Grateful Dead

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grateful Dead
Billbongo.jpg
Grateful Dead-medlemmer back scenen tidleg i 1980-åra (venstre til høgre): Brent Mydland, Bob Weir, Jerry Garcia, Bill Kreutzmann. Phil Lesh og Mickey Hart er ikkje med på biletet
Sjanger Rock
Tilknytte artistar The Other Ones, The Dead, Jerry Garcia Band, RatDog, Phil Lesh and Friends, Rhythm Devils, BK3, Donna Jean Godchaux Band, Heart of Gold Band, Missing Man Formation, New Riders of the Purple Sage, Old and in the Way, Legion of Mary, Reconstruction, Jerry Garcia Acoustic Band, Kingfish, Bobby and the Midnites, The Tubes, Bruce Hornby, Bob Dylan, Furthur, 7 Walkers
Plateselskap Warner Bros., Grateful Dead, Arista, Rhino
Medlemmer
Jerry Garcia
Bob Weir
Phil Lesh
Bill Kreutzmann
Ron «Pigpen» McKernan
Mickey Hart
Tom Constanten
Keith Godchaux
Donna Jean Godchaux
Brent Mydland
Vince Welnick
Robert Hunter

Grateful Dead var eit amerikanske rockeband starta i 1965 i San Francisco Bay Area.[1] Bandet var kjend for den unike og breitt samansette stilen, som blanda element frå rock, folk, bluegrass, blues, reggae, country, jazz, psykedelia og space rock[2][3]—og for konsertane deira med lange improvisasjonar.[1][4] «Musikken deira», skriv Lenny Kaye, «rører område som dei fleste andre grupper ikkje ein gong veit eksisterer.»[5]

Tilhengjarar av Grateful Dead, nokre av dei har følgd bandet frå konsert til konsert i årevis, vert kalla «Deadheads», og er kjend for den store entusiasmen sin for bandet.[1][4] Mange kallar berre bandet for «the Dead».

Musikken til Grateful Dead er påverka frå mange hald. På konsertinnspelingar eller på platene deira kan ein høyre psykedelisk rock, blues, rock and roll, country, bluegrass, countryrock og improvisert jazz. Desse forskjellige inspirasjonskjeldene vart utskild til ein mangfaldig og psykedelisk heilskap som gjorde «Grateful til pionerane i jamband-verda»[6] Dei vart rangert på 55. plass på lista til Rolling Stone over dei største artistane gjennom tidene.[7]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første åra (1964-1966)[endre | endre wikiteksten]

Phil Lesh og Jerry Garcia vart ført i lag av Gert Chiarito i 1964 for å spele på The Midnight Special, radioprogrammet hennar på KPFA i Berkeley, som gjekk kvar lørdagkveld.[8]

Grateful Dead starta karrieren sin som the Warlocks, ei gruppa danna tidleg i 1965 frå restane av jugbandet frå Palo Alto kalla Mother McCree's Uptown Jug Champions.[9] Den første konserten til bandet var på Magoo's Pizza i forstaden Menlo Park i California den 5. mai 1965. Dei var framleis kjend som the Warlocks sjølv om the Velvet Underground òg nytta det same namnet på austkysten.[10][11] Konserten vart ikkje teken opp og ikkje ein gong setlista er bevart for ettertida. Bandet endra namn då dei fann ut at eit anna band med same namn hadde signert ein platekontrakt (ikkje The Velvet Underground som då hadde endra namn). Den første konserten deira under Grateful Dead var i San Jose i California den 4. desember 1965, ein av Ken Kesey sine Acid Tests.[12][13][14] Tidlege demoopptak finst, men den første av dei over 2000 konsertane deira som vart fanga på lydband var ein konsert i Fillmore Auditorium i San Francisco den 8. januar 1966.[15] Seinare same månad spelte Grateful Dead på Trips Festival, eit tidleg psykedelisk rock-show.

Medlemmane i Grateful Dead på denne tida var banjo- og gitarist Jerry Garcia, gitarist Bob Weir, organisten Ron «Pigpen» McKernan, bassisten Phil Lesh og trommeslagaren Bill Kreutzmann (som då nytta scenenamnet Bill Sommers.)[16] Lesh var det siste medlemmet som vart med i the Warlocks før dei vart Grateful Dead: han erstatta Dana Morgel Jr. som hadde spelt bass på eit par konsertar. Utanom McKernan, heldt kjernen i bandet i lag i 30 år, fram til Garcia døydde i 1995.[17]

Namnet Grateful Dead vart vald frå ei ordbok. I følgje Phil Lesh, i biografien hans (s. 62), «...[Jerry Garcia] tok opp ei gammal Britannica World Language Dictionary...[og]...med ei sølvklår alvestemme sa han til meg, 'hei, du, kva med the Grateful Dead?'» Definisjonen der var «sjela til ein død person, eller engelen hans, som syner takksemd til nokon, som ei med ei velgjerning arrangert gravferda deira.». I følgje Alan Trist, direktøren i musikkforlaget til Grateful Dead Ice Nine, fann Garcia namnet i Funk & Wagnalls Folklore Dictionary, då fingeren hans landa på uttrykket medan dei spelte spelet «dictionary».[18] I Garcia-biografien Captain Trips, skriv forfattar Sandy Troy at bandet røykte psykedelisk DMT på denne tida.[19]

Andre folk som tidleg vart knytt til bandet var Rock Scully, som høyrte bandet frå Kesey og vart manager for dei etter å ha møtt dei under Big Beat Acid Test.

Hovudkarriere (1967-1995)[endre | endre wikiteksten]

Bruce Hornby spelte piano på dei fleste Grateful Dead-konsertane frå september 1990 til mars 1992.

Ein av dei første store konsertane til bandet i 1967 var Mantra-Rock Dance— den 29. januar 1967 i Avalon Ballroom i Hare Krishna-tempelet i San Francisco. Grateful Dead spelte i lag med Hare Krishna-grunnleggjaren Bhaktivedanta Swami, diktaren Allen Ginsberg, banda Moby Grape og Big Brother and the Holding Company med Janis Joplin, og inntektene vart donerte til Krishna-tempelet. [20][21] Det første albumet til bandet, The Grateful Dead, kom ut på Warner Brothers i 1967.

Den klassiske trente trompetisten Phil Lesh spelte bassgitar. Bob Weir, det yngste originale medlemmet i gruppa, spelte rytmegitar. Ron «Pigpen» McKernan spelte klaverinstrument og munnspel fram til han døydde i 1973, 27 år gammal. Garcia, Weir og McKernan song alle meir eller mindre like mykje. Bill Kreutzmann spelte trommer, og i september 1967 fekk dei ein trommeslagar til, Mickey Hart, som spelte på mange forskjellige perkusjonsinstrument.

I 1970 spelte dei i New OrleansThe Warehouse. Den 31. januar 1970 raida politiet hotellet deira og arresterte og sikta 19 personar for å narkotikamisbruk.[22] Siktingane vart etter kvart heva, bortsett frå lydteknikaren Owsley Stanley, som alt var sikta i California for å ha laga LSD. Dette vart seinare omtalt i teksten på songen «Truckin'», ein singel frå American Beauty, som nådde 64. plass på listene.

Hart forlet Grateful Dead i februar 1971, og Kreutzmann vart igjen den einaste perkusjonisten i bandet. Mickey Hart kom attende til Grateful Dead for godt i oktober 1974. Tom «TC» Constanten vart ny mann på klaverinstrument frå 1968 til 1970, medan Pigpen spelte forskjellige perkusjonsinstrument og song.

Etter at Constanten forlet bandet, vart Pigpen igjen den einaste organisten i bandet. Mindre enn to år seinare, seint i 1971, fekk Pigpen ein ny kollega på tangentar, Keith Godchaux, som spelte piano i lag med Pigpen på Hammond B-3 orgel. Tidleg i 1972 vart kona til Keith, Donna Jean Godchaux, med Grateful Dead som korvokalist.

Etter ein turne i Europa i 1972 vart helsa til Pigpen så dårleg at han ikkje lenger kunne turnere med bandet. Den siste konserten hans vart den 17. juni 1972 i Hollywood Bowl i Los Angeles;[23] han døydde i mars 1973 etter lang tids alkoholmisbruk.[24]

Bandet heldt fram som før etter at Pigpen døydde med nye medlemmar. Dei sanna like etter sitt eige plateselskap, Grateful Dead Records.[25] Seinare same året gav dei ut det neste soloalbumet, det jazz-påverka Wake of the Flood. Det art den største kommersielle suksessen deira så langt.[26] Bandet gjekk raskt i studio igjen og spelte inn eit nytt album, Grateful Dead from the Mars Hotel. Ikkje lenge etter tok Grateful Dead seg ein pause frå turneringa, slik at medlemmene kunne fokusere på solokarrierane sine. Pausen varte ikkje lenge, og dei starta opp konsertverksemda igjen i 1976.[25] Same året signerte dei ein platekontrakt med Arista Records. På det nye selskapet gav dei ut Terrapin Station. Sjølv om ting såg bra ut for bandet, hadde dei nyaste medlemmane deira byrja å få problem. Donna Jean fekk ofte problem med stemma si under konsertane og Keith hadde vorte avhengig av tunge narkotika. Begge forlet bandet i februar 1979.

Brent Mydland vart med i bandet på klaverinstrument og som vokalist. Keith og Donna Godchaux danns då Heart of Gold Band før Keith Godchaux døydde i ei bilulukke i 1980. Mydland spelte 11 år med Grateful Dead før han døydde av ein overdose i juli 1990,[27] og vart den tredje Dead-keyboardisten som døydde. Vince Welnick, som tidlegare hadde spelt i The Tubes, kom då inn i bandet på klaverinstrument og vokal. Welnick vart verande med bandet til Garcia døydde, men han vart aldri medlem av The Other Ones eller The Dead. Han spelte derimot i tidlege utgåver av Ratdog med Bob Weir. Welnick døydde i 2006.[28]

Etterverknad (1995 til i dag)[endre | endre wikiteksten]

Bob Weir på scenen i 2007

Etter at Garcia døydde i august 1995 valte dei andre medlemmane å legge ned bandet. Sidan den gong har det vore fleire gjenforeiningar av dei gjenverande medlemmane.

I 1998 danna Bob Weir, Phil Lesh og Mickey Hart, i lag med fleire andre musikarar, bandet The Other Ones. The Other Ones heldt konsertar dette året og gav ut eit konsertalbum, The Strange Remain året etter. I 2000 la The Other Ones ut på turne att, denne gongen med Bill Kreutzmann men utan Lesh. Bandet var igjen aktive i 2002, no med Lesh attende. I 2003 endra dette bandet namn til The Dead, og dei turnerte i 2003 og 2004. I 2008 heldt The Dead to konsertar, «Deadheads for Obama» og «Change Rocks». I 2009 la The Dead ut på ein ny turne.

I 2009 dann Weir og Lesh eit nytt band, kalla Furthur, som har spelt fleire konsertturnar. I 2010 danna Hart og Kreutzmann Rhythm Devils som spelte mange konsertar denne sommaren.

Besetningar[endre | endre wikiteksten]

Grateful Dead-besetningar[29]
(Juni 1965 – September 1967)
(September 1967 – November 1968)
  • Jerry Garcia – sologitar, vokal
  • Bob Weir – rytmegitar, vokal
  • Ron «Pigpen» McKernan – klaverinstrument, munnspel, perkusjon, vokal
  • Phil Lesh – bass, vokal
  • Bill Kreutzmann – trommer
  • Mickey Hart – trommer
(November 1968 – Januar 1970)
  • Jerry Garcia – sologitar, vokal
  • Bob Weir – rytmegitar, vokal
  • Ron «Pigpen» McKernan – klaverinstrument, munnspel, perkusjon, vokal
  • Tom Constanten – klaverinstrument
  • Phil Lesh – bass, vokal
  • Bill Kreutzmann – trommer
  • Mickey Hart – trommer
(Januar 1970 – Februar 1971)
  • Jerry Garcia – sologitar, vokal
  • Bob Weir – rytmegitar, vokal
  • Ron «Pigpen» McKernan – klaverinstrument, munnspel, perkusjon, vokal
  • Phil Lesh – bass, vokal
  • Bill Kreutzmann – trommer
  • Mickey Hart – trommer
(Februar 1971 – Oktober 1971)
  • Jerry Garcia – sologitar, vokal
  • Bob Weir – rytmegitar, vokal
  • Ron «Pigpen» McKernan – klaverinstrument, munnspel, perkusjon, vokal
  • Phil Lesh – bass, vokal
  • Bill Kreutzmann – trommer
(Oktober 1971 – Mars 1972)
  • Jerry Garcia – sologitar, vokal
  • Bob Weir – rytmegitar, vokal
  • Ron «Pigpen» McKernan – klaverinstrument, munnspel, perkusjon, vokal
  • Keith Godchaux – klaverinstrument
  • Phil Lesh – bass, vokal
  • Bill Kreutzmann – trommer
(Mars 1972 – Juni 1972)
  • Jerry Garcia – sologitar, vokal
  • Bob Weir – rytmegitar, vokal
  • Ron «Pigpen» McKernan – klaverinstrument, munnspel, perkusjon, vokal
  • Keith Godchaux – klaverinstrument
  • Donna Godchaux – vokal
  • Phil Lesh – bass, vokal
  • Bill Kreutzmann – trommer
(Juni 1972 – Oktober 1974)
  • Jerry Garcia – sologitar, vokal
  • Bob Weir – rytmegitar, vokal
  • Keith Godchaux – klaverinstrument
  • Donna Godchaux – vokal
  • Phil Lesh – bass, vokal
  • Bill Kreutzmann – trommer
(Oktober 1974 – Februar 1979)
  • Jerry Garcia – sologitar, vokal
  • Bob Weir – rytmegitar, vokal
  • Keith Godchaux – klaverinstrument
  • Donna Godchaux – vokal
  • Phil Lesh – bass, vokal
  • Bill Kreutzmann – trommer
  • Mickey Hart – trommer
(April 1979 – Juli 1990)
  • Jerry Garcia – sologitar, vokal
  • Bob Weir – rytmegitar, vokal
  • Brent Mydland – klaverinstrument, vokal
  • Phil Lesh – bass, vokal
  • Bill Kreutzmann – trommer
  • Mickey Hart – trommer
(September 1990 – Mars 1992)
  • Jerry Garcia – sologitar, vokal
  • Bob Weir – rytmegitar, vokal
  • Vince Welnick – klaverinstrument, vokal
  • Bruce Hornby – klaverinstrument, vokal
  • Phil Lesh – bass, vokal
  • Bill Kreutzmann – trommer
  • Mickey Hart – trommer
(Mai 1992 – August 1995)
  • Jerry Garcia – sologitar, vokal
  • Bob Weir – rytmegitar, vokal
  • Vince Welnick – klaverinstrument, vokal
  • Phil Lesh – bass, vokal
  • Bill Kreutzmann – trommer
  • Mickey Hart – trommer

Tidslinje[endre | endre wikiteksten]

Prisar[endre | endre wikiteksten]

I 2004 kåra Rolling Stone Grateful Dead til 55. beste artist gjennom tidene.[30]

Den 10. februar 2007 fekk Grateful Dead æresprisen til Grammy. Prisen vart motteke av Mickey Hart og Bill Kreutzmann på vegner av bandet.[31]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioinnspelingane til Grateful Dead har i liten grad klart å fange dei leikne improvisasjonene som prega konsertane, og som kom til uttrykk i skiftande sekvensar og stadig nye utformingar av songane. På det andre albumet til bandet, Anthem of the Sun, vart konsertopptak og studiopptak kombinert til frustrasjon for produsentane og platesleskapet. Den første salssuksessen deira vart dobbelt-LPen Live Dead, der dei tre første platesidene var eitt samanhengande opptak (no tilgjengeleg som éin CD). Seinare veksla bandet mellom å gje ut studioalbum og redigerte konsertopptak.

Mange (stort sett komplette) konsertear er seinare gjevne ut i seriane Dick's Picks (1-37), From the Vault, og Road Trips. Det er likevel tusenvis av piratopptak, som med løyve frå bandet, sirkulerer blant tilhengjarane. Mange kan òg lastast ned lovleg frå nettstaden Archive.org.

med originalbesetninga


med McKernan erstatta av Keith Godchaux på tangentar og Donna Godchaux på vokal

  • Hundred Year Hall, (live) 1972 (Garcia/Weir/Lesh/Kreutzmann/McKernan/K. Godchaux/D. Godchaux)
  • Europe '72, (live) 1972 (Garcia/Weir/Lesh/Kreutzmann/McKernan/K. Godchaux/D. Godchaux)* Wake of the Flood, 1973 (Garcia/Weir/Lesh/Kreutzmann/K. Godchaux/D. Godchaux)
  • Grateful Dead from the Mars Hotel, 1974 (Garcia/Weir/Lesh/Kreutzmann/K. Godchaux/D. Godchaux)
  • Steal Your Face, (live) 1974 (Garcia/Weir/Lesh/Kreutzmann/K. Godchaux/D. Godchaux)
  • One from the Vault,(live) 1975 (Garcia/Weir/Lesh/Kreutzmann/Hart/K. Godchaux/D. Godchaux)
  • Blues for Allah, 1975 (Garcia/Weir/Lesh/Kreutzmann/Hart/K. Godchaux/D. Godchaux)
  • Terrapin Station, 1977 (Garcia/Weir/Lesh/Kreutzmann/Hart/K. Godchaux/D. Godchaux)
  • What a Long Strange Trip It's Been, 1977 (samlealbum)
  • Shakedown Street, 1978 (Garcia/Weir/Lesh/Kreutzmann/Hart/K. Godchaux/D. Godchaux)

med Keith og Donna Godchaux erstatta av Mydland

  • Go to Heaven, 1980 (Garcia/Weir/Lesh/Kreutzmann/Hart/Mydland)
  • Dead Set, 1981 (Garcia/Weir/Lesh/Kreutzmann/Hart/Mydland)
  • Reckoning, 1981 (Garcia/Weir/Lesh/Kreutzmann/Hart/Mydland)
  • In the Dark, 1987 (Garcia/Weir/Lesh/Kreutzmann/Hart/Mydland)
  • Built to Last, 1989 (Garcia/Weir/Lesh/Kreutzmann/Hart/Mydland)
  • Dylan & The Dead (live, with Bob Dylan), 1989 (Garcia/Weir/Lesh/Kreutzmann/Hart/Mydland)
  • Dozin' at the Knick, (live) 1990 (Garcia/Weir/Lesh/Kreutzmann/Hart/Mydland)
  • Without a Net, (live) 1990 (Garcia/Weir/Lesh/Kreutzmann/Hart/Mydland)

  • Skeletons from the Closet (Best of the Grateful Dead), 1973 (samlealbum)
  • Grateful Dead, 1977-1995 1996
  • The Arista Years, 1996 (samlealbum)
  • Fallout from the Phil Zone, 1997 (live samlealbum)
  • So Many Roads 1965-1995, 1999 (boks)
  • The Golden Road, 2001 (boks, består av the Deads år med Warner Brothers Records, 1967-1972)
  • Postcards of the Hanging, 2002 (live samlealbum)
  • The Very Best of The Grateful Dead, 2003 (samlealbum)
  • Beyond Description, 2004 (boks, består av the Dead's år med Grateful Dead Records og Arista Records, 1973-1989)
  • Rare Cuts and Oddities 1966, 2005
  • The Complete Fillmore West 1969, 2005 (boks, live)

Spesielle utgjevingar

  • Grayfolded, 1996 (Klipp fra fleire konsertversjonar av "Dark Star", sett saman til ein to timar versjon.)
  • Infrared Roses, 1991 (smakebitar av elektronisk jam, space, som hadde ein fast plass på konsertane)
  • Dick's Picks I- XXXVII Konsertopptak fra heile karrieren, utvalt av Dick Latvala, til sals via Dead.net

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Santoro, Gene (2007). «Grateful Dead». Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica, Inc. http://www.britannica.com/eb/article-9117536/the-Grateful-Dead. Henta 6. februar 2011. 
  2. "purveyors of freely improvised space music," -- Blender Magazine, May 2003
  3. ""Dark Star," both in its title and in its structure (designed to incorporate improvisational exploration), is the perfect example of the kind of "space music" that the Dead are famous for. Oswald's titular pun "Grayfolded" adds the concept of folding to the idea of space, and rightly so when considering the way he uses sampling to fold the Dead's musical evolution in on itself." -- Islands of Order, Part 2,by Randolph Jordan, in Offscreen Journal, edited by Donato Totaro, Ph.D, film studies lecturer at Concordia University since 1990.
  4. 4,0 4,1 «Rock and Roll Hall of Fame and Museum – Grateful Dead detail» (asp). Inductees. The Rock and Roll Hall of Fame and Museum, Inc. Arkivert frå originalen den 2006-11-23. http://web.archive.org/web/20061123064938/http://www.rockhall.com/hof/inductee.asp?id=113. Henta 6. februar 2011. 
  5. Kaye, Lenny (1970). «The Grateful Dead – Live/Dead». Music reviews. Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/music/reviews/album/2747/21341. Henta 6. april 2011. 
  6. Garofalo, s. 219
  7. «The Greatest Artists of all Time». Rolling Stone Magazine. 
  8. Thank you, Grateful Dead and John Meyer . . . I'm eternally grateful!
  9. Metzger, John. Mother McCree's Uptown Jug Champions album review, The Music Box, May 1999.
  10. Magoo's Pizza Parlor - May 5, 1965 | Grateful Dead
  11. Tony Bove. «Rockument's Rise and Fall of the Haight-Ashbury». Rockument.com. http://www.rockument.com/haimg.html. Henta 2007-02-27. 
  12. Big Nig's House - December 4, 1965 | Grateful Dead
  13. Stanton, Scott (2003). The Tombstone Tourist. Simon and Schuster. s. 102. ISBN 0743463307. 
  14. Herbst, Peter (1989). The Rolling Stone Interviews: 1967-1980. St. Martin's Press. s. 186. ISBN 0312034865. 
  15. Grateful Dead Live at Fillmore Auditorium on 1966-01-08 : Free Download & Streaming : Internet Archive
  16. Rolling Stone, s. 332
  17. Garofalo, s. 218
  18. Weiner, Robert G. (1999). Perspectives on the Grateful Dead: Critical Writings By Robert G. Weiner. Greenwood Publishing. s. 145. ISBN 0313305692. 
  19. Troy, Sandy, Captain Trips: A Biography of Jerry Garcia (New York: Thunder's Mouth Press, 1994). DMT, s. 73; Acid King s. 70; Watts+ s. 85.
  20. Bromley, David G.; Shinn, Larry D. (1989), Bucknell University Press, s. 106, ISBN 9780838751442 
  21. Chryssides, George D.; Wilkins, Margaret Z. (2006), A reader in new religious satsar, Continuum International Publishing Group, s. 213, ISBN 9780826461681 
  22. "Drug Raid Nets 19 in French Quarter", The Times-Picayune, February 1, 1970
  23. Scott, Dolgushkin, Nixon, "Deadbase X", New Hampshire, s.23. ISBN 1-877657-21-2
  24. McNally, Dennis, "A Long Strange Trip", New York 2002, s.584. ISBN 0-7679-1186-5
  25. 25,0 25,1 The Grateful Dead | View the Music Artists Biography Online | VH1.com
  26. The Grateful Dead
  27. «Grateful Dead Member Died Of Overdose, Coroner Rules». New York Times. August 12, 1990. http://query.nytimes.com/gst/fullpage.html?res=9C0CEFDA153DF931A2575BC0A966958260. 
  28. Carolyn Jones, (June 3, 2006). «Grateful Dead's last klaverist, Vince Welnick, dies at 51». San Francisco Chronicle. http://sfgate.com/cgi-bin/article.cgi?f=/c/a/2006/06/03/MNG45J861V4.DTL. 
  29. Scott, John W.; Dolgushkin, Mike; Nixon, Stu. (1999). DeadBase XI: The Complete Guide to Grateful Dead Song Lists. Cornish, NH: DeadBase. s. 565. ISBN 1877657220. 
  30. «The Immortals: The First Fifty». Rolling Stone Issue 946. Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/news/story/5939214/the_immortals_the_first_fifty. 
  31. Reuters article by Sue Zeidler, 11. februar 2007

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Grateful Dead