Natufisk kultur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rekonstruert natufisk grav frå El-Wad i Israel.

Natufisk kultur eller natufian var ein førhistorisk steinalderkultur som eksisterte i middelhavsregionen i Levanten (Midtausten) i tida 12 300–9 600 fvt., overgangen mellom mellomsteinalderen og yngre steinalder. Namnet kjem frå funnstaden Wadi an-Natuf som ligg vest for Jordan i Palestina.[1] Den natufiske kulturen gjekk føre jordbruksrevolusjonen omkring 8000 fvt. då jordbrukskulturen oppstod i området rundt Jeriko og andre stader i same region.

Kulturen var truleg uvanleg ved at han bygde steinbygningar før jordbruket var introdusert og er ein mogeleg forgjengar til byggjarane av dei første neolittiske busetnadane i regionen, og som kan ha vore dei tidlegaste i verda. Det er ingen bevis på bevisst kultivering av frø, men folkesetnaden nyttiggjorde seg mest truleg ville vekstar. Dei jakta mellom anna gaseller. Denne kulturen var ein etterfølgjar av Kebarakulturen.

Professor Ofer Bar-Yosef ved Harvard University meiner at den natufiske kulturen, med den faste busetnaden sin og eksperimentering med ville kornvekstar, representerer eit «point of no return» på vegen mot jordbruk.[2]

Natufisk kultur oppstod på slutten av den eldre steinalderen eller det som vert kalla for paleolittisk tid, omtrent 12 300 fvt. i høve karbondatering med C14-metoden. Klimaet i Levanten var på denne tida langt fuktigare enn det tørre ørkenklimaet som rår i dag. Meir nedbør gav opphav til opne skogar på Karmelberget og på høglandet. Kulturen bestod fram til innleiinga av ein tørrare periode omkring 10 800-talet fvt. – det såkalla yngre dryas. Då vart han avløyst av ein sein-natufisk periode (10 800–9 600 fvt.) med oppløysing av landsbylivet, inntil det igjen skjedde ei sterk folkeauge og jordbruksutvikling gjennom den neolittiske perioden i både denne og meir austlege delar av Den fruktbare halvmånen.

Arkeologisk utgraving[endre | endre wikiteksten]

Spreiinga av den natufiske kulturen og markering av funnstader.

I løpet av byrjinga av 1900-talet undersøkte arkeologar fleire buplassar og graver rundt Karmelfjellet og på det palestinske høglandet. Den britiske arkeologen Dorothy Garrod ved Cambridge University identifiserte i 1928 ein eigen førhistorisk steinalderkultur som blei kalla «natufisk» etter funnstaden. Ho grov òg ut funnstaden El-Wad på Karmelfjellet, ein imponerande natufisk gravstad med nesten 100 graver, hovudsakleg individuelle.[3]

Funn av sigdar og kvernsteinar overtydde Dorothy Garrod til å lansere teorien sin i 1932 om at den natufiske kulturen var den første jordbrukskulturen i verda, men det var for raskt. Ein meir forsiktig teori er at menneska her samla ville kornvekstar, som det fanst rikelege mengder mengder av i skogane rundt. Dei jaga òg ville dyr, framfor alt gasellar, og fanga sjøfugl og fisk.

Spor av denne kulturen har òg blitt gjort på andre stader i Jordandalen, til dømes Ain Mallaha og Nahal Oren. Ain Mallaha vart graven ut av franskmannen Jean Perrot frå 1954 og har gjeve viktige funn av kornsigdar og bustadhus. Ein annan, heilt samtidig natufisk bustad 20 km lenger sørvest – HaYonimgrotta – vart graven ut av amerikanaren Ofer Bar-Yosef frå 1964, og gav liknande funn av kornsigdar.[4]

I seinare tid spreidde kulturen seg òg nord for Syria og vestover mot middelhavskysten.

Steinalderkultur med faste buplassar[endre | endre wikiteksten]

Dei natufiske buplassane er av dei tidlegaste teikna på menneska sin overgang til eit bufast liv. Hyttene hadde ein grunn av stein og overbygning av tre og siv, markert av stolpehol. Gravene låg rundt husa på buplassen. Blant dei arkeologiske funna finst smykke av snigelhus, bein og perler i tillegg til dyre- og menneskehovud gjort i bein og stein. Obsidian, ein svartskinande vulkansk bergart frå Anatolia og skal frå skaldyr som levde i Nilen, tyder på handelskontakt langt unna. Steinverktøy i form av økser, sigdar og kvernsteinar er òg funne under utgravingane.

Domestisering av hund[endre | endre wikiteksten]

Det er ved natufiske funnstader at ein har nokre av dei tidlegaste arkeologiske bevisa for domestisering av hunden.[5] Ved den natufiske funnstaden i Ein Mallaha i Israel, datert til 12 000 fvt. er det funne leivningar av eit eldre menneske og ein fire til fem måneder gammal kvalp som er blitt gravlagde saman. Ved ein annan stad i ei grotte ved Hayonim er menneske funne gravlagde saman med to hundedyr.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «natufian». Store norske leksikon (på norsk). 24. oktober 2018. 
  2. Steven Mithen, After the Ice: A Global Human History 20,000-5,000 BC, Phoenix, London 2003, side 29. ISBN 0-75381-392-0.
  3. Steven Mithen, After the Ice: A Global Human History 20,000-5,000 BC, Phoenix, London 2003, side 32. ISBN 0-75381-392-0.
  4. Steven Mithen, After the Ice: A Global Human History 20,000-5,000 BC, Phoenix, London 2003, side 30-32. ISBN 0-75381-392-0.
  5. Clutton-Brock, Juliet (1995), «Origins of the dog: domestication and early history», i Serpell, James, The domestic dog: its evolution, behaviour and interactions with people, Cambridge: Cambridge University Press, ISBN 978-0-521-41529-3 
  6. Clutton-Brock, Juliet (1995): «Origins of the dog: domestication and early history», i Serpell, James: The domestic dog: its evolution, behaviour and interactions with people. Cambridge: Cambridge University Press. ISBN 0521415292.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]