Assadsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 36°00′N 38°10′E
Assadsjøen
بحيرة الأسد
innsjø
none  Assadsjøen (venstre), Tabqadammen (midten) og Baathdammen (høgre). Bilete var teken på STS-78, juni 1996. Nord er oppe til venstre på biletet.
Assadsjøen (venstre), Tabqadammen (midten) og Baathdammen (høgre). Bilete var teken på STS-78, juni 1996. Nord er oppe til venstre på biletet.
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Ar-Raqqah guvernement
tilsig Eufrat
utløp Eufrat
koordinatar 36°00′N 38°10′E
Lengd 80 km
Breidde km
Volum 10 m³
Areal 525 km²
Type vassresrvoar
Bygd 1968
 - Fyllt opp 1974
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Assadsjøen (arabisk بحيرة الأسد, Buhayrat al-Assad) er eit vassreservoar i Eufrat i Ar-Raqqah guvernement i Syria. Det vart skapt i 1974 då Tabqadammen vart lukka. Assadsjøen er den største innsjøen i Syria med kapasitet på 11,7 kubikkilometer og ei største overflate på 610 kvadratkilometer. Eit stort nettverk av kanalar nyttar vatn frå Assadsjøen til kunstig vatning av områda på begge sider av Eufrat. I tillegg vert vatnet nytta som drikkevatn for byen Aleppo og det vert drive fiske i innsjøen. Breidda av Assadsjøen har utvikla seg til ein viktig økologisk sone.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første planane om ei demning i den syriske delen av Eufrat går attende til 1927, men dette vart ikkje gjennomført. I 1957 vart det laga ein avtale med Sovjetunionen om teknisk og økonomisk støtte til bygginga av ei demning i Eufrat, og i 1960 vart ein økonomisk avtale signert med Vest-Tyskland. Ein annan avtale om å finansiere prosjektet vart signert med Sovjetunionen i 1965.[1] Prosjektet omfatta eit vasskraftverk ved Tabqadammen, og bygginga av eit vidstrekt vatningsnettverk som gjev vatn til 6 400 kvadratkilometer med land på begge sider av Eufrat.[2][3] Bygginga av demninga pågjekk mellom 1968 og 1973 og fyllinga av reservoaret tok til i 1974 ved å redusere vassføringa i Eufrat. I 1975 klagde Irak på at vassføringa i Eufrat var for låg og truga med å bombe Tabqadammen. Meklingar med Saudi-Arabia og Sovjetunionen enda til slutt striden.[4]

Redding av utgravingar i Assadsjøen[endre | endre wikiteksten]

I påvente av fyllinga av reservoaret, pågjekk det eit intensivt, internasjonalt arkeologisk prosjekt for å redde utgravingar frå det truga området mellom 1963 og 1974. Som ein del av prosjektet vart det gjort utgravingar på stader frå sein natufisk til den osmanske perioden. Det vart gjort utgravingar ved Tell Abu Hureyra, Emar, Habuba Kabira, Mureybet, Tell es-Sweyhat, Tell Fray og Dibsi Faraj. Ved Qal'at Ja'bar vart ei bort på ein åstopp, som kom til å verte ei øy i Assadsjøen. Det vart anlagt ein vernande skråning og to minaretar ved Mureybet og Meskene vart flytta til eit område utanfor flaumsonen.[5]

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Den maksimale kapasiteten i Assadsjøen er 11,7 kubikkilometer med eit overflateareal på 610 kvadratkilometer. Han er dermed den største innsjøen i Syria. Den faktiske kapasiteen er i røynda mykje lågare, 9,6 kubikkilometer, med eit overflateareal på 447 kvadratkilometer.[6] Det foreslått vatningssystemet leid under fleire problem, mellom anna høgt gipsinnhald og saltinnhald i vatnet, vassførande kanalar som kollapsa, og bønder som nekta å flytte til dei oppdemde områda. Som følgje av dette var berre 600 kvadratkilometer vatna frå Assadsjøen i 1984.[7] I 2000 var området som får kunstig vatning auka til 1 24000 kvadratkilometer, som er 19% av det som opphavleg var målet.[8][9] Assadsjøen er den viktigaste drikkevasskjelda til Aleppo, og via ein røyrleidning får byen 80 millionar kubikkmeter vatn per år.[2] Det vert òg fiska frå innsjøen.[10]

Kart (på fransk) over den syrisktyrkiske delen av nedslagsfeltet til Eufrat som syner Tabqadammen (Barrage de Tabqa) og Assadsjøen like vest for denne.

Vestbreidda av innsjøen har utvikla seg til eit viktig myrområde. På søraustbreidda er somme skogar blitt planta med eviggrøne tre, aleppofuru og eufratpoppel. Mykj trekkfugl overvintra ved innsjøen og staten har har oppretta små verneområde langs breidda av Assadsjøen for å hindre jakt. Øya Jazirat al-Thawra er erklært eit naturreservat.[11]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bourgey, André (1974), «Le barrage de Tabqa et l'amenagement du bassin de l'Euphrate en Syrie» (på fransk), Revue de Géographie de Lyon 49 (4): 343–354, doi:10.3406/geoca.1974.1658, ISSN 1960-601X, http://www.persee.fr/web/revues/home/prescript/article/geoca_0035-113x_1974_num_49_4_1658 
  2. 2,0 2,1 Shapland, Greg (1997), Rivers of discord: international water disputes in the Middle East, New York: Palgrave Macmillan, ISBN 978-0-312-16522-2 
  3. Adeel, Zafar; Mainguet, Monique (2000), «Summary Report of the Workshop», New Approaches to Water Management in Central Asia, United Nations University/ICARDA, s. 208–22 
  4. Kaya, Ibrahim (1998), «The Euphrates–Tigris basin: An overview and opportunities for cooperation under international law», Arid Lands Newsletter 44, ISSN 1092-5481, http://ag.arizona.edu/OALS/ALN/aln44/kaya.html 
  5. Bounni, Adnan (1977), «Campaign and exhibition from Euphrates in Syria», The Annual of the American Schools of Oriental Research 44: 1–7, ISSN 0066-0035 
  6. Jones, C.; Sultan, M.; Yan, E.; Milewski, A.; Hussein, M.; Al-Dousari, A.; Al-Kaisy, S.; Becker, R. (2008), «Hydrologic impacts of engineering projects on the Tigris–Euphrates system and its marshlands», Journal of Hydrology 353: 59–75, doi:10.1016/j.jhydrol.2008.01.029, ISSN 0022-1694 
  7. Collelo, Thomas (1987), Syria: A Country Study, Washington: GPO for the Library of Congress, OCLC 44250830, http://countrystudies.us/syria/ 
  8. Elhadj, Elie (2008), «Dry aquifers in Arab countries and the looming food crisis», Middle East Review of International Affairs 12 (3), ISSN 1565-8996, http://www.gloria-center.org/meria/2008/12/elhadj.asp 
  9. Mutin, Georges (2003), «Le Tigre et l'Euphrate de la discorde» (på fransk), VertigO 4 (3): 1–10, doi:10.4000/vertigo.3869, ISSN 1492-8442, http://vertigo.revues.org/index3869.html 
  10. Krouma, I. (2006), National Aquaculture Sector Overview. Syrian Arab Republic. National Aquaculture Sector Overview Fact Sheets, FAO, http://www.fao.org/fishery/countrysector/naso_syrian/en#tcNA003E, henta 25. mars 2014 
  11. Murdoch, D. A.; Vos, R.; Abdallah, A.; Abdallah, M.; Andrews, I.; al-Asaad, A.; van Beusekom, R.; Hofland, R.; et al. (2005), A Winter Survey of Syrian Wetlands. Final Report of the Syrian Wetland Expedition, januar – February 2004, London: privately published, OCLC 150245788