Dílos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dílos
Lokalt namn: Δήλος
Geografi
GR Delos.PNG
Stad Egearhavet
Koordinatar 37°24′N 25°16′EKoordinatar: 37°24′N 25°16′E
Øygruppe Kykladane
Areal 40 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Kommune
Dei sørlege egeiske øyane
Mýkonos
Mýkonos
Demografi
Folketal 24 (2011)

Dílos (gresk Δήλος), òg kalla Delos, er ei øy i Hellas som ligg om lag midt i Kykladane i Egearhavet. Øya er ein del av kommunen Mýkonos, som høyrer til periferieininga Mýkonos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.

Øya ligg nær Mýkonos og var ein heilag stad i eitt millenium før olympisk gresk mytologi gjorde øya til fødestaden til Apollon og Artemis. Frå den Heilage Hamna kan ein sjå to kjegleforma jordhaugar som var heilagdomar for Dionysos. Den eine av dei vart i eldre tider kalla Kýnthosfjellet.

The island of Delos, Carl Anton Joseph Rottmann, 1847

Som eit religiøst senter var Dílos langt viktigare enn dei få naturresursane ein kunne finne her.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Utforsking av antikke steinhytter indikerer at øya har vore busett sidan om lag 3000 fvt. Thukydides skriv at dei første innbyggjarane var karianske sjørøvarar som vart driven bort av Kong Minos av Kreta[1] På tida til Odyssevs var øya alt kjend som fødestaden til tvillinggudane Apollon og Artemis, og mellom 900 fvt. og 100 evt. var Dílos eit stort senter for gudsdyring av mellom anna Dionysos og titanessa Leto, mor til Apollo og Artemis.

Bystaten Aten utførte fleire oppryddingsprosjekt på øya for at ho skulle vere så høveleg som mogeleg for dyrking av gudane. Mellom anna vart alle gravene innanfor tempelområdet gravne opp og flytta til områda utanfor. Under peloponnesarkrigen, etter instruksjonar frå orakelet i Delfi, vart alle døde menneske fjerna frå heile øya. Det vart så gjeve ordre om at ingen skulle få lov til å verken døy eller føde på øya, og ho skulle vere nøytral innan handel sidan ingen kunne krevje eigarskap over ho gjennom arv. Like etter denne oppryddinga vart dei første deliske spela halde her. [2]

Etter persarkrigane vart øya ein nøytral møtestad for Det athenske sjøforbundet (òg kalla det deliske forbundet), som vart grunnlagd i 478 fvt.. Fellesskatten til forbundet vart halde her fram til 454 fvt., då Perikles flytta han til Athen. [3]

Sidan 1873 har Ecole Française d'Athenes («Den franske skulen i Athen») gjort utgravingar på øya, og bygningskomplekset vert samanlikna med det ein finn i Delfi og Olympia.

Øya har ikkje kapasitet for produksjon av mat, fiber eller tømmer, som vart importer. Avgrensa vassressursar vart utnytta ved hjelp av cisterner og akveduktar, brønnar og avløp. Det største slavemarkedet for området vart òg halde her.

I 1990 vart Dílos ein del av UNESCO si verdsarvliste.

Landemerker[endre | endre wikiteksten]

Løveterrasen på Dílos.
  • Den litle Heilage Innsjøen i ein sirkulær kum, som i dag er tørr.
  • Den minoiske fontenen var ein firkanta offentleg brønn i stein. Ho forestilte den heilage kjelda på 500-talet fvt..
  • Det er fleire marknadsplassar.
  • Det deliske tempelet er eit klassisk døme på den doriske ordenen.
  • Løveterrasen var tileigna Apollo av folket på Náxos kort tid før 600 fvt. og bestod opphavleg av tolv løver i marmor langs Den heilage vegen.
  • Poseidoniasthallen av Beirut husa kjøpmenn, skipseigarar og krovertar under dei første åra med romersk styre.
  • Plattforma Stoibadeion tileigna Dionysos har ein statue av guden.
  • Det doriske Isistempelet vart bygd i byrjinga av romartida.
  • Heratempelet, om lag 500 fvt., er ein rekostruksjon av eit tidlegare Heraion på same stad.
  • Dionysushuset er ein privat luksusheim frå 100-talet kalla opp etter golvmosaikken som viser Dionysos ridande på ein panter.
  • Delfinhuset er kalla opp etter mosaikken der Erotes rir delfinar.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Thukydides, I,8.
  2. Thukydides, III,104.
  3. Thukydides, I,96.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dílos

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Kykladane

Ándros • Tínos • Mýkonos • Dílos • Rínia • Sýros • Járos • Kéa • Makrónisos • Kýthnos • Sérifos • Vous • Serifopoúla • Sífnos • Kímolos • Polýegos • Mílos • Andímilos • Andíparos • Despotikó • Páros • Náxos • Skhinoúsa • Iráklia • Koufonísia • Kéros • Donoúsa • Amorgós • Folégandros • Síkinos • Kardiótissa • Íos • Santoríni (Thíra) • Thirasía • Anáfi