Aslaug Vaa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Aslaug Vaa (25. august 188928. november 1965) var ein norsk lyrikar og dramatikar. Ho var fødd i Rauland i Vinje i Telemark, syster til bilethoggaren og målaren Dyre Vaa, gift med psykologen og filologen Ola Raknes, mor til bilethoggaren Anne Raknes og lyrikaren Magli Elster. Gjennom oldemora Signe Jore var ho tremenning til Eivind Groven og Tarjei Vesaas.

Aslaug Vaa studerte fransk litteratur og kunsthistorie ved universitet i Paris og teaterhistorie ved universitetet i Berlin. Etterpå arbeidde ho ei tid som lærar og journalist. Ho debuterte som lyrikar i 1934, 45 år gammal. Den fyrste samlinga heitte Nord i leite. Ho skreiv også skodespel.

I 1935 fekk ho Melsom-prisen. Ho fekk kunstnarløn frå 1955.

I 2001 framførde Odd Nordstoga og Øyonn Groven Myhren tingingsverket Nivelkinn bygd på Aslaug Vaa sin diktsyklus av same namn frå Nord i leiteTelemarksfestivalen. Oppføringa vart teken opp og gitt ut på plate, og vann Spellemannprisen 2002.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1934 Nord i leite, lyrikksamling
  • 1935 Skuggen og strendan, lyrikksamling
  • 1936 Villarkonn, lyrikksamling
  • 1938 Steinguden, skodespel
  • 1939 På vegakanten, lyrikksamling
  • 1947 Fotefár, lyrikksamling
  • 1947 Tjugendagen, skodespel
  • 1954 Skjenkarsveinens visur, lyrikksamling
  • 1963 Bustader, lyrikksamling
  • 1964 Dikt i utval, lyrikksamling
  • 1965 Honningfuglen og leoparden, skodespel
  • 1966 Munkeklokka, skodespel
  • 1989 Dikt i samling
  • 1999 Og ordet var..., etterlatne dikt

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]