Artemis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Statuen Artemis frå Versaille, frå Louvre.

Artemis var ei gudinne frå gresk mytologi, dotter til Zevs og Leto. I romersk mytologi vart ho kalla Diana. Artemis vart fødd saman med tvillingbroren Apollon på øya Dílos, dit Leto hadde flykta frå den vreide Hera, kona til Zevs.

Artemis bar pil og boge og var gudinna for jakt, lækjing, kyskleik og barnefødsle. Ho kunne også bera ein fakkel i handa, og vart då tenkt på som månegudinne. Ho verna om alle villdyr og villmarka. Artemis vart tilbeden som fruktbarheitsgudinne mange stader gjennom historia, særleg på Peloponnes. Ifylgje nokre mytar skal ho ha hjelpt mor si då hennar eigen tvillingbror, Apollon, skulle bli født.

Sparta vart Artemis kalla Orthia, og ved hennar altar vart dei spartanske gutane piska. Eit anna alternativt namn på henne var Hekate.

Ei historie om Artemis fortel om Niobe, dronninga av Theben og kona til Amphion. Niobe var hånleg overfor Leto fordi ho hadde fjorten born, sju gutar og sju jenter, medan Leto berre hadde to. Som hemn drap Apollon sønene hennar medan dei trente friidrett, og Artemis drap døtrene med pil og boge.

Artemistempelet i Efesos vart rekna som eitt av dei sju underverka. Her vart Artemis identifisert med ei orientalsk fruktbarheitsgudinne og framstilt med mange bryst som ein nærande guddom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]