ei framtidig B-side i staden.[26]

Bowie si utgåve er dominert av den forvrengde gitaren til Ronson og basslinja til Trevor Bolder. Ken Scott har fortalt at det var ingen andre songar spelt inn i denne tida som trong færre ekstra lydspor enn denne. Songen vart spelt inn kring 8-11. november 1971 og vart sidan gjeven ut som B-sida til «Drive-In Saturday» i april 1973. Seinare kom han ut i plateboksen Sound + Vision. Songen var den siste songen framført på «Ziggy Stardust»-konserten i Hammersmith den 3. juli 1973, men kom ikkje med på den påfølgjande konsertfilmen (visstnok etter ønskje frå Jeff Beck, som spelte på songen).[26]

Shadowman[endre | endre wikiteksten]

«Shadow Man» var ein song som vart spelt inn som demo på eit tidleg stadium for ein oppfølgjar til Hunky Dory, den 14. september 1971. Bowie hadde enno ikkje utvikla Ziggy Stardust-konseptet, og den nye plata byrja som ei tilfeldig samling med songar, mellom andre nokre songar som var att etter Arnold Corns-prosjektet, nyinnspelingar av «Holy Holy» og «The Supermen», songar av Biff Rose, Chuck Berry og Jacques Brel, og eit par nye songar (mellom anna «It’s Gonna Rain Again» og «Only One Paper Left», songar som utgjevarar av piratkopiplater ikkje har fått tak i og som derfor er uhøyrt for Bowie-fansen).

Bowie la etter kort tid den Neil Young-aktige songen på hylla medan Ziggy Stardust-konseptet tok form, og spelte ikkje inn ein full studioversjon før i 2000. Bowie spelte då inn ein omarbeidd versjon av songen for det skrinlagde albumet Toy. Denne versjonen vart sidan gjeven ut som B-side til singlane «Slow Burn» og «Everyone Says Hi».

Velvet Goldmine[endre | endre wikiteksten]

«Velvet Goldmine» heitte opphavleg «He's a Goldmine» og var meint for den andre sida av Ziggy Stardust, fram til Bowie skreiv fleire songar i januar 1972 og han vart lagt i skuffa.

Bowie sa i eit radiointervju i februar 1972 at han følte at teksten var litt for på kanten. Somme biografar har undra seg på om songen var for openlyst homofil, sjølv om Bowie kort tid etter annonserte i Melody Maker at han var biseksuell og gav ut ein annan homofil singel, «John, I'm Only Dancing» eit par månader seinare.[27]

Bowie kan ha kutta ut «Velvet Goldmine» fordi han syns songen høyrdest for gammaldags ut samanlikna med andre songar på Ziggy. Pianoet i refrenget gjev ei varieté-kjensle, på liknande vis som «Oh! You Pretty Things» på Hunky Dory gjorde.

Songen vart spelt inn 11. november 1971. Han vart gjeven ut i september 1975 som B-sida til ei nyutgjeving av «Space Oddity», som då vart den første singelen til Bowie som førsteplassen på singellista i Storbritannia. Bowie sa seinare at denne utgjevinga vart gjort utan at Bowie godkjende det. Songen er òg gjeve ut som bonusspor på fleire seinare utgåver av Ziggy Stardust.

Sweet Head[endre | endre wikiteksten]

«Sweet Head» var ein song spelt inn under Ziggy Stardust som få folk visste om før han vart gjeven ut som bonusspor på Rykodisc-utgåva av Ziggy Stardust i 1990. Ken Scott, som produserte albumet, har sagt at han ikkje kan hugsa å ha spelt inn denne songen. Bowie har aldri spelt songen på konsertar og var nær ved å ikkje ta med songen som bonusspor. Likevel vart songen spelt inn på skikkelig vis og pussa på, og teksten nemner «Ziggy», og det verkar som om songen opphavleg skulle ha ein sentral plass på albumet.[28]

Ein trur årsaka til at songen vart skrinlagt var den vulgære teksten.[28]. Det første verset er valdeleg og rasistisk, medan refrenget har fleire tvitydige, og ikkje fullt så tvitydige linjer, som «I’m your rubber peacock angelic whore» og «my guitar and Mr. Fag, we can give you sweet head». Bowie fortalte Musician i 1990 «Han handla om oralsex, og eg trur ikkje det var ein song RCA ønskt eå ha med i særleg grad».[28]

Songen vart spelt inn 11. november 1971.

You Got to Have a Job (If You Don’t Work, You Can’t Eat) og Hot Pants[endre | endre wikiteksten]

«You Got to Have a Job (If You Don’t Work, You Can’t Eat)» og «Hot Pants» er to funksongar skrivne av James Brown som vart spelte under Ziggy Stardust and the Spiders From Mars-konsertane i Storbritannia for omkring ein månad våren 1972.

John, I'm Only Dancing[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå John, I'm Only Dancing.

My Death[endre | endre wikiteksten]

«My Death» er ein song skriven av Jacques Brel som «La Mort» og omsett til engelsk av Mort Shuman. Bowie spelte den engelske omsetjinga første gongen i august 1972 på dei to konsertane sine på Rainbow Theatre. Bowie fortsette å spele «My Death» for resten av Spiders from Mars-konsertane, først som eit solostykke på akustisk gitar, og seinare i lag med den nye pianisten hans, Mike Garson. «My Death» erstatta Brel sin «Amsterdam». Bowie hadde anten blitt lei av å spele «Amsterdam», eller så høvde ikkje songen i lag med resten av Spiders-songane.[29] På sett og vis spelte «My Death» rolla som var meint for «Rock 'n' Roll Suicide», eit opprivande stykke som fungerte som memento mori i midten av ein rockekonsert.[29]

Brel spelte inn «La Mort» i 1959 på La Valse à Mille Temps. Både «Amsterdam» og «My Death» vart sett om av Mort Shuman for revyen Jacques Brel Is Alive and Well and Living In Paris, og Scott Walker, spelte songen i 1967 på debutalbumet sitt Scott Walker.

Konsertopptak av «My Death» frå 1972 finst på RarestOneBowie og Live at Santa Monica, medan eit opptak frå 1973, den siste konserten til Spiders, finst på Ziggy Stardust: The Motion Picture. Bowie og Garson byrja å spele songen att i midten av 1990-åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.allmusic.com/album/ziggy-stardust-r2473/review
  2. «Ziggy Stardust – David Bowie». www.allmusic.com. Henta 2. mai 2011. 
  3. «BBC – BBC Radio 4 Programmes – Ziggy Stardust Came from Isleworth». www.bbc.co.uk. Henta 2. mai 2011. 
  4. «The Leper Messiah : Vince Taylor». www.davidbowie.com. Arkivert frå originalen 27. juli 2011. Henta 2. mai 2011. 
  5. «Ziggy Stardust Came from Isleworth – review - Television & radio». The Guardian. guardian.co.uk. Henta 2. mai 2011. 
  6. Scott Schinder, Andy Schwartz (2008). Icons of Rock. Greenwood Publishing Group. s. 448. ISBN 0313338469. Henta 2. mai 2011. 
  7. Shelton Waldrep (2004). The aesthetics of self-invention: Oscar Wilde to David Bowie. U of Minnesota Press. s. 111–112. ISBN 0816634181. Henta 2. mai 2011. 
  8. «the album review site: La Roux Gets Sidetracked». www.album-review.co.uk. Arkivert frå originalen 10. mars 2016. Henta 2. mai 2011. 
  9. Michael Campbell (2005). Popular music in America: the beat goes on. Wadsworth/Thomson Learning. ISBN 0534555349. 
  10. «David Bowie interview by Paul Du Noyer 1990». Pauldunoyer.com. 25 August 2009. Arkivert frå originalen 15. juli 2011. Henta 2. mai 2011. 
  11. «ZSC:Frequently Asked Questions». The Ziggy Stardust Companion. Henta 2. mai 2011. 
  12. «Starman – David Bowie. Original UK LP and 45 mix is AWOL!!». Henta 2. mai 2011. 
  13. William S. Burroughs, Sylvère Lotringer (2001). Burroughs live: the collected interviews of William S. Burroughs, 1960–1997. Semiotext(e). s. 231. ISBN 1584350105. Henta 2. mai 2011. 
  14. «RIAA Gold and Platinum». Henta 2. mai 2011. 
  15. «BPI Certified Awards». Henta 2. mai 2011. 
  16. Paytress, Mark. Rise and fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars David Bowie. New York: Schirmer Books, 1998. Print. s 117–120
  17. «The All-TIME 100 Albums». time.com. Arkivert frå originalen 9. november 2007. Henta 3. mai 2011. 
  18. «Seu Jorge Biography». Musicianguide.com. Henta 3. mai 2011. 
  19. Time Out (1998), Q Magazine (12–18 October 1984). «ZSC:Heddon St.». The Ziggy Stardust Companion. Henta 3. mai 2011. 
  20. Michael Harvey. «The ZIGGY STARDUST Companion – Heddon Street, London at». 5years.com. Henta 26 April 2011. 
  21. «Classic Album Covers: Issue Date – 7 January 2010». Royal Mail. Henta 3. mai 2011. 
  22. Michaels, Sean (8 January 2010). «Coldplay album gets stamp of approval from Royal Mail». London: The Guardian. Henta 3. mai 2011. 
  23. «Rear cover». The Ziggy Stardust Companion. Henta 3. mai 2011. 
  24. 24,0 24,1 Chris O’Leary. «Five Years». Pushing Ahead of the Dame. Henta 28. januar 2016. 
  25. 25,0 25,1 25,2 Chris O’Leary. «Lady Stardust». Pushing Ahead of the Dame. Henta 26. januar 2016. 
  26. 26,0 26,1 Chris O’Leary. «Round and Round». Pushing Ahead of the Dame. Henta 29. juli 2021. 
  27. Chris O’Leary. «Velvet Goldmine». Pushing Ahead of the Dame. Henta 26. januar 2016. 
  28. 28,0 28,1 28,2 Chris O’Leary. «Sweet Head». Pushing Ahead of the Dame. Henta 26. januar 2016. 
  29. 29,0 29,1 Chris O’Leary. «My Death». Pushing Ahead of the Dame. Henta 1. februar 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]