Artemisia Gentileschi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Artemisia Gentileschi
Self-portrait as the Allegory of Painting by Artemisia Gentileschi.jpg
Sjølvportrett som allegori av måleri (1638-9).
Fødenamn Artemisia Lomi
Fødd 8. juli 1593
Roma
Død ca. 1656
Napoli
Nasjonalitet italiensk

Artemisia Gentileschi (8. juli 15931656) var ein italiensk barokkmålar. Ho var dotter av Orazio Gentileschi, som ho også gjekk i lære hjå. Artemisia Gentileschi er kjend for meistarlege verk i chiaroscurostil, inspirert av Caravaggio. Ho var den første kvinna i europeisk kunsthistorie som måla større historiske og religiøse måleri, og den første kvinna som blei medlem av Accademia del Disegno i Firenze.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Artemisia var fødd i Roma som det eldste barnet til Orazio Gentileschi og Prudentia Montone. Ho mista mor si då ho var tolv. Faren merka at ho hadde kunstnarisk talent og underviste henne i måleri til ho var sytten. Dei budde i eit område med mange kunstnarar, og faren var mellom anna venn med Caravaggio, som påverka Artemisia mykje.

Susanna e i Vecchioni ('Susanna i badet', 1610) er det første kjende, signerte måleriet av Artemisia Gentileschi.

Ettersom Artemisia ikkje fekk studera ved kunstakademi, fekk faren arrangert vidare lære for henne hjå vennen Agostino Tassi.

Giuditta che decapita Oloferne ('Judith drep Holofernes', ca. 1611-1612).

Tidleg i 1612 la Orazio an sak mot Agostino Tassi etter at han hadde valdteke Artemisia. Rettsaka varte i sju månader og medførte stor offentleg skam for Artemisia, som måtte bevisa at ho sjølv var kysk gjennom ei gynekologisk undersøking og tortur med tommeskrue. Gjennom rettsaken kom det fram at Agostino Tassi også hadde valdteke svigerinna si og kona si før han gifta seg med henne. Han hadde også lagt planar om å drepa kona. Tassi blei til slutt dømd til eksil, men sona ikkje straffa si, og kom tilbake til Roma etter fire månader.

Rundt denne tida byrja Artemisia Gentileschi å måla sitt best kjende måleri, 'Judith drep Holofernes'. Måleriet viser den jødiske heltinna Judit som skjer hovudet av Holofernes med eit innbite uttrykk. Dette og andre motiv frå Judits bok skulle ho koma tilbake til gjennom karrieren. Det er blitt tolka som ein reaksjon på opplevingane knytt til Tassi.

Mot slutten av 1612 blei Artemisia gift med målaren Pierantonio Stiattesi. Han var frå Firenze, der paret slo seg ned. I 1616 blei dei begge medlemmer av Academie del Disegno. Artemisia Gentileschi blei venner med Galileo Galilei og blei støtta som kunstnar av rikfolk som Cosimo II de' Medici. I Firenze fekk paret fleire born, men berre dottera Prudenzia voks opp. Paret hadde tidvis store pengeproblem, og Pierantonio bygde opp ei stor gjeld utan at Artemisia visste det.

Maria Magdalena, ca. 1616.
'Fødselen til Johannes døyparen', ca. 1635.

I 1621 forlét Artemisia Gentileschi ektemannen og vende tilbake til Roma. Her ser ho ut til å ha fått endå ei dotter. Ho budde ei tid i Genova, der faren no heldt til, og var i Venezia i 1627. I 1630 flytta ho til Napoli, som hadde stor rikdom og var ein god kunstmarknad. Her måla ho for fyrste gong for domkyrkjer.

I 1638 drog Artemisia til England, der Orazio Gentileschi var hoffmålar for kong Karl II. Her samarbeidde ho med faren att og produserte måleri for den kunstinteresserte kongen. Ho hadde forlate England før den engelske borgarkrigen braut ut, og var tilbake i Napoli i 1949. Ho døydde ein gong på 1650-talet, kanskje av ein pest i 1656 som drap ei rekkje napolitanske kunstnarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Artemisia Gentileschi

Litteratur

  • Christiansen, Keith, Orazio and Artemisia Gentileschi. New York: Metropolitan Museum of Art 2001.
  • Garrard, Mary D., Artemisia Gentileschi: the image of the female hero in Italian baroque art. Princeton: Princeton University Press 1991.
  • Garrard, Mary D., Artemisia Gentileschi around 1622: the shaping and reshaping of an artistic identity. Berkeley: University of California Press 2001.
  • Vreeland, Susan, Artemisias passion. Stockholm: Pan 2004.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]